Faktaboks

Innbyggjartal
311 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
1592 Harpefoss

Harpefoss er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 311 innbyggjarar (2023).

Harpefoss ligg i Gudbrandsdalen, ved E6, Dovrebanen og fossen Harpefoss i Gudbrandsdalslågen. Fossen er utbygd i Harpefossen kraftverk. Over fossen fører vegbru. Frå Harpefoss går veg til Peer Gynt-vegen ved Gålå og om sumaren til Fefor og Espedalen i sørvest og Skei i søraust.

Namnet. Fyrste ledd er kanskje elvenamnet Harpa, av norrønt harpa, «spele på harpe», og har i så tilfelle samanheng med at fossegrimen brukte å spele harpe; men namnet kan òg ha samanheng med verbet harpa, «knipe saman»; lokalt vart fossen kalla Haltfossen i tidlegare tider.

Kart

Harpefoss
Harpefoss
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg