Bjørnsund
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Bjørnsund er eit fiskevær og ei øygruppe i Hustadvika kommune (tidlegare i Fræna kommune) i Møre og Romsdal.

Dei små øyane ligg 5 kilometer utanfor Bud på nordvestspissen av Romsdalshalvøya. Øyane er låge og skoglause. Det høgaste punktet er 27 meter over havet på Bjørnøya lengst i sør.

Dei sentrale øyane i høvesvis Nordre og Søndre Bjørnsund er knytte saman med moloar og bruer. Nordre Bjørnsund er knytt saman med to andre fråflytta øyar, Hammarøya og Moøya. Søndre Bjørnsund er knytt saman med Kuholmen og to andre mindre, fråflytta øyar.

Været blei fråflytta i 1971, og busetnaden blir i dag brukt som feriestad. Det blir også drive leirskule her. Staden har eit minnesmerke over omkomne fiskarar. Bjørnsund fyr står på Moøya i nord.

Kart

Bjørnsund
Bjørnsund
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg