Dalen (tettstad i Tokke)

Dalen.

Artikkelstart

Dalen er ein tettstad i Tokke kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 589 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
589 (SSB, 2020)
Landareal
0,8 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
3151 Dalen

Dalen er administrasjonssenteret i Tokke kommune, og ligg ved vestenden av innsjøen Bandak. Tettstaden ligg på det flate deltaet som elva Tokke har danna ved utløpet i Bandak.

Staden er endepunkt for kanal- og innsjøruta frå Skien, som frå Skien til Norsjø heiter Skien-Norsjøkanalen og frå Norsjø til Dalen heiter Bandak-Norsjøkanalen. Desse to kanalane utgjer Telemarkskanalen. Dalen utvikla seg som ein turiststad da kanalfarten tok til.

Dalen bygdesentrum vaks sterkt i 1950-åra på grunn av kraftutbygginga, men gjekk tilbake i 1960-åra. Tokke kraftverk, som nyttar fallet frå Vinjevatnet, ligg i Dalen. I Dalen er det reist ein minnestein over dei i alt 23 arbeidarene som omkom i arbeidsulykker i anleggsperioden for Tokke-utbygginga. Viktigaste næringsverksemd er verkstadsindustri. Dalen hotell, som vart bygd i 1894 og restaurert i 1992, er ein av Noregs største trebygningar.

Kart

Dalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg