Faktaboks

Anne Lillegård

Anne Ånundsdotter Lillegård

Fødd
1792, Eidsborg i Tokke
Døpt
25. mars 1792
Død
20. oktober 1863, Mo i Tokke
Familie

Foreldre: Husmann Ånund Såvesson og Tone Olsdotter.

Gift 1820 med husmann Aasmund Halvorsson Kleivi (død 1836).

Anne Lillegård var ein norsk kvedar som var ein av dei viktigaste informantane for dei som samla inn norske balladar på 1800-talet.

Anne Lillegård var fødd på husmannsplassen Turtedalen i Tokke. Det meste av livet sitt budde ho på husmannsplassen Lillegård i Dalen. Ho var kjent i bygda som ein god kvedar, og ho blei den viktigaste kjelda for Jørgen Moe på samlarferda hans i 1847. Mange av balladane i Magnus B. Landstads Norske Folkeviser er etter Anne Lillegård, muleg nedskrivne av Olea Crøger. Også Sophus Bugge skreiv ned viser etter henne i 1850-åra. Det kjente repertoaret hennar tel 36 ulike balladar innafor alle grupper, mest ridderballadar. Den mest kjente og brukte versjonen av Draumkvedet er den som Jørgen Moe skreiv ned etter henne i 1847.

Anne Lillegård hadde ry hos samlarane som ein svært nøyaktig og pålitande tradisjonsbærar. Ho oppgav å ha mykje av songskatten sin i tradisjon etter farmora Johanne Kristensdotter Haugebu, som døydde da Anne var elleve år. Det blei sagt at dottera til Anne, Tone Tvigyva, kunne like mange viser som mora, men etter henne finst ikkje noko nedskrive.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg