Faktaboks

Innbyggjartal
332 (SSB, 2023)
Landareal
0,23 km²
Tettstadsnummer
6249 Sylte

Sylte er ein tettstad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,23 km², og har 332 innbyggjarar (2023).

Sylte har eit bustadfelt og nokre forretningar, og ligg ved utløpet av Sylteelva i Malmefjorden (Sylteosen), 5 kilometer aust for kommunesenteret Elnesvågen.

Namnet har samanheng med dialektordet sylt, sylte, «lita myr, sump», brukt om lågt, våtlendt land.

Kart

Sylte
Sylte
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg