Hjuksebø
Hjuksebø er eit jernbaneknutepunkt; her tek Tinnosbanen til Notodden av frå Sørlandsbanen. Tog på Sørlandsbanen og tog Porsgrunn-Notodden (Bratsbergbanen/Tinnosbanen) passerer Hjuksebø, men utan stopp.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Hjuksebø er ein tidlegare jernbanestasjon på Sørlandsbanen og Bratsbergbanen i Notodden kommune, Telemark. Hjuksebø ligg 157 moh. i ei bratt li på austsida av Heddalsvatnet. Grenda Hjukse ligg nedanfor stasjonen, ved utløpet av Hjukseelva.

Bratsbergbanen går saman med Sørlandsbanen mellom Hjuksebø og Nordagutu.

Fram til 2020 hørte Hjuksebø til Sauherad kommune.

Namnet kjem truleg av eit eldre elvenamn, Hjuksa, med uviss tyding; kan vera aveliing av norrønt hǫgg og siktar da til elveløpet gjennom trange juv.

Kart

Hjuksebø
Hjuksebø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg