Artikkelstart
Torkell Mauland var lærar, lokalhistorikar og folkeminnegranskar. Han skreiv om hekseprosessar, prestar og lensmenn i Rogaland.
Torkell Mauland var lærar, lokalhistorikar og folkeminnegranskar. Han skreiv om hekseprosessar, prestar og lensmenn i Rogaland.
Torkell Mauland var fødd i Time i Rogaland og døydde i Asker i Akershus (no Viken). Han var odelsgut, men valde lærarvegen. Knapt konfirmert gjekk han lærarlærlingskule hos klokkar Velle Vellesen i Time og vart 15 år gamal lærar i bygda ved den udelte omgangsskulen i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans, og Mauland vart seinare ein trufast brevven til Garborg.
Mauland gjekk Holt seminar i 1867–1869, møtte Hans Ross og fekk eit klarare syn på kor viktig den nasjonale reisinga var. Han lærte seg gamalnorsk for å få eit historisk perspektiv på det norske språket og skreiv i 1871–1873 artiklar på landsmål i Garborgs Lærerstandens Avis. Frå 1869 var han lærar i Høyland og i 1872–1875 i Stavanger.
I 1875–1891 var han rektor ved den ambulerande amtsskulen i Ryfylke, der han hadde Rasmus Løland som elev og gav han dei to–tre timane med opplæring i landsmål. Dette var den einaste landsmålsundervisninga Løland fekk i livet. Mauland underviste så eitt år i norsk på Klæbu seminar, var lærar og klokkar i Aure i 1892–1997 og i 1898–1913 lærar i folkeskulen i Kristiania, det meste av tida på Lilleborg skole. I 1903–1916 var han òg kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i Kristiania.
I 1912 flytta han til Sætre i Heggedal i Asker, til eit gardsbruk han hadde kjøpt. Han sa opp lærarstillinga og konsentrerte seg no om bygdehistorie. Frå 1914 fekk han statsstipend. Han arbeidde i Riksarkivet med materiale frå Rogaland, og i 1916 gav han ut Trolldom, ei bok om hekseprosessar i Rogaland. I 1917 kom Prestarne paa Lye, og posthumt i 1925 Or soga um Jelsa-prestarna. Posthumt kom òg Lensmenner i Rogaland (1924–1926) og dei tre banda Folkeminne fraa Rogaland (1928–1935).
Mauland var vararepresentant til Stortinget for Venstre i 1886–1888. Han sat i styret for Det Norske Samlaget i 1906–1916. For Samlaget omsette han Nyskogborni av Frederick Marryat og Ivanhoe av Walter Scott, gjekk igjennom innsende manuskript og hjelpte Alexander Seippel med språket i bibelomsetjingane hans. «Eg hev lært meir av det enn av heile mi skulegonga», skreiv han om samarbeidet med Seippel. Han omsette òg skulebøker frå dansk-norsk til landsmål.
I 1918 vart han utnemnd som heiderslagsmann i Samlaget. I 1948 avduka Rogaland Historielag ei byste av Mauland på Bryne i Time. Bysta er forma av bilethoggaren Erik Haugland.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.