Faktaboks

Etymologi

Norrønt frón ‘land, jord’ eller avleiing til elvenamnet Frya

Landareal
712 km²
Innbyggertall
3064 (2022)
Administrasjonssenter
Hundorp
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Målform
nøytral
Kommunenummer
3438 (frå 01.01.2020, tidlegare 0519)
Høyeste fjell
Blåkollen (1580 moh.)

Kommunevåpen

Gudbrandsdalslågen

Flyfoto tatt sørover dalen ved Hundorp. I det fjerne kan ein skimte Ringebu.

Av /NTB Scanpix ※.
Sør-Fron kyrkje

Gudbrandsdalen skal ha fått namn etter Dale-Gudbrand, som var busett her på Hundorp i Sør-Fron. Her er dalen brei, med fleire store gardar. Sør-Fron kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1792.

Artikkelstart

Sør-Fron er ein kommune i Innlandet fylke, i midtre delen av Gudbrandsdalen. Sør-Fron omfattar hovuddalen i ei lengd av tolv kilometer mellom Ringebu og Nord-Fron, og dessutan fjellområda tre til fire mil til kvar side.

Mot nord strekker Sør-Fron seg gjennom søraustre delen av Rondane til Atnsjøen, mot sør og vest til Gausdal og Øystre Slidre. Nord-Fron og Sør-Fron utgjorde før 1851 og i perioden 1966–1977 éin kommune, Fron.

Natur

Berggrunnen er samansett av skifrig og kalkhaldig sparagmitt i dalsidene, dekt av morenejord og kvartsitt og fyllittisk skifer inne på fjellvidda. Det er grus- og sandavleiringar i dalbotnen. Dalane kan vere til dels djupt nedskorne med rik flora. Store delar er høgfjellsområde, som når over 1500 meter over havet både i sør (Nordre Langsua, 1553 meter over havet) og nord (Blåkollen 1580 meter over havet). I alt 65 prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Langs Lågen er det store våtmarksområde. Håkåseter naturreservat (barskog), Hundorp naturreservat (våtmark) og søre delen av Rondane nasjonalpark ligg i kommunen.

Befolkning og busetnad

Tettast busetnad finst langs Lågen. Her ligg administrasjonssenteret Hundorp og dei mindre tettstadene Harpefoss og Lia. I nokre av sidedalane er det også ein del busetnad, likeins i Espedalen. Folketalet har vore svakt minkande sidan 1980-talet, men har stabilisert seg i seinare år. I tiårsbolken 2009 til 2019 gjekk folketalet attende med 1,8 prosent.

Næringsliv

Fronsbygda
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Næringslivet i kommunen er framleis prega av jordbruk og skogbruk. Den gjennomsnittlege bruksstorleiken er den største i Gudbrandsdalen. Jordbruket har hovudvekt på eit fleirsidig husdyrhald. Der jorda er god nok, blir det drive jordbruk opp til skoggrensa.

Viktigaste industrigreiner er næringsmiddelindustri og møbelproduksjon. Ein del verksemder er basert på kunsthandverk. Reiselivet er ei næring i vekst.

Det er eit visst underskot på arbeidsplassar i kommunen, noko som resulterer i ei netto utpendling til andre kommunar på sju prosent (2018).

Sør-Fron er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 406 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er eitt kraftverk i kommunen: Harpefossen kraftverk (i drift frå 1965).

Samferdsel

Hovudtrafikken gjennom kommunen går langs Lågen (Dovrebanen og E6 Oslo–Trondheim). Fylkesveg 256 går frå Hundorp til Vinstra på sørsida (vestsida) av Lågen. Det er òg stor trafikk av turistar på eit godt utbygd nett av fjellvegar. Viktigast er fylkesveg 255 gjennom Espedalen og Peer Gynt-vegen frå Svingvoll til Espedalen forbi høgfjellshotell og store setergrender.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sør-Fron høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Midt-Gudbrandsdal regionråd saman med Nord-Fron og Ringebu.

Sør-Fron kommune svarer til sokna Sør-Fron i Sør-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sør-Fron til Søndre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sør-Fron

For statistiske formål er Sør-Fron kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 20 grunnkrinsar:

  • Solsida: Søre Øverbygda, Midtre Øverbygda, Nordre Øverbygda, Midtbygda, Nerbygda, Breivegen, Ryssland, Harpefoss, Østkjølen
  • Baksida: Nordre Skurdal, Baukhol, Søre Skurdal, Nordre Lia, Vollane, Vestre Søre Lia, Østre Søre Lia, Espedalen, Lauvåsen, Børkdalsvatna, Agnsjø

Historikk og kultur

Olavshaugen
Olavshaugen på Hundorp gard med bautaen over Olav Haraldson.

Sør-Fron kyrkje, også kalla Gudbrandsdalsdomen, er ei åttekanta steinkyrkje oppført i åra 1786–92. Garden Hundorp nær kommunesenteret skal ha høyrt til den mektige hovdingen Dale-Gudbrand på 1000-talet. Garden ligg midt i eit felt av store gravhaugar frå jernalderen, opphavleg med fem gravhaugar. Dale-Gudbrand er nemnd i sagaen om Olav den heilage i Heimskringla. Sagaen skildrar eit møte mellom Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand og andre lokale bønder i 1021, som skal ha vore starten på innføringa av kristendomen i Gudbrandsdalen.

Lokalavisa Dølen dekkjer kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Ho kjem ut ein gong i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk. Også Dagsavisa Gudbrandsdølen Dagningen, som kjem ut i Lillehammer, dekkjer nyhende frå Sør-Fron.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1988) har ei skråstilt klubbe i sølv mot ein grøn bakgrunn. Dette viser til historia om Kolbein Sterke.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron: Sør-Fron, 1973. Les boka på nb.no
  • Kleiven, Ivar: Fronsbygdin : gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1930. Les boka
  • Sveipe, Even: Fron-slekter, 1949. Les boka
  • Øvrelid, Ragnar: Historia om Fron, 1987–91, 2 bind. Les bøkene

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg