perifrastisk konstruksjon (språkvitskap)

Artikkelstart

Perifrastisk konstruksjon er ein grammatisk konstruksjon som består av fleire ord. Nokre døme på dette er den samansette verbforma har sett, komparativkonstruksjonenmeir interessant og preposisjonsfrasentil Peter i ein eigedomskonstruksjon som hesten til Peter.

Faktaboks

Uttale
perifrˈastisk verbalform
Etymologi

av gresk períphrasis (περίφρασις) 'omskriving av eit uttrykk'

Perifrastiske konstruksjonar består av eitt eller fleire grammatiske ord knytt til eit leksikalsk ord. Grammatiske ord uttrykkjer grammatiske forhold, mens leksikalske ord er substantiv av typen hus, skog, elg, jente, adjektiv som stor, god, venleg, adverb som ofte, her, no, vekk og verb som ete, sjå, tenkje, gråte.

  • I konstruksjonen har sett er hjelpeverbet har eit grammatisk ord og hovudverbet sett eit leksikalsk ord.
  • I konstruksjonen meir interessant er adjektivet meir eit grammatisk ord som uttrykkjer komparativ, og adjektivet interessant eit leksikalsk ord.

Perifrastiske konstruksjonar svarer ofte til bøyingsformer i andre språk – eller i det same språket:

  • Dei norske uttrykka meir interessant og mest interessant er perifrastiske konstruksjonar. På norsk brukar vi perifrastiske konstruksjonar for å uttrykkje komparativ og superlativ av relativt lange adjektiv og bøying for å uttrykkje det same ved relativt korte adjektiv – jamfør finare og finast.
  • Den norske preposisjonsfrasen til Peter i nomenfrasen hesten til Peter er ein perifrastisk konstruksjon som svarer til eit substantiv i genitiv i mange andre språk – jamfør latin equus Petri 'hesten til Peter', der Petri er genitiv av Petrus 'Peter'.
  • Den engelske nomenfrasen the horse er ein perifrastisk konstruksjon er determinativet (den bundne/bestemte artikkelen) the er eit grammatisk ord som uttrykkjer det same som bøyingsendinga -en i hesten på norsk.
  • haitisk er te fè, som tydar 'gjorde', ein perifrastisk konstruksjon med det grammatiske ordet te, som uttrykkjer preteritum, og det leksikalske verbet 'gjere'. Partikkelen te uttrykkjer det same som eit preteritumssuffiks på norsk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg