Slåttonn, Stongfjorden, ca 1910
Slåttonn rundt 1910 i Sogn og Fjordane. Frå midten av 1800-talet avløyste ein heilt ny reiskapskultur meir gamaldagse reiskapar. Hestekraft avløyste menneskekraft. Hesten og slåmaskina arbeidde fortare og vann over meir enn det mange menneske tidlegare hadde greidd i slåttonna.
Slåttonn, Stongfjorden, ca 1910
Av /Fylkesarkivet i Vestland.

Det store hamskiftet var ein periode i norsk historie på 1800-talet der samfunnet vart drastisk endra. Samfunnet gjekk mellom anna frå å vere basert på sjølvforsyningshushald til pengehushald. På same måten som dyr har hamskifte, skifta samfunnet ham, og samfunnet vart radikalt annleis etter hamskiftet. Omgrepet «det store hamskiftet» vart lansert av forfattaren Inge Krokann (1893–1962).

Gards- og arbeidsfellesskapen i det gamle samfunnet, det vi med eitt ord kan kalle samvirket, var tufta på sosiale og økonomiske ordningar som ligg fjernt frå marknadsøkonomien og forbrukarsamfunnet vi har i dag.

Ulike utgangspunkt ulike stader i landet

Rundt 1860 var jordbruket framleis hovudnæringa for dei aller fleste i Noreg. Denne tida var eit høgdepunkt for sjølvbergingssamfunnet. Godt over ein million menneske høyrde til primærnæringane. Aldri hadde det vore halde fleire husdyr eller avla meir korn per innbyggjar.

I dei breie austlands- og trøndelagsbygdene dreiv dei også før 1860 med eit jordbruk som ikkje berre sikra sjølvforsyning, men òg vart drive med sikte på å skaffe seg økonomisk overskot ved å selje jordbruksvarer. Åkerbruk og korndyrking var her det primære.

I landet elles dominerte februk og husdyrhald. Her var hovudmålet sjølvforsyning. Men marknaden kunne trekkjast inn som ein strategisk faktor – for å få meir pengar til å drive gard og heim. Dette gjaldt òg fisken i dei vestlandske og nordnorske kystområda. I dei indre og øvre bygdene vart det i periodar omsett mykje ost og smør. I tillegg kjem ei mengd lokale spesialitetar, til dømes ljåsmiing i Hornindal og Tinn, brynestein i Eidsborg og kvernstein i Selbu.

Jordhunger og teigblanding

Den veldige folkeauken hadde fram til 1865–1870 òg råka jordbrukssamfunnet. Det voks fram eit stort husmanns- og tenarsystem, særleg i innlandet og på flatbygdene. Jordhungeren førte til at teigblandinga, det vil seie at ulike bruk hadde jordlappar om kvarandre og ikkje samanhengande areal, auka, og storleiken på teigane minka. Likevel auka jordbruksproduksjonen meir enn folketalet. Slik sett var første del av 1800-talet i røynda ein vekstperiode i norsk jordbruk.

Embetsmenn og reformistar frå jordbruket sjølv hadde i fleire tiår klaga over at tradisjonane stod i vegen for eit rasjonelt landbruk. Men bondeøkonomien var tilpassa lokale behov og ressursar, og systemet tolte ikkje djuptgripande endringar.

Det gamle norske bondesamfunnet vart brote sund gjennom den prosessen Inge Krokann kalla «det store hamskiftet i bondesamfunnet». Omgrepet «hamskiftet» må vi her forstå i den overførte tydinga «ei gjennomgåande forandring». I dette ligg det både sosiale, økonomiske og kulturelle endringsprosessar.

Bøndene produserte meir enn dei trong sjølve

Folk på bygdene hadde lenge vore nøydde til å rekne verdiar i mynt. Dei trong kontantar til skattar og kjøpevarer utanfrå. Det radikalt nye var at jordbruket frå midten av hundreåret, og tydeleg i 1860-åra, orienterte seg meir medvite mot marknaden. Bondesamfunnet gjekk i aukande grad over til å produsere det som lønte seg best.

Di meir bondesamfunnet kom i kontakt med dei ytre kreftene, pengesamfunnet utanfor, di viktigare vart det å skaffe seg eit overskot i produksjonen som kunne avhendast for reine pengar.

Betre arbeidsmetodar førte til at avlingane vart større. Drifta vart meir differensiert: Kvar bonde dreiv med ulik produksjon, i staden for at alle dreiv med litt av alt. Det vart drive meir intensiv gjødsling, og poteter, rotvekstar og framfor alt kulturenga fekk ein større plass i gardsdrifta. Engkulturen breidde seg. Det vart slutt med den gamle svelteforinga. Det galdt å ha gode dyr, med høg produksjon.

Nye reiskaper og ny gardsstruktur

Ein heilt ny reiskapskultur avløyste meir gamaldagse reiskapar. Hestekraft avløyste menneskekraft. Hesten og slåmaskina arbeidde fortare og vann over meir enn det mange menneske tidlegare hadde greidd i slåttonna. Og hestereiskapane breidde seg raskt.

Dei nye reiskapane kravde større samanhengande areal. Det førte til eit krav om utskifting, altså at jordstykke skifta eigar slik at bøndene fekk meir samanhengande areal, i staden for små teigar kvar for seg.

Utskiftinga og moderniseringa kravde investeringar. Bøndene måtte med andre ord låne pengar. Kapitaltrongen i jordbruket tvinga fram Kongeriket Norges Hypotekbank (1851), ein statleg bank for å hjelpe landbruket. Banken hadde hovudsete i Kristiania og seinare filialar i Bergen, Trondheim og Tromsø. Lånevilkåra var gode, med lang nedbetalingstid og låg rente. Dei lokale bygdesparebankane vart òg viktige kredittinstitusjonar, særleg for områda utanom det sentrale Austlandet.

Meieriindustrien tek form

Gaupen meieri. To damer i arbeid. 1920.
To damer arbeider på eit meieri
Av /Anno Domkirkeodden.

Frå 1860-åra var mjølk det viktigaste produktet. Før hadde bøndene kinna og ysta sjølve. Foredlinga flytta over til eigne verksemder, som bøndene sjølve gjorde opptaket til. Meieridrifta tok fart i 1870-åra, då iskjølesystemet vart kjent. Austlandet, Trøndelag og Rogaland var tidlegast ute med meieridrift.

Amtmannen i Romsdals amt, noverande Møre og Romsdal, nemner i embetsmeldinga for åra 1876–1880 «de omreisende meieripiger» og avslører utbreidde fordommar: «de betragtes som farlige represæntanter for udbredelse af forandringer ... det er derfor ikke blot konerne, der betragte disse reformatricer med mistænksomhed ... men ogsaa mendene». Om det var samfunnsendringar dei frykta, var det kanskje gode grunnar til å vere tilbakehaldne. Meieridrift var vel i røynda ein slags industri. Samtidig var det ei form for økonomisk samvirke, som mjølkeprodusentane hadde funne på sjølve, og som dei sjølve ville ha hand om. Skipinga av Den Norske Meiriforening (1881) var eit uttrykk for nettopp dette.

I Noreg var det om lag 40 meieri i 1870, om lag 300 i 1890 og nær 800 i 1900. Innvegen mjølkemengd var i 1875 berre 16 millionar kilo. 30 år seinare vart det vege opp om lag 200 millionar kilo. Den gjennomsnittlege mjølkemengda per ku gjekk samtidig opp frå 891 til 1320 kilo i året.

Det vart skipa salslag for husdyrprodukta. Verdien av storfekjøtet auka. Dette var endå ein impuls i retning av å auke overskotet på gardane og skaffe kontantar til å utvikle produksjonen.

Landbruk som eige politikkområde

Mot hundreårsskiftet er det klart at talsmennene for å modernisere landbruket hadde vunne hegemoniet over landbrukspolitikken. Sjølvbergarbonden var fortid, og produksjonslandbruket var framtida. Talspersonane kom frå dei delane av landet der salslandbruket hadde kome lengst. I 1889 fekk Stortinget ein eigen landbrukskomité. Norsk landmandsforbund vart skipa i 1896. Den første formannen kom frå landbrukshøgskulen på Ås. Miljøet her hadde sidan skipinga arbeidd for å reformere jordbruket. Dei laga faglege publikasjonar, og dei tok initiativ til forsøksgardar og salslag. I 1897 fekk landbruksskulen status som høgskule, Norges Landbrukshøgskole. Frå 1900 hadde landbruket også eit eige departement. Landbruket vart skilt ut frå andre næringar og fekk eigne institusjonar, eigen politikk og eigne talspersonar.

Den nye retninga la vekt på teoretisk kunnskap, undervising og fagleg rettleiing. Samtidig vart det kravd at jordbruksarbeidarane skulle få kjøpe seg jord. Jordinnkjøpsfondet vart skipa i 1894, då Stortinget løyvde midlar til støtte for bureisingsmenn. Mønsteret var henta frå ordninga som bøndene hadde med jordkreditten i Hypotekbanken, og vart grunnlaget for Den norske Arbeiderbruk- og Boligbank. Dette framskunda prosessen frå husmannsvesen og jordleige til sjølveigarlandbruket.

Dei nye landbrukspolitiske signala viser meir enn tydeleg avstanden til tidlegare tiders bondepolitikk. Parolen gjekk no ut på å bruke staten, til gagn for bøndene.

Det store hamskiftet

Akers mekaniske verksted
Det store hamskiftet innebar mellom anna at fleire fekk arbeid utanfor primærnæringane. Det vart grunnlagd fleire fabrikkar som tiltrakk seg mange arbeidstakarar. Aker mekaniske verksted i Oslo blei grunnlagd i 1841 og hadde skipsbygging som hovudaktivitet. Foto frå 1898.
Av /Norsk teknisk museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Heile omkalfatringa frå sjølvforsyningshushald til pengehushald er mangfaldig, rik på nyansar og svært samansett. Årsaker og verknader er fletta inn i kvarandre. Ein måte å få kontroll på er å skilje mellom indre og ytre krefter for endringane.

Dei indre kreftene utfalda seg i lokalsamfunnet, til dømes i forholdet mellom naturgrunnlaget på den eine sida og folketalet, gardsstrukturen og næringsgrunnlaget på den andre. Folkeauken er her ein avgjerande faktor, som førte til eit sterkt press på jordressursane. Gardane vart delte opp og oppstykkja. Mange av gardseiningane vart reint for små til å sikre ei rimeleg utkome.

Frå den heilt andre sida verka dei ytre kreftene med veldig tyngd. Den nye tida la seg over den gamle samfunnsskipnaden og trengde han sakte, men sikkert attende. Noreg vart smått om senn samla til eitt økonomisk rike og vart dermed drege inn i internasjonal samhandel.

Marknadene vart utvida. Fabrikkar vart bygde og drog folk til seg. Byvoksteren førte til større forbruk. Byane og det store utlandet lokka med nye vareslag, og dei lokka på andre måtar òg. Jernbanene tøygde seg ut frå sentrale byområde. Bygdelag som låg nær jernbana, nyvegen eller dampskipskaia, merka omskiftet først. Folket i desse bygdelaga måtte svare på utfordringa. Det gjekk ikkje lenger på gamlemåten.

Mykje av det gamle bondesamfunnet gjekk dermed tapt. Men noko anna kom i staden. Utsynet vart vidare. Den gamle og avvisande bondehaldninga måtte vike for ein heilt ny mentalitet, der det galdt å tilpasse seg dei nye tidene, bryte ut av dei kommunale forskansingane og gjere seg til herrar over statsstyringa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg