Faktaboks

Innbyggjartal
746 (SSB, 2023)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
5075 Uskedal

Uskedal er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 746 innbyggjarar (2023).

Uskedal ligg ved fylkesveg 500 på Folgefonnhalvøya, ved munninga av Uskedalselva i Husnesfjorden (Hardangerfjorden), innanfor Snilstveitøy. Uskedal ligg ved fylkesvegen mellom tettstadene Herøysund og Dimmelsvik.

Kapteinsgarden i Uskedal er eit vestlandshus frå 1773 i empirestil med mellom anna franske, meir enn 200 år gamle, tapet. Huset vart freda i 1923. Bygdetunet Rød, som ligg like aust for tettstaden, består av ei rekkje hus frå 1700-talet. Til bygdetunet høyrer òg ein bøkkarverkstad ved fjorden.

Kart

Uskedal
Uskedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg