Hans Sande

Faktaboks

Hans Sande
Født
20. desember 1946, Bergen, Vestland
Av /Cappelen Damm.

Artikkelstart

Hans Sande er ein norsk psykiater, biletkunstnar og forfattar som har skrive fantasifulle og leikne bøker for både barn og vaksne.

Bakgrunn

Hans Sande er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han gjekk naturfaglinja ved Bergen Katedralskole og tok examen artium i 1967. I åra 1967 til 1974 studerte han medisin ved Universitetet i Bergen. Han tok spesialistutdanning i psykiatri ved Psykiatrisk klinikk, Innherred sjukehus i 1982 til 1984 og ved Åsgård sjukehus i 1984 til 1987.

Sande var tilsett som lege ved Valen sjukehus frå 1976 til 1987 og ved Orkdal sjukehus i 1978. Åra 1987 til 1997 arbeidde han som overlege ved Åsgård sjukehus. Frå 1992 til 1997 var han leiar for psykososialt team for flyktningar i Helseregion 5 (no Helse Nord). Sande har skrive fleire fagartiklar for psykiatriske tidsskrift. Frå 1997 har han vore forfattar og kunstar på heiltid.

Forfattarskapen

Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime. I 1972 gav han ut den første barneboka, diktsamlinga Lita grøn grasbok. Til saman har han gitt ut over 50 skjønnlitterære bøker – dikt, romanar, noveller og barnebøker i alle kategoriar. Trastedikt (1977), Plommetreet (1984), Sprekk (2001) og Slepe rundt på døde dyr (2009) er andre sentrale titlar i forfattarskapen.

Gjennom dei skjønnliterære bøkene rettar Sande kritikk mot religiøse autoritetar og dogme, men òg mot dobbeltmoral og alle former for undertrykking. Sande har òg skrive for teaterscena. I tillegg har han laga mange vise- og rocketekstar og vore tekstforfattar og vokalist i viserock-grupper.

Skrivestil

Bøkene til Sande har mange karnevalistiske trekk. Som karnevalet er bøkene hans fylte av folkeleg humor, galskap og skråblikk på verda slik vi kjenner henne. I romanane Fiskepuddingen Pim (1982) og Fiskepuddingen Pim på nye sprell (1992) opplever lesarane fantasifulle sprell frå fiskepuddingen sin ståstad.

Sande nyttar det karnevalistiske til å parodiere høgkulturen og ta inn uttrykk frå folkespråket. Språket hans er munnleg, og han bruker parodi og originale ordspel. Nynorsken hans opnar for dialektord, og med stor kreativitet skaper han heilt nye ord og uttrykk. Slike grep gjer bøkene hans fantasifulle og fargerike, samtidig som dei utfordrar etablerte normer. Som Aasmund Olavsson Vinje og Kjartan Fløgstad står han i ein nynorsk tradisjon der språket og satiren er i opposisjon til både makthavarar og rådande oppfatningar i samfunnet.

Romanen Sprekk (2001) er eit klart døme på det karnevalistiske i Sande si dikting. Her er språket poetisk og surrealistisk, og humoren burlesk. Boka er full av assosiasjonar, tankesprang og språkleg villskap og leik. Sjølv om ho er full av skarp ironi, byr ho òg på forsonande humor.

Barnelitteratur

Sande har gått sine eigne vegar og skriv annleis enn dei fleste samtidige barnebokforfattarar. Han har vore oppfatta som både provokatør og uromoment heilt sidan han gav ut barnediktsamlinga Lita grøn grasbok i 1972.

Humor, nonsensvers og eit munnleg og utradisjonelt språk er Sande sine mest brukte verkemiddel. Her plasserer han seg i ein moderne barnelitterær tradisjon, der barneboka er nærmare barnet enn dei vaksne. Meir provoserande var dei politiske vinklingane i dei tidlege barnebøkene. Han hadde referansar til bombinga av sivile under Vietnamkrigen i Lita grøn grasbok og tematiserte tilhøvet mellom natur og sivilisasjon i Trastedikt (1977).

Det realistiske vert utfordra og problematisert mellom anna ved at forfattaren bryt ned skilja mellom draum og røyndom og mellom ei ytre og ei indre verd, som i biletboka Plommetreet frå 1984. I denne boka er konflikten mellom barn og foreldre eit sentralt tema, slik det også er i fleire andre av barnebøkene hans, til dømes Frosken (2003).

Biletkunstnar og skulptør

Også som biletkunstnar og skulptør er Sande utradisjonell og karnevalistisk i uttrykket. Han har illustrert mange av bøkene sine sjølv og har arbeidd med teknikkar som oljemåling, strekteikning, broderi og fotografi. Som skulptør arbeider han i fleire typar materiale.

Sande har hatt fleire separatutstillingar. «Brest i bringo» (2007, i Galleri Giga i Leirvik) var ei utstilling av torsoar i tre, bly, kopar og messing. Om lag 40 av treskulpturane frå utstillinga «Kjælne kjevler» vart fotograferte av Tor Fretheim og samla i den skjønnlitterære kunstboka Kjælne kjevler og tomme hender i 2008. Den same fotografen bidrog i 2012 til å lage kunstboka I dag såg eg to spadar, med fotografi frå ei utstilling med skulpturar i tre og jarn, som mellom anna vart vist under Poesidagane i Ulvik i 2010. Same året var Sande utstillar med måleri og skulpturar under barnebokfestivalen FalturiltuStord.

Utmerkingar

I 1969 fekk Sande Tarjei Vesaas' debutantpris for Strime. Saman med Olav Hagen fekk han i 1985 tildelt Kulturdepartementet sin biletbokpris. Same prisen fekk han òg i 2001 og 2007, begge gonger saman med Gry Moursund. Han fekk Blixprisen i 1993, Bokhandlarprisen i 2002 og Noregs Mållags litteraturpris i 2003. Han har òg vore nominert til Brageprisen.

Bibliografi

  • Skogkyss (Lyrikk, Gyldendal, 2016)
  • Kunsten å somle (Lyrikk, Gyldendal, 2015)
  • Forelska i Feisbukk (Billedbok, Cappelen Damm, 2014)
  • Blå øger kan isje lyge (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2013)
  • Lars på Mars (Barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • I dag såg eg to spadar (Lyrikk, Selja, 2012)
  • Arkimedes og snøballen (Barnebok, Gyldendal, 2012)
  • Pappa er sjørøvar (Barnebok, Cappelen Damm, 2011)
  • Hopp i havet, Elise! (Barnebok, Cappelen Damm, 2010)
  • Slepe rundt på døde dyr (Roman, Gyldendal, 2009)
  • Heilt konge (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 2009)
  • Då eg kom heim, var hesten borte (Billedbok, Cappelen Damm, 2008)
  • Gjer deg mjuk. Smyg deg inn (Lyrikk, Gyldendal, 2007)
  • Arkimedes i prompeland (Billedbok, Gyldendal, 2006)
  • Svart kalv@kvit snø (Ungdomsbok, Damm, 2006)
  • Smygar (Noveller, Gyldendal, 2004)
  • Arkimedes og rulletrappa (Billedbok, Gyldendal Tiden, 2002)
  • Eline og ulven (Barnebok, Damm, 2002)
  • Fuglejenta (Billedbok, Gyldendal Tiden, 2001)
  • Sprekk (Roman, Gyldendal, 2001)
  • Archimedes og brødskiva (Barnebok, Gyldendal Tiden, 2000)
  • Oldemor ligg i frysen. (Ungdomsbok, Gyldendal, 1998)
  • Elefantevangeliet. (Billedbok, Gyldendal Tiden, 1998)
  • Hjernegråt. (Roman, Gyldendal, 1997)
  • Nattbarnehagen. (Billedbok, Gyldendal, 1997)
  • Kyss ein bananfrosk! (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 1995)
  • Kom no, natt! (Billedbok, Gyldendal, 1994)
  • Tigeren talar tydeleg. (Lyrikk, Gyldendal, 1993)
  • Prinsen på erta og andre urolege nattpattedyr. (Noveller, Gyldendal, 1993)
  • Fiskepuddingen Pim på nye sprell. (Barnebok, Gyldendal, 1992)
  • Det hjertet som vi har, Som og er kjøtt. (Roman, Gyldendal, 1992)
  • Sprettert og eg. (Billedbok, Gyldendal, 1991)
  • Kneip. (Barnebok, Gyldendal, 1991)
  • Blåkvalens apostel. (Roman, Gyldendal, 1990)
  • Den dagen det regna kattungar. (Billedbok, Gyldendal, 1988)
  • Løvekyss. (Ungdomsbok, Gyldendal, 1987)
  • Vaksen kar rir ut i rim. (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 1985)
  • Plommetreet. (Billedbok, Gyldendal, 1984)
  • Prinsesse Bertas blanda drops. (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 1983)
  • Fiskepuddingen Pim. (Eventyr, Gyldendal, 1982)
  • Det kvite pulveret. (Barnebok, Samlaget, 1980)
  • Lebensraum. (Roman, Samlaget, 1980)
  • Trastedikt. (Lyrikk for barn og ungdom, Gyldendal, 1977)
  • Barn i byen (Barnebok, Samlaget, 1974)
  • Lita grøn grasbok. (Lyrikk for barn og ungdom, 1972)
  • Strime. (Lyrikk, 1969)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland: «Poesi og provokasjon. Hans Sande som barnebokforfattar», Navigasjoner i barne- og ungdomslitteraturen. Kristiansand 2011

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg