Dimmelsvik

Artikkelstart

Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 454 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
454 (SSB, 2021)
Landareal
0,5 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5074 Dimmelsvik

Dimmelsvik ligg innanfor Snilstveitøy på austsida av Hardangerfjorden, litt sør for Rosendal.

Gjennom tettstaden går Fylkesveg 500 frå Ranavik på Halsnøya via Sunde og Rosendal til Fylkesveg 49 i Mauranger. Frå Dimmelsvik går Fylkesveg 5024 sørover i Åmvikdalen (Omvikedalen) og over fjellet til Matre ved Matersfjorden.

Dimmelsvik har betongvarefabrikk. I Åmvikdalen sør for tettstaden ligg garden Tveito, der forfattaren Jens Tvedt voks opp. På nabogarden står det gamle Nistovetunet. Båe gardane er overtekne av Sunnhordland Museum.

Namnet er ikkje sikkert tolka; første ledd er kanskje avleiing av norrønt dimmr, 'mørk'.

Kart

Dimmelsvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg