Faktaboks

Cixi

Pinyin: Cíxǐ (Tàihòu)

Wade-Giles: T‘zu-hsi

Kinesiske teikn: 慈禧

Mandsju: ᡥᡳᠶᠣᠣᡧᡠᠩᡤᠠᡤᡳᠩᡤᡠᠵᡳᡳᠯᡝᡨᡠᡥᡡᠸᠠᠩᡥᡝᠣ

Fødd: Yehe Nara Xingzhen 葉赫那拉星陣

Uttale
tsu-kji, IPA: [tshɹ̩.çi]
Fødd
29. november 1835, Beijing, Kina
Død
15. november 1908, Beijing, Kina
Cixi
H. I. M., the Empress Dowager of China, Cixi
Av /Harvard Art Museums.

Cixi var ein kinesisk herskar av mandsjuslekt, som i perioden 1861–1908 var den eigentlege øvste makthavaren i Kina.

Ho var ei av konkubinene til Xianfeng-keisaren, og fødde hans einaste son. Etter at keisaren døydde i 1861, fekk ho difor tittelen enkjekeisarinne (Taihou), som mor til den nye keisaren. Cixi nytta denne posisjonen til å utmanøvrere politiske konkurrentar og ta over som regent. Ho styrte Kina meir eller mindre til ho døydde i 1908.

Liv

Cixi kom i 1851 inn i keisarpalasset som konkubine av låg rang. Ho fødde ein son i 1856, som vart keisar då Xianfeng døydde i 1861, under regjeringsdevisa Tongzhi. Dermed fekk ho status som enkjekeisarinne, sjølv om ho aldri hadde vore keisarinne. Gjennom politisk list overtok ho så kontroll over regentskapet som hadde vore oppretta for den mindreårige keisaren.

Tongzhi-keisaren vart myndig og overtok styret i 1873, heldt ho fram med å øve kontroll til han døydde to år seinare. Då vart ho igjen regent, denne gong for systersonen, som regjeringsdevisa Guangxu, som Cixi hadde utpeikt til tronarving. Då Guangxu-keisaren tok over tyglane i 1889, trekte Cixi seg offisielt tilbake til sommarpalasset utanfor Beijing, som ho utsmykka for midlar budsjettert til å skaffe landet ein marine.

Ein fleirårig konflikt med Guangxu-keisaren grunna den reformvennlege politikken hans, enda med at Cixi gjorde eit kupp i 1898 og overtok den øvste makta på ny.

Under boksaropprøret lét ho boksarane få frie tyglar, men fekk i oppgjeret velta skulda over på keisaren og reformvennene. Cixi tok tilflukt i Xi'an under opprøret, men vende tilbake til Beijing i 1902. Ho byrja då endeleg ein reformpolitikk, under vaksande press frå både stormaktene og heimlege intellektuelle.

Ettertida si vurdering

Det er svært vanskeleg å dømme om personlegdommen og styret til Cixi, på grunn av alle dei ikkje-verifiserbare historiene som florerte etter at ho døydde, og på grunn av statusen hennar som kvinne og mandsju. Mektige kvinner har alltid vore gjenstand for mistanke og moralsk indignasjon frå Kinas konfusianske historieskrivarar, medan mandsjuane var ein sentral fiende for den kinesiske etno-nasjonalismen som vaks fram på den tida.

I kinesisk historieskriving har ho tradisjonelt vorte rekna som korrupt, medan vestlege historikarar har lagt vekt på at ho skal ha vore bakstreversk, i ei tid som kravde politisk mot og reformvilje. Rett nok sette ho ein stoppar for dei ambisiøse 100-dagarsreformene i 1898 og støtta det antivestlege boksaropprøret i 1900–1901. Men ho tilhøyrde slett ikkje den mest konservative fløya ved hoffet, og ho var etter alle solemerke å dømme stort sett dyktig i balanseringa mellom dei ulike fraksjonane. I alle tilfelle var det andre – truleg viktigare – årsaker til dei enorme problema Kina hadde i denne perioden enn Cixi sitt vanstyre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg