Av arbeidsplassane i Fræna var seks prosent sysselsett i primærnæringane, mot fire prosent i fylket samla sett (2019). I 2016 var den gjennomsnittlege storleiken på dyrka areal per landbrukseigedom i Fræna blant fylkets største, høvesvis 291 dekar i Fræna og 203 dekar i Møre og Romsdal.
Jordbruksarealet i Fræna utgjer i alt 53 300 dekar. Av dette er knapt 96 prosent eng til slått og beite og berre noko over fire prosent fer og hage (2016). Av åkerarealet blir nytta 83 prosent til korndyrking (2016). Dyrkingsjorda består av moldblanda sand og aur, og torvjord med lett tilgang på kalk som jordforbetringsmiddel. Det to kvadratkilometer store Hustadfeltet vart dyrka opp etter andre verdskrigen i samband med opninga av eit kalk- og marmorbrot. Klart viktigaste driftsform er mjølkeproduksjon, men det blir òg halde noko sau.
Fiskerinæringa er viktig. Flåten heimehøyrande i Fræna førte i land 11,6 tonn fisk til ein førstehandsverdi av 87,9 millionar kroner i 2015. Det blir likevel ført i land betydeleg større fangstar enn dette: totalt 40,3 tonn til ein førstehandsverdi av 297 millionar kroner (2015). Den naturlege hamna i Harøysund er sentral for fiskerinæringa.
Fræna har ein svært allsidig industri. Denne omfatta 17 prosent av arbeidsplassane i den dåverande kommunen i 2019, 27 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Viktigaste industribransjar er verkstadsindustri med 30 prosent av arbeidsplassane i industri (2015), og viktige bedrifter har vore Doosan Moxy AS og FrioNordica AS. Oljeraffinering/kjemisk/farmasøytisk industri (først og fremst Hustadmarmor AS), hadde 23 prosent av dei sysselsette innanfor industrien, og næringsmiddelindustri (fiskeforedling og meieri) hadde 28 prosent av arbeidsplassane i industrien i 2019. Endeleg hadde gummi-, plastindustri- og mineralsk industri åtte prosent, trelast-/trevareindustri åtte prosent og bergverksdrift (brot av kalkstein og marmor) to prosent av dei industritilsette i Fræna i 2019.
Av arbeidstakarar busette i Fræna hadde 48 prosent arbeid utanfor kommunen i 2019, 30 prosent i Molde og i alt seks prosent i nabokommunane Aukra, Eide, Gjemnes og Averøy på Nordmøre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.