Vest-Telemark Museum
Administrasjon og utstillingssalar ligg i Eidsborg i Tokke.
Vest-Telemark Museum
Lisens: CC BY SA 3.0
Vindlausloftet
Museet har mange svært gamle og verdfulle hus i friluftssamlingane sine. Vindlausloftet (i midten) er truleg landets eldste profane trebygning.
Vindlausloftet
Lisens: CC BY SA 3.0

Vest-Telemark museum er regionmuseum for Vest-Telemark, med oppgåve å dokumentere og dele kunnskap om kunst- og kulturhistoria i regionen. Vest-Telemark museum driftar ei lang rekke museum, bygdetun, utstillingar og samlingar i dei seks kommunane som soknar til museet. Museet har ansvar for eit hundretal bygningar; manga av desse er freda bygg.

Administrasjon og hovudanlegg ligg i Eidsborg i Tokke, like ved Eidsborg stavkyrkje. Museet i Eidsborg har faste og skiftande utstillingar, mellom anna ei utstilling som dokumenterer kraftutbygginga i Tokke-vassdraget på 1960- og 1970-talet. Til hovudanlegget høyrer garden Vindlaus med Vindlausloftet, Noregs eldste profane trebygning.

I Morgedal i Kviteseid ligg skimuseet Norsk Skieventyr. I Kviteseid ligg også Kviteseid bygdetun, eit av dei fyrste friluftsmusea i landet. Her finst ei utstilling som minnest bilethoggaren Gunnar Utsond.

I Vinje har museet ansvar for Myllarheimen i Rauland, plassen der felespelaren Myllarguten budde. I Rauland finst òg Dyre Vaa-samlingane og ei stor utstilling med verk av bilethoggaren Knut Skinnarland. På Smørklepp i Vinje ligg det særprega Smørklepp kunstmuseum, bygd i naturstein, teikna av Bjart Mohr. Museet har eit særleg fokus på målaren Henrik Sørensen og grafikaren Harold Kihle, som begge arbeidde mykje i Vinje. I Vinje ligg også Øyfjell bygdemuseum.

Fyresdal bygdemuseum i Fyresdal sentrum er eit av landets eldste friluftsmuseum, skipa i 1909.

På fjellgarden Grimdalen sør for Dalen i Tokke, der bilethoggaren Anne Grimdalen voks opp, er det reist et museumsbygg som syner hennar liv og virke. Ikkje langt unna, ved Åmdal Verk, ligg eit museum som minnest dette nedlagde gruvesamfunnet. Museet har òg omvisning i gruvene.

Ekstern lenke

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg