Keiserkanalen

.
Lisens: CC BY 2.0
Keiserkanalen i Kina er om lag 1700 km lang, fra Hangzhou til Beijing. I dag er han farbar opp til Jining.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Keisarkanalen er ein kanal i Kina, mellom Beijing i nord og Hangzhou i sør; ca. 1700 km lang. Strekninga mellom Huang He (Den gule elv) og Chang Jiang blei bygd på 400-tallet fvt. Under Song-dynastiet blei han forlenga til Hangzhou, som då var hovudstad.

Faktaboks

også kjent som:
kinesisk 南北大運河 nanbei dayunhe, kortform dayunhe 大运河
«den store sør-nord-kanalen»
engelsk Grand Canal

Qing-dynastiet var på sitt mektigaste på 1700-talet, og hovudstaden var Beijing med meir enn 1 million innbyggjarar, var Keisarkanalen svært viktig for transport av korn og viktige råvarer frå den sørlige delen av landet til hovudstaden i nord.

Kanalen har fungert som transportåre, i retning nord–sør, i kombinasjon med elvane som i hovudsak renn vest–aust. Det meste av kanalen er etter kvart blitt tilmudra, og nå er det hovudsakleg seksjonen sør for Chang Jiang som blir brukt til ferdsel.

Keisarkanalen ved Tongzhou-distriktet i Beijing er fleire hundre meter brei, og tilknytta et stort parkanlegg.

Keiserkanalen ved Tongzhou nær Beijing
Lisens: CC BY SA 3.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg