Charles Dickens var ein engelsk forfattar av romanar og noveller. Han var ein sentral person i britisk litteratur på 1800-talet. Blant dei mest kjende bøkene er Pickwick-klubben, Oliver Twist, den delvis sjølvbiografiske David Copperfield og Store forventningar. Kjend er også kortromanen om den gjerrige Ebenezer Scrooge, Ei juleforteljing.
Charles Dickens
Faktaboks
- Uttale
- 'dikinz
- Født
- 7. februar 1812, Landport, Portsmouth, England
- Død
- 9. juni 1870, Gads Hill Place, England


Teikning av George Cruikshank til Oliver Twist
Bakgrunn
Dickens blei fødd i Portsmouth, men voks opp i London under vanskelege forhold. Mr. Micawber i David Copperfield er eit satirisk portrett av faren, som blei send i fengsel på grunn av gjeld då Charles var berre 12 år gammal. Guten blei sett i arbeid i ein svertefabrikk, ei audmjukande oppleving som sette sterkt preg på han. Skulegangen blei uregelmessig, så han las mykje på eiga hand og studerte folkelivet i Londons gater. I 1827 blei han tilsett som lærling på eit sakførarkontor, samstundes som han lærte seg stenografi for å tene pengar som rettsreferent og parlamentsstenograf.
Journalistiske skisser
Då han i 1833 byrja å offentleggjere skissene sine frå London (seinare gitt ut som Sketches by Boz), blei det klart at han var litt meir enn ein vanleg journalist. Med The Posthumous Papers of the Pickwick Club (1836–1837) var suksessen sikra, og han var snar til å utnytte han.
Populære hefte
Det kan trygt seiast at det var Dickens som populariserte den engelske romanen. Han revolusjonerte faktisk den engelske bokmarknaden då han byrja å selje romanane sine i små, billige hefte som kom ut ein gong i månaden. Ein roman blei vanlegvis delt opp i 18 hefte, kvart på 32 sider inklusive illustrasjonar. På denne måten blei Dickens' romanar allemannseige, ettersom få romanlesarar var så fattige at dei ikkje hadde råd til éin shilling i månaden.
Humor og melodrama

Boka om Pickwick-klubben inneheld dei fleste ingrediensane som Dickens vidareutvikla i dei seinare romanane sine. Ho er eit humoristisk meisterverk, i sterk motsetning til Dickens' neste roman, Oliver Twist, som er ei temmeleg melodramatisk historie om fattigguten som fell i hendene på ein forbrytarbande i London underverd. Det er her Dickens først trer fram som ein medviten forsvarar for dei ulukkelege i samfunnet.
Samfunnsreform

I dei seinare romanane sine sette han søkjelyset på mange sosiale skeivskapar og bidrog til å påskunde reformprosessen som så vidt hadde kome i gang. Av den store produksjonen hans dei følgjande åra må ein nemne Nicholas Nickleby, Martin Chuzzlewit, Dombey and Son, David Copperfield, Bleak House og Hard Times.
Familieproblem
I 1836 hadde Dickens gifta seg med Catherine Hogarth og stifta familie. Han hadde ei eksepsjonell arbeidskraft og tok på seg mange oppdrag, blant anna som redaktør av tidsskrift, føredragshaldar og opplesar av eigne verk. Han var også sterkt selskapeleg innretta. Alt dette gjekk ut over familielivet, og då han i slutten av 1850-åra innleidde eit forhold til den unge skodespelarinna Ellen Ternan, enda ekteskapet i ei bitter skilsmisse. Like fullt skreiv han ein av sine beste romanar etter denne perioden, Great Expectations (Store forventningar, 1860–1861).
Kortformatet

Portrett (etsing) av Charles Dickens
I tillegg til romanane skreiv Dickens ei rekkje forteljingar i kortare format, som til dømes A Christmas Carol (Ei juleforteljing, 1843), og dessutan reiseskisser og essay. Få forfattarar har vore meir omtykte, for produksjonen hans er prega av ekte humor, frodig fantasi og eineståande forteljarkunst. Romanfigurane hans blei dessutan levandegjorde av fleire framståande illustratørar, blant anna H.K. Browne («Phiz») og George Cruikshank.
Kritikarar har meint at Dickens til tider fortaper seg i sentimentalitet eller melodrama, men dette blei ikkje oppfatta som svakheiter av dei viktorianske lesarane hans. Det er også stor akademisk interesse for forfattarskapen, ikkje minst dei modne, meir komplekse verka hans.
Filmatiseringar
Dickens har blitt kjend og populær hos eit stort publikum gjennom ei rekkje fine film-, tv- og sceneversjonar, som George Cukors David Copperfield (1934), Jack Conways A Tale of Two Cities (1935), David Leans ekspressive Great Expectations (1946) og Oliver Twist (1948).
Oliver! (1960), med tekst og musikk av Lionel Bart, var ein av dei store britiske musikalsuksessane i 1960-åra, og filmversjonen frå 1968 i regi av Carol Reed vann seks Oscar-prisar.
Blant mange tidlege versjonar av A Christmas Carol kan ein nemne Scrooge (1951), i regi av Brian Desmond Hurst. A Christmas Carol kom i ny filmversjon i 2009 og som ny TV-miniserie i 2019, og det er også laga ein film om korleis denne boka blei skriven: The Man who Invented Christmas (2017).
Christine Edzard markerte seg i 1987 med ein stort oppbygd versjon av Little Dorrit, laga som to filmar på omkring tre timar kvar. Denne romanen kom også i ny versjon som TV-serie i 2008.
Det har blitt laga over 400 film- og fjernsynsversjonar av Dickens' bøker, og han er den aller mest adapterte av alle engelske forfattarar. Interessa starta alt i dei aller første kortfilm-eksperimenta rundt 1900, og der er mange stumfilm-versjonar av bøkene hans. Sidan har interessa berre vart ved i alle tiår fram til i dag.
Dei siste tretti åra har til dømes David Copperfield kome i nye versjonar i 1999 (TV-serie), 2000 og 2020, Nicholas Nickleby i 2002 (og før det i 1982), Our Mutual Friend i 1998, Bleak House i 2005 (og 1985). Ein av dei mest populære er Great Expectations, der vi har nye filmar i 2013 (Graham McLaren), 2012 (film), 2011 (TV-serie), 1999 (TV-film) og mange tidlegare.
Der er også mange animerte versjonar, og av dei mest kjende er The Muppet Christmas Carol (1992), Disneys Mickey's Christmas Carol (1983) eller Disneys Oliver Twist (1988).
Ein av dei nyaste produksjonane er ein morosam fjernsynsserie der personar frå ulike romanar blir blanda til eit nytt detektiv-mysterium, svært underhaldande for alle som kjenner litt til bøkene og det fargerike dickenske persongalleriet (Dickensian 2015–2016, på norsk TV med tittelen Dickens' jul).
Eit utval verk
- The Mystery of Edwin Drood (uferdig, 1870)
- Our Mutual Friend (1865)
- Great Expectations (1861)
- A Tale of Two Cities (1859)
- Little Dorrit (1857)
- Hard Times (1854)
- Bleak House (1853)
- David Copperfield (1849–1850)
- Dombey and Son (1847–1848)
- Martin Chuzzlewit (1843–1844)
- Barnaby Rudge (1840–1841)
- The Old Curiosity Shop (1840–1841)
- Nicholas Nickleby (1838–1839)
- Oliver Twist (1837–1838)
- The Posthumous Papers of the Pickwick Club (1836–1837)
- Sketches by Boz (1836)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Ackroyd, Peter: Dickens, 1990, isbn 0-06-016602-9
- Butt, John & Kathleen Tillotson: Dickens at work, 1957, isbn 0-416-29710-2
- Connor, Steven: Charles Dickens, 1985, isbn 0-631-13512-x
- Forster, John: The life of Charles Dickens, 1872–74, 3 bind
- Glavin, John (red.): Dickens on Screen, 2003, Cambridge University Press
- Johnson, Edgar: Charles Dickens : his tragedy and triumph, 1952, 2 bind
- Leavis, F.R. & Q.D. Leavis: Dickens the novelist, 1970, isbn 0-7011-1644-7
- Miller, J. Hillis: Charles Dickens : the world of his novels, 1958
- Rem, Tore: Dickens, melodrama, and the parodic imagination, 2002, isbn 0-404-64458-9
- Schlicke, Paul, red.: Oxford reader's companion to Dickens, 1999, isbn 0-19-866213-0
-
Charles Dickens
Fri.Lisens: fri
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.