Vinstra

Artikkelstart

Vinstra er ein tettstad i Nord-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,1 km², og har 2678 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
2678 (SSB, 2021)
Landareal
3,1 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
1571 Vinstra

Vinstra er administrasjonssenter i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Staden har bystatus frå 1. september 2013.

Vinstra har utvikla seg til eit handels- og sørvisentrum for dei midtre delane av Gudbrandsdalen, og har stor turisttrafikk. Det finst ein del industri, mellom anna betong- og sementvarefabrikk og treindustri og mølle. Fleire verksemder har utspring i rike handverkstradisjonar, mellom anna møbelproduksjonen. Vinstra vidaregåande skule har i tillegg til studiespesialisering òg handverks- og industrifag, musikk, dans og drama og landsline for folkemusikk.

Sødorp kyrkje er frå 1752. Ved Vinstra er det funne fleire helleristningar frå steinalderen. Peer Gyntgården, Hågå, har 15 gamle hus. Minnesteinen over Per Gynt, Peder Olsen Hågå, er reist på Sødorp gamle kyrkjegard. Det blir arrangert eit årleg Peer Gynt-stemne med mellom anna teateroppsetjing av Henrik Ibsens Peer Gynt i friluft.

Gjennom Vinstra går Dovrebanen og E6. Frå Vinstra går Peer Gynt-vegen over Gålå til Lillehammer og Peer Gynt seterveg via Rondablikk til Kvam. Vestover går Fv. 255 gjennom Skåbu via Espedalen til Lillehammer.

Kart

Vinstra
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg