Faktaboks

Innbyggjartal
2315 (SSB, 2023)
Landareal
1,9 km²
Tettstadsnummer
5078 Sunde/Valen

Sunde/Valen er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,9 km², og har 2315 innbyggjarar (2023).

Sunde/Valen er ein tettstad som ligg sørvest på Folgefonnhalvøya og lengst nord i Høylandssundet som skil Halsnøya frå Folgefonnhalvøya. Sunde har vore definert som tettstad heilt sidan 1910 då tettstaden hadde 766 innbyggjarar, men det var ikkje før sist på 1990-talet at tettstaden Sunde hadde vokst saman med det tettbygde området rundt sjukehuset på Valen og vart til tettstaden Sunde/Valen. Folketallet var 1742 i 2000 og var i 2023 økt til 2315 innbyggjarar.

Sunde var tidlegare prega av industri som skipsbygging og hermetikkproduksjon og var dessutan eit viktig kommunikasjonsknutepunkt og handelssenter. Fra sist på 1900-tallet vart det meste av industrien lagt ned, og med omlegging av veisystem og kommunikasjonar vart også rolla til tettstaden som kommunikasjons- og handelssenter redusert.

Det utvikla seg eit tettbygd område i Valen i kjølvatnet av etableringa av Valen psykiatriske sjukehus som stod ferdig i 1910. Sjukehuset var då det største psykiatriske sjukehuset på Vestlandet utanfor Bergen. Det høyrer i dag til Helse Fonna HF som sorterer under Helse Vest RHF.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg