Artikkelstart
Vest-Telemark Blad er ei lokalavis som kjem ut i Kviteseid i Vestfold og Telemark. Avisa kom ut første gang i 1973 og er eigd av flere aksjonærar, mellom anna Sparebanken Sør med 12 prosent.
Vest-Telemark Blad er ei lokalavis som kjem ut i Kviteseid i Vestfold og Telemark. Avisa kom ut første gang i 1973 og er eigd av flere aksjonærar, mellom anna Sparebanken Sør med 12 prosent.
Det første nummeret av Vest-Telemark Blad kom ut i Kviteseid 13. november 1973, med Tore Skaug som redaktør. Avisa vart til etter eit grundig førebuingsarbeid og aksjeteikning i fleire av kommunane i Vest-Telemark. Også Studentmållaget i Oslo og Riksfondet for nynorsk presse støtta den nye avisa.
Økonomisk kom Vest-Telemark Blad på tryggare grunn etter kvart som ho fekk overtaket på annonsemarknaden i nedslagsfeltet sitt og fekk støtte både frå næringsliv og kommunar til å byggje eit nytt og moderne avishus.
Framgangen til den nye bygdeavisa medverka sterkt til betre dekning av vestfylket hos dei to store Skien-avisene, Varden og Telemarksavisa. Og det hjelpte på opplagstalet til Vest-Telemark Blad at begge desse byavisene hadde vore talerøyr for norsk medlemskap i EEC. Avisa vart ei inspirasjonskjelde for andre som ville starte lokalavis i distriktet i 1970-åra, mellom anna Dølaposten på Otta, som starta i 1978 og dekte fleire kommunar i Nord-Gudbrandsdalen.
Opplaget var i 1974 på 2900 eksemplar. Avisa vert redigert på nynorsk.
År | Opplag |
---|---|
2020 | 5536 |
Statistikken viser netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.