Bandak

Postkort frå Bandak, ca 1890
Bandak
Av .
Bandak. Vestre enden, sett frå ovanfor Dalen.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Artikkelstart

Bandak er ein innsjø i Vest-Telemarkvassdraget i Tokke og Kviteseid kommunar, Vestfold og Telemark fylke. Innsjøen ligg 72 meter over havet og har eit areal på 26 kvadratkilometer. Den er 27 kilometer lang og opptil 1,7 kilometer brei. Med ei største djupn på 325 meter er Bandak Noregs sjuande djupaste innsjø. Den er omgitt av fjell som når opp i cirka 900 meter over havet.

I vestenden ligg tettstaden Dalen, på nordsida Lårdal og på sørsida Bandaksli. Tilløpet til innsjøen er Tokke og avløpet er Straumane, til Kviteseidvatnet. Frå Dalen til Norsjø går Bandak-Norsjøkanalen. Denne kanalen er ein del av Telemarkskanalen, som gir samband frå Dalen til Skien.

Namnet Bandak er truleg samansett av band, band, strimmel, og ak til norrønt agr, vatn, innsjø. Tydinga er da langt, smalt vatn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg