Norsk omsetting ved Ulf Gleditsch
I serien Nye-10-på-topp-bøkene frå forlaget IWT.
Norsk omsetting ved Ulf Gleditsch
Lisens: CC BY SA 3.0
Omsetting ved Nancy Kobro
Aschehoug 1983-utgåva
Omsetting ved Nancy Kobro
Lisens: CC BY SA 3.0

Ivanhoe er ein roman (1819) av Walter Scott; ein av dei aller mest kjente og populære av dei mange historiske romanane han skreiv. Handlinga går føre seg i England i korsfarartida, rundt år 1200, og er basert på konflikter mellom angelsaksar og normannar under Kong Rikard I (Løvehjerte).

Faktaboks

Uttale
ˈaivənhou
Forfattar
1660

Hovudperson er adelsmannen og riddaren Wilfred av Ivanhoe, som har vore på korstog saman med kongen. Han reiser saman med gjetaren Gurth og narren Wamba. Dei kvinnelege hovudrollene har Lady Rowena, som Ivanoe til slutt gifter seg med, og jødinna Rebecca, som pleier han når han vert skadd i ei turnering. Rebecca blir dømt til heksebålet, klaga for å ha forført ein tempelriddar som lenge har jakta på henne, men blir redda av Ivanhoe som kjempar for hennar ære.

Omlag tretti år etter Scott skreiv William Thackeray sin eigen roman om dei same personane, ein satirisk versjon med tittelen Rebecca and Rowena (1850), der rollene blir bytta om.

Like kjent som Ivanhoe sjølv er bifiguren Robin Hood (Locksley) med sine lystige menn, mellom dei Broder Tuck. Scott var inspirert av tidlegare fortellingar om denne legendariske figuren, som er nemnt alt i William Langland sin Piers Plowman på slutten av 1300-talet. I Walter Scott sin versjon stel han frå dei rike for å gje til dei fattige og er ein lettlynt og godhjerta fredlaus.

Ivanhoe har vore omsett til norsk mange gonger og har også vore adaptert for film og fjernsyn igjen og igjen (sjå artikkelen om Walter Scott).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg