Skafså

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Skafså er ei bygd i Tokke kommune, Vestfold og Telemark fylke. Skafså utgjer den søre delen av kommunen. Det er eit bygdetun med Visliestoga ved Skafså kyrkje. På Grimdalen, om lag fire kilometer vest for kyrkjestaden, voks bilethoggaren Anne Grimdalen opp. Grimdalstunet er ein fjellgard frå 1600-talet som i dag er museum med kunstgalleri. Her finst ei stor samling av Anne Grimdalens skulpturar.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt skaf, 'skav, bark til dyrefôr' og á, 'å, elv'.

Tettbebyggelsen Åmdals verk seks kilometer sør for kyrkjestaden er eit tidlegare gruvesamfunn, der det i åra 1690 til 1945 blei utvunne kopar. I dag er det eit gruvemuseum der.

Kart

Skafså
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg