Faktaboks

Frederick Marryat
Uttale
'mæriət
Fødd
10. juli 1792, London, England
Død
9. august 1848, Langham, Norfolk, England
Frederick Marryat

Frederick Marryat var ein engelsk forfattar av barnebøker og sjøfortellingar i første halvdel av 1800-talet.

Den mest kjente boka hans i dag er Barna i Nyskogen (The Children of the New Forest, 1847) som er ein historisk roman frå borgarkrigen to hundreår før. Ho handlar om ein familie med foreldelause born som må greie seg sjølv i huset i skogen.

Sjøkaptein

Marryat hadde omlag 25 år teneste i marinen, frå 1806 til 1830. Han var berre ein fjortenårig kadett då han begynte, men enda som kaptein, og var ofte i farlige oppdrag i Napoleonskrigane og seinare. Dette er grunnen til at forfattarnamnet hans var Kaptein Marryat. Han er også kjend for å ha laga eit signalflaggsystem, som går under namnet Marryat-koden, og ei bok om denne vart tidleg omsett til norsk.

Sjøromanane er ofte farga av Marryats eigne erfaringar, og den første var The Naval Officer i 1829. Dei mest kjente i denne sjangeren er Peter Simple (1834), Jacob Faithful (1834), Mr. Midshipman Easy (1836), og Percival Keene (1842).

Skrivande born

Då sjøkarrieren var over, gjekk Marryat over til eit nytt yrke som forfattar, og gav ut omlag tjuefem bøker mellom 1829 og 1848, då han døydde. Tre av dei elleve borna hans blei også forfattarar, døtrene Augusta, Emilia og Florence skreiv fortellingar og romanar, og sonen Francis skreiv ferdig farens siste, ufullførte bok. Men det var særleg Florence som vart mykje lest og omsett til andre språk på 1870-90 talet, og ho skreiv også ein biografi over faren.

Omsettingar til norsk

Barna i Nyskogen
Aschehougs 1952 utgåve ved Haakon Halvorsen.
Barna i Nyskogen
Lisens: CC BY SA 3.0

Romanane til Marryat har vore svært mykje lest på ulike språk sidan dei kom ut. Dei fleste titlane har kome på norsk minst ein gong, og mange har har kome i forkorta og illustrerte utgåver for unge lesarar.

Nokre av dei eldste og nyaste utgåvene kan tene som ein smakebit på denne omsettingshistoria.

  • 1855 Captein Marryat's Signalbog for alle Nationers Kjøbmansskibe, ved L. Johannessen (på engelsk 1817).
  • 1888 De tre kuttere (The three cutters, 1836), ved H.C. Hansen
  • 1890 Percival Keene, ved Th. Blakstad
  • 1906 Rudningsmennerne i Kanada (The Settlers in Canada, 1844)
  • 1988 Nybyggerne i Canada, ved Thor Solberg
  • 1995 Peter Simple, ved Ingeborg Grieg
  • 2016 Barna i Nyskogen ved Marianne Uthaug (fullstendig utgåve)

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg