Tore Renberg er ein norsk forfattar. Han er mest kjend for romanseriane om Jarle Klepp og for Teksas-serien om «Hillevågsgjengen». Han skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus, og er i tillegg låtskrivar og popartist.
Tore Renberg
Faktaboks
- Født
- 3. august 1972, Stavanger, Rogaland


Bakgrunn
Tore Renberg er fødd i Stavanger i Rogaland. Han gjekk samfunnslinja ved Stavanger katedralskole frå 1989 til 1992 og studerte litteraturvitskap og filosofi ved Universitetet i Bergen frå 1992 til 1995.
Renberg har hatt mange oppdrag som kritikar, mellom anna i avisa Morgenbladet og litteraturtidsskriftet Vinduet. Frå 1995 til 1997 var han medredaktør i tidsskriftet Vagant. Renberg er aktiv som debattant og har vore programleiar i litterære fjernsynsprogram. Sesongane 1998 og 1999 var Renberg programleiar i «Leseforeningen», eit samtaleprogram om litteratur på NRK2. Etter denne programserien valde han å satse som forfattar på heiltid.
Romanar
Renberg debuterte i 1995 med kortprosasamlinga Sovende floke. Han vakte stor merksemd med den kritikarrosa romanen Matriarkat (1996), som handlar om mannleg identitetsdanning i eit kvinnedominert samfunn. Etter tekstsamlinga Mamma, pappa, barn (1997) følgde Renselse (1998), ein roman om ein mann som blir mordar på grunn av fortrengd seksualitet og pervertert religiøs lengsel. Romanen En God Tid (2000) hentar mellom anna inspirasjon frå science fiction-sjangeren. varmelager FEM (2001) er kollasjar, teikningar og tekst.
Etter 2003 har Renberg skrive fleire romanseriar, slik som serien om Jarle Klepp og Teksas-serien. Mellom utgjevingane innanfor desse seriane har han òg gitt ut frittståande romanar. Dobbeltromanen Farmor har kabel-tv/Videogutten (2006) handlar mellom anna om vennskap på tvers av generasjonar og om fascinasjonen til gutar for video og filmar. Romanane Du er så lys frå 2016 og Tollak til Ingeborg frå 2020 er begge gjevne ut på nynorsk. I 2019 kom boka Ingen tid å miste, som mellom anna skildrar tap og forhold mellom mor og dotter. Renberg er gitt ut i 15 land.
Romanserien om Jarle Klepp
Romanane om Jarle Klepp står sentralt i forfattarskapen. Dei to første er dei mest kjende: Mannen som elsket Yngve (2003) og Kompani Orheim (2005). Med desse romanane kom òg overgangen frå ein noko distansert og eksperimentell skrivestil til meir underhaldande og realistiske forteljingar, nærare forfattaren sitt eige liv. Romanene Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim gir inngåande skildringar av konfliktfylte ungdomsår under vanskelege forhold, der ikkje minst musikken speler ei stor rolle. Jarle Klepp er òg hovudperson i romanane Charlotte Isabel Hansen (2008), Pixley Mapogo (2009) og Dette er mine gamle dager (2011).
Bøkene om Jarle Klepp har ulike tonar, ulike synsvinklar og ulike forteljemåtar. Dei er sjølvstendige romanar ved at dei kan lesast i kva rekkefølgje som helst. Likskapen er at dei er samtidsrealistiske, at hovudpersonen er den same, og at innhaldet står nær opp til forfattaren sine eigne livserfaringar. I romanane får vi følgje hovudpersonen frå tidleg ungdomstid og inn i vaksen alder. Oppvekst, farsrolle, identitet og kjærleik er kjernetema hos Renberg, noko desse romanane er døme på.
Det rike fiktive universet til Renberg er nært knytt til forfattaren sitt eige liv. Klepp og Renberg er begge fødde i 1972. Dei var begge gymnasiastar ved Stavanger katedralskole, dei er begge rockemusikarar, og i likskap med Klepp var Renberg litteraturstudent i Bergen i 1990-åra. Så nær står dei to universa kvarandre at dei begge har skrive studentoppgåve om namneproblematikken i Marcel Proust sin roman På sporet av den tapte tid.
Jarle Klepp-romanane er sentrale verk i norsk samtidslitteratur. Dei er viktige litterære samtidsportrett og er selde i eit samla opplag på meir enn 400 000 berre i Noreg. Dei er omsette til mange språk.
Romanserien om Hillevågsgjengen
I 2013 byrja Renberg på ein ny romanserie, Teksas-serien. Her møter lesaren «Hillevågsgjengen», ein kriminell bande i den nyrike oljebyen Stavanger, med nokre rekrutterte medlemmer frå Sandnes. Det første bindet hadde tittelen Vi ses i morgen (2013). Bind nummer to kom allereie året etter, Angrep fra alle kanter (2014), og det litt råare tredje bindet, Skada gods, kom i 2017. I 2021 kom fjerde bind, Assalamu alaikum.
Sentrale personar er mellom andre gjengleiaren Jan Inge, kompanjongen Rudi, Cecilie, og dessutan drabantane frå Sandnes, Ben og Rikki. Bøkene er fartsfylte og fantasifulle forteljingar om utanforskap på fleire plan i den gamle heimbyen til forfattaren. Handlinga går føre seg i eit rått krimunivers, der brutale skildringar vekslar med humoristiske og mjukare parti. Forteljingane har òg nokre politiske ærend i retning det nyliberalistiske forskjells-Noreg.
Romanane har vorte samanlikna med nyare amerikansk «sørstatslitteratur» innan sjangeren «grit lit» (grit kan mellom anna bety «harsh and unpleasant», rått og ubehageleg). Sjangeren blir knytt til forfattarnamn som amerikanske Smith Henderson og britiske Robert Parker. Renberg sin forteljarstil er likevel alt anna enn «unpleasant». Han skriv spennande og underhaldande, han skriv korte kapittel og skiftar ofte synsvinkel frå kapittel til kapittel. Han vekslar på velprøvd vis mellom episodar, dialogar og oppsummerande handlingsreferat. Ein kan ane førebilete frå den store realismen i bakgrunnen, både frå Stavanger sin eigen klassikar Alexander Kielland (1849–1906) og noko av humoren og karakterteikninga til Charles Dickens (1812–1870).
Barnebøker
Renberg har òg skrive fleire barnebøker saman med Øyvind Torseter, Kim Hiorthøy, Per Dybvig og Lene Ask. I 1996 og 1997 kom to bøker om karakteren Sinus (saman med Dybvig). I 1999 og 2000 kom det to bøker om vennene Hando og Kjendo (saman med Hiorthøy). På 2010-talet kom det fleire bøker saman med Torseter, og i 2016 kom Jenny, historia om ei gammal dame og katten hennar.
Film og teater
Renberg skreiv filmmanuset til spelefilmen Alt for Egil (2004). Mannen som elsket Yngve vart film i 2008. Filmen fekk same tittel som boka han var basert på. Kompani Orheim fekk òg behalde originaltittelen i filmversjonen, medan filmmanuset til Jeg reiser alene er basert på romanen Charlotte Isabel Hansen. Renberg har i tillegg skrive andre filmmanus.
Som dramatikar har Renberg mellom anna skrive barnemusikalen Det tusende hjertet saman med musikaren Janove Ottesen, uroppført i 2007 på Rogaland Teater. Den handlar om søskenparet Nina og Anton som gir seg ut på ei spennande og eventyrleg reise. Musikalen Sonny var eit samarbeid med rockebandet Kaizers Orchestra. Sonny hadde premiere på Rogaland Teater 11. november 2011. Teaterstykket Femti flotte år med Frode Kommedal er eit komisk og sosialrealistisk samtidsdrama frå Stavangermiljøet. Det hadde premiere på Rogaland Teater våren 2015 og var Renberg sin debut som teaterregissør.
Musikk
I studietida i Bergen kom Renberg i kontakt med Karl Ove Knausgård. I tillegg til å påverke kvarandre litterært fann dei to saman også i rocken. Saman med fleire kompisar danna dei gruppa Lemen, der Knausgård var trommeslagar og Renberg vokalist.
Frå slutten av 1990-åra var Renberg innom fleire grupper. Då bandprosjektet Modan Garu vart skrinlagt i 2008, sa Renberg seg ferdig med musikk som karriereveg. Men etter eit lengre opphald frå musikkscena vart soloalbumet Ingen nåde lansert i januar 2016. I 2017 kom albumet Ein dag te. Parallelt med oppstarten av soloprosjektet vaks gruppa Lemen fram på ny, også denne gongen med Knausgård på laget.
Utmerkingar i utval
- Nynorsk litteraturpris (2021)
- Rogaland fylkeskommunes kulturpris (2021)
- Bokhandlerprisen (2020)
- Målblomen (2016)
- Stavanger Aftenblads kulturpris (2014)
- Kultur og kirkedepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur (2010)
- Stavanger kommunes kulturpris (2008)
- Bokhandlerprisen (2008)
- P2-lyttarane sin romanpris (2005)
- Henrik Steffensen stipend (Tyskland, 1998)
- Tidenprisen (1996)
- Tarjei Vesaas' debutantpris (1995)
Bibliografi
- Assalamu alaikum (roman, Oktober, 2021)
- Tollak til Ingeborg (roman, Cappelen Damm, 2020)
- Ingen tid å miste (roman, Cappelen Damm, 2019)
- Skada gods (roman, Oktober, 2017)
- Du er så lys (roman, Oktober, 2016)
- Angrep fra alle kanter (roman, Oktober, 2014)
- Vi ses i morgen (roman, Oktober, 2013)
- Vaffelmøkk (biletbok, Cappelen Damm, 2013)
- På fest hos litteraturen (Oktober, 2012)
- Dette er mine gamle dager (roman, Oktober, 2011)
- Pixley Mapogo (roman, Oktober, 2009)
- Sovende floke : og tidlige tekster 1987-1995 (Oktober, 2009)
- Charlotte Isabel Hansen (roman, Oktober, 2008)
- Farmor har kabel-TV. Videogutten (roman, Oktober, 2006)
- Kompani Orheim (roman, Oktober, 2005)
- Alt for Egil (medforfatter, dramatikk, Oktober, 2004)
- Mannen som elsket Yngve (roman, Oktober, 2003)
- En god tid (roman, Tiden, 2000)
- Renselse (roman, Tiden, 1998)
- Mamma, pappa, barn (prosa, Tiden, 1997)
- Matriarkat (Roman, Tiden, 1996)
- Sovende floke (kortprosa, Tiden, 1995)
Barnebøker
- Jenny (barnebok, Cappelen Damm, 2016)
- He, he Hasse (biletbok, Cappelen Damm, 2011)
- Gi gass, Ine (barnebok, Cappelen Damm, 2010)
- Trillefolket, hva hendte med Kjartan? (barnebok, Cappelen, 2002)
- Varmelager fem (biletbok, Tiden, 2001)Hando. Kjendo. Torsdag (barnebok, Gyldendal Tiden, 2000)
- Hando. Kjendo. Søndag (biletbok, Gyldendal Tiden, 1999)
- Sinus i blinde – en kjærlighetsroman (medforfatter, barnebok, Gyldendal Tiden, 1997)
- Sinus i Sinus – en kjærlighetsfortelling om Sinus og Marianne (medforfatter, barnebok, Tiden, 1996)
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.