Poesifestivalen er ein poesifestival som har vore arrangert i Ulvik i Vestland sidan 2000.

Festivalen har som føremål å skape interesse for forfattarskapen til Olav H. Hauge og for lyrikk generelt. Målsetjinga er at Poesifestivalen skal etablere seg som den viktigaste festivalen i Noreg for lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

Bakgrunn

Poesifestivalen (tidlegare: Ulvik Poesifestival) vart etablert i 2000 som eit samarbeid mellom Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og Olav H. Hauge-stiftinga. Då Haugesenteret vart opna i 2014, som ein del av Nynorsk kultursentrum, overtok senteret ansvaret for Poesifestivalen. Sidan skipinga har festivalen normalt vore arrangert i byrjinga av september annakvart år. Dagleg leiar ved Haugesenteret er òg festivalleiar for Poesifestivalen.

Program

På festivalen kan publikum høyre nasjonal og internasjonal poesi av ulike slag, både originalverk og gjendiktingar. Festivalleiinga legg vekt på å presentere både nye og etablerte forfattarar. Samtidig tek festivalen eit særleg ansvar for å presentere lyrikk på nynorsk og dialekt, og vil stimulere til at fleire bruker nynorsk når dei skriv lyrikk.

Frå og med 2018 vert Olav H. Hauge-stipendet delt ut til ei ung stemme som har vist eit særleg poetisk talent. Prisen vert delt ut under opninga av Poesifestivalen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

  • Nettstaden til Poesifestivalen

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg