Grenda er ei lokalavis som vert gitt ut i Rosendal. Avisa kjem ut to gonger i veka i papirformat og elles som nettutgåve. Ho dekkjer i hovudsak Kvinnherad kommune. Største eigarar i avisa er Bladstova og Haugesund Avis. Redaktør er Håvard Sætrevik.
Grenda
Faktaboks
- Offisielt namn
- GRENDA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Rosendal
- Dagleg leiar
- Jarle Håvik
- Styreleiar
- Knut Førland
Historie
Grenda kom med første nummer 13. september 1951. Grunnleggjaren var Olav Aurvoll, som hadde flytta til Rosendal to veker tidlegare. Avisa skulle vera eit bygdeblad for «Kvinnherad og grannelaget», politisk uavhengig og på nynorsk. Aurvoll kom frå Fosnavåg på Sunnmøre, der han dreiv avisa Vestlandsnytt.
I Grenda var Aurvoll redaktør, journalist, setjar, trykkar, avisbod og seljar. For å spara tid skreiv han gjerne stoffet rett inn på setjemaskinen, utan manuskript. Trykkinga skjedde først på ei lita flattrykkpresse frå 1880. Den offsetrotasjonspressa Grenda kjøpte i 1975, som den første avisa i fylket, var presse nummer ti i rekka.
Då første nummer gjekk i trykken, hadde han ni abonnentar. Den tiande vart teikna på veg frå trykkeriet. Derifrå gjekk det raskt oppover. Etter vel eitt år var opplaget omlag 1250, og i 1955 var det 1760. Frå 1954 auka frekvensen frå ei til to utgåver i veka.
Sjølv om Aurvoll laga ei særprega avis som mange elska, makta han ikkje å gjera Grenda uunnværleg for alle delar av Kvinnherad. I 1974 var husstandsdekninga så vidt over 50 prosent. Då Kvinnheringen vart skipa på Husnes i 1973, gjekk det berre fem år før bladet var størst av dei to, og dei neste åra heldt avstanden fram med å auka.
Da Aurvoll døydde i 1979, vart Grenda ført vidare av Knut Hass. Han og familien dreiv avisa heilt til 2000, då Hass gjekk av med pensjon.
Kvinnheringen vart kjøpt av A-pressen i 1998. Då Hass skulle gje seg, prøvde A-pressen å overta Grenda òg, for å leggja ho ned. Resultatet var i staden at Grenda vart overteken av Haugesunds Avis (32 prosent), avisa Sunnhordland på Stord og lokale aksjonærar. Dei nye eigarane rusta opp avisa, og opplaget auka noko etter eigarskiftet.
Opplag
Opplagstall for Grenda, 1986-2022
1986 | 2480 |
---|---|
1988 | 2452 |
1990 | 2330 |
1991 | 2336 |
1992 | 2340 |
1993 | 2270 |
1994 | 2285 |
1995 | 2222 |
1996 | 2227 |
1997 | 2192 |
1998 | 2092 |
1999 | 2142 |
2000 | 2547 |
2001 | 2910 |
2002 | 2991 |
2003 | 2998 |
2004 | 2912 |
2005 | 2758 |
2006 | 2733 |
2007 | 2622 |
2008 | 2550 |
2009 | 2415 |
2010 | 2376 |
2011 | 2364 |
2012 | 2334 |
2013 | 2308 |
2014 | 2318 |
2015 | 2325 |
2016 | 2387 |
2017 | 2255 |
2018 | 2196 |
2019 | 2246 |
2020 | 2343 |
2021 | 2624 |
2022 | 2814 |
År | Opplag |
---|---|
1962 | 1161 |
1974 | 2965 |
1983 | 2451 |
1998 | 2092 |
2008 | 2550 |
2015 | 2286 |
2017 | 2255 |
2018 | 2196 |
2019 | 2246 |
2020 | 2343 |
2021 | 2624 |
2022 | 2814 |
2023 | 2799 |
Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Første nr. 13.9.1951.
Les mer i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.