Robinson Crusoe. Teikning på tittelbladet av førsteutgåva av Daniel Defoes roman frå 1719. British Museum i London.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Robinson Crusoe er hovudpersonen i Daniel Defoes berømte roman frå 1719 med same namn.

Faktaboks

Uttale
rˈobinson crusoe
Forfattar
1214

Historia om mannen som leid skipbrot og måtte klare seg på ei ukjend øy, har blitt ein litterær klassikar. Hovudpersonen Robinson Crusoe og følgjespersonen og tenaren hans, Fredag, er to av dei mest kjende karakterane i litteraturhistoria. Det har blitt gitt ut mange utgåver av boka tilpassa yngre lesarar, og det er ei av dei mest kjende barnebøkene i verda.

Robinson Crusoes evne til å klare seg under primitive forhold er det som har gjort boka legendarisk, og namnet til realityserien Robinsonekspedisjonen speler på nettopp dette. Men forfattaren hadde òg andre siktemål med boka. Defoe ville skildre eit menneske som blir drive fram til å tru på Gud. Medan Defoe sjølv vektla det religiøse perspektivet, har litteraturhistorikarar lese boka som eit tidleg døme på den realistiske romanen og spesielt lese henne i lys av Storbritannias imperialisme og kolonialisme, noko som pregar møtet med kannibalane og relasjonen til Fredag.

Samandrag

Robinson Crusoe trassar åtvaringane får faren sin og forlèt England for å freiste lykka til sjøs. Etter eit skipbrot hamnar han på ei ukjend øy ved kysten av Sør-Amerika. På øya lærer Crusoe gradvis korleis han skal meistre omgivnadene sine gjennom tolmodig og systematisk arbeid, og han går gjennom ei religiøs vekking.

Crusoe er på øya i 15 år før han ser spor av menneske, og han bli etter kvart vitne til kannibalistiske ritual. Seinare reddar Crusoe ein innfødd frå kannibalane. Sistnemnde får namnet «Fredag» og blir deretter Crusoes trufaste tenar. Crusoe lærer Fredag at hans namn er «Master». Etter 28 år blir Crusoe redda av eit spansk skip. Nye eventyr følgjer på heimreisa til England, der Crusoe etablerer seg som ein velståande og respektert borgar.

Inspirasjon og etterfølgjarar

Defoe lét seg inspirere av mange reiseskildringar frå samtida, blant andre den skotske styrmannen Alexander Selkirk (1676–1721) sine opplevingar då han i 1704–1709 var stranda på ei aud øy i Juan Fernandez-gruppa ved kysten av Sør-Amerika.

Defoe skreiv sjølv to bøker til om Crusoe. Allereie i 1719 kom The Farther Adventures of Robinson Crusoe, og det neste året publiserte han Serious Reflections During the Life and Surprising Adventures of Robinson Crusoe: With his Vision of the Angelick World.

Robinson Crusoe har inspirert ei rekkje forfattarar. I 1731 publiserte Johann Gottfried Schnabel (1692–1758) Die Insel Felsenburg og lanserte sjangeromgrepet «robinsonade» for forteljingar (slik som hans eiga) som bruker Defoes roman som førelegg. Seinare har det kome talrike etterlikningar på mange språk.

Trenden med å tilpasse romanen for eit yngre publikum starta med Joachim H. Campes Robinson der Jüngere (1779), og det har blitt gitt ut mange slike tilpassa utgåver. 300 år etter utgivinga av romanen er Robinson Crusoe ei av dei mest populære barnebøkene i verda. Der schweizerische Robinson (1812) (norsk omsetjing: Den sveitsiske familien Robinson, 1892) av Johann David Wyss (1743–1818) er ein av dei første robinsonadane som omformulerer historia til eit sosialt eksperiment. På norsk kom Oluf Vilhelm Falck-Ytters Haakon Haakonsen: en norsk Robinson i 1873.

Også i moderne tid har Defoes roman inspirert ei rekkje kunstnarar. Blant dei mest kjende er Luis Buñuels film Robinson Crusoe (1954), Derek Alton Walcott med fleire dikt i The Castaway, and Other Poems (1965), Michel Tournier med romanen Vendredi ou les limbes du Pacifique (1967) (norsk omsetjing: Fredag, eller Gjenfødelsen, 1984), Elizabeth Bishops dikt «Crusoe in England» (1971), John Maxwell Coetzees roman Foe (1986) og Robert Zemeckis' film Cast Away (2000).

Litterær kritikk og analyse

Robinson Crusoe blei ikkje oppfatta som høgverdig litteratur i si eiga samtid, men oppnådde raskt gode salstal, og boka blei dei neste åra gitt ut i mange opplag. Sjølv om dei første lesarane av teksten tolka henne som ei sjølvbiografisk reiseskildring, har seinare kommentatorar sett på henne som eit viktig og tidleg døme på romanen i Storbritannia. Defoe var rett nok ikkje først ute med å skrive ein roman: Aphra Behn var til dømes med på å bane vegen, og det same var Henry Fielding, Samuel Richardson og andre forfattarar på 1700-talet.

Men Robinson Crusoe var ein ny type tekst. Romanen kombinerer fleire sjangrar, inkludert reiseskildringa og oppbyggjeleg, religiøs vedkjenningslitteratur. Teksten blei då også vanskeleg å handtere for samtidige. Rett etter utgivinga hevda Defoes landsmann og skribent Charles Gildon (1665–1724) at Crusoe-figuren var ein umogleg og omskifteleg karakter, og seinare fortolkarar har då også lansert temmeleg motstridande lesnader. Medan Jean-Jacques Rousseau beskreiv Robinson Crusoe som ideell lesnad for ein ung mann som skulle lærast opp i naturleg omgang med omgivnadene sine, brukte Karl Marx teksten som ein kontrast til kapitalistisk vareøkonomi i boka Kapitalen. I 1912 påstod James Joyce at romanen måtte forståast som eit tidleg uttrykk for britisk imperialisme, og seinare har det blitt vanleg å vektleggje kolonialismen som kontekst.

Det har vore noko usemje om teksten må tolkast realistisk, eller om han tvert imot – som Defoe sjølv hevda i Serious Reflections – må få ei allegorisk tolking. I tillegg til vektlegginga av korleis boka føregrip kolonialismen til det britiske imperiet, har nyare tolkingar lagt vekt på Defoes samtid og korleis teksten må forståast ut frå hans utsette posisjon som ein marginalisert puritanar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Defoe, Daniel (1975) Robinson Crusoe: An Authoritative Text, Contexts, Criticism, andre utgåve, redigert av Michael Shinagel. New York: Norton. ISBN: 0-393-96452-3.
  • Paulin, Tom (2005). Crusoe’s Secret: The Aesthetics of Dissent. London: Faber and Faber. ISBN: 978-0-571-22116-5.
  • Furbank, Philip Nicolas & Owens, W. R. (Bob) (2005). A Political Biography of Daniel Defoe. London: Routledge. ISBN: 978-1851968107
  • Watt, Ian (2015). The Rise of the Novel: Studies in Defoe, Richardson and Fielding. London: Bodly Head (1957). ISBN: 978-1847923851.
  • Keymer, Thomas (2007). «Introduction», i Daniel Defoe, Robinson Crusoe, red. Thomas Keymer. London: Oxford University Press. ISBN: 978-0-19-955397-6.
  • Phillips, Richard (1996). Mapping Men and Empire: Geographies of Adventure. Manchester: Routledge. ISBN: 978-0415137720.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg