Faktaboks

Innbyggjartal
414 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
3641 Hovden
Hovden
Hovden er et populært vintersportsted.
Av .

Hovden er ein tettstad i Bykle kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 414 innbyggjarar (2023).

Hovden er ein vintersportsstad øvst i Setesdal. Det ligg 26 km sør for Haukeligrend, ved Rv. 9.

Hovden er utbygd til å bli ein betydeleg turiststad med høgfjellshotell, hyttar, fjellstover med meir, og ei rekkje merka skiløyper og fotruter. Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden har mellom anna skigymnas med alpin- og langrennslinje.

Hovden har òg noko treindustri. Det er funne ei rekkje kolgroper og blestertufter som viser at Hovden var eit jernutvinningssenter fram til svartedauden; Hovden jernvinnemuseum.

Kart

Hovden
Hovden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg