Johan Falkberget

Faktaboks

Johan Falkberget
Johan Petter Mikkelsen Lillebakken
Født
30. september 1879, Røros, Trøndelag
Død
5. april 1967, Røros, Trøndelag

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Johan Falkberget
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Johan Falkberget var ein norsk forfattar og politikar. Falkberget var ein populær forfattar blant lesarar og kritikarar i samtida. Med høge salstal og ei rekkje utmerkingar fekk han ein solid posisjon i det litterære Noreg på 1900-talet.

Bakgrunn

Johan Falkberget byrja å arbeide i gruvene på Røros i sjuårsalderen, og han hadde arbeidsplassen sin her fram til 1906, då han var 27 år gamal.

Falkberget byrja tidleg å skrive artiklar for lokalavisa, Fjell-Ljom. Sidan skreiv han artiklar og forteljingar til aviser og tidsskrift gjennom heile livet. I tillegg var han redaktør i Ålesund-avisa Nybrott (1906–1907) og Fjell-Ljom (1945). Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i perioden 1931–1933.

Falkberget var sterkt knytt til menneska og naturen i Røros-traktene, og etter mange år som forfattar og journalist andre stader i Noreg, kom han tilbake til barndomsheimen ved Ruglsjøen i 1922 og vart buande der til han døydde.

Forfattarskapen

Tema og skrivestil

Johan Falkberget fotografert på Rørosvidda omkring 1950.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Prosaforfattaren Falkberget skriv seg inn i ein nyrealistisk tradisjon, saman med diktarar som Olav Duun, Sigrid Undset og Kristofer Uppdal. Det er gruvemiljøetRøros som er ramma for dei mest kjende romanane hans, og han bruker kulturhistoriske granskingar for å gjere bergmannsmiljøet i bøkene mest mogleg realistisk. Falkberget nyttar òg sine eigne erfaringar og personar han møtte i den tida då han arbeidde i gruvene, som inspirasjon til bøkene han skreiv.

Debutboka Naar livskvelden kjem (1902) var skriven på nynorsk, men sidan skreiv han på bokmål gjennom heile forfattarskapen. For å gjere handlinga meir realistisk nytta han lokale ord og uttrykk og dialekt i dialogane.

Den realistiske litteraturen til Falkberget har ein psykologisk dimensjon. Han skriv om korleis einskildmennesket må ta ansvar for eigne val i ei verd som er i stadig endring. Falkberget bruker kontrastar som lys og mørke og sommar og vinter for å få fram striden mellom det gode og det vonde i mennesket. Den kristne grunnkjensla er ei viktig rettesnor i forfattarskapen hans. Dette blir ofte symbolisert gjennom lysmotivet og bibelallusjonar. Eit døme er Nattens brød, der han bruker Johannesevangeliet som eit hint om tilværet og utviklinga hos An-Magritt og kjærasten hennar, Johannes.

Falkberget er òg ein samfunnskritisk forfattar. Som mangeårig medarbeidar i vittigheitsbladet Hvepsen hadde Falkberget vist humoristisk talent, og i satiren Bør Børson jr. (1920) hadde Falkberget eit kritisk, men humoristisk, skråblikk på aksjespekulantar og bygdedyret. Bør Børson jr. har seinare gjort stor suksess både på teateret og som filmmusikal.

I tillegg til prosaen skreiv Falkberget lyrikk. I 1925 kom diktsamlinga Vers frå Rugelsjøen. I samspel med ein sterk lengt mot det naturlege og reine i fjellheimen finn ein også her det kristne lysmotivet. Falkberget nyttar mykje sjølvbiografisk materiale i bøkene sine. I boka I lyset fra min bergmannslampe (1948) skriv han om sine eigne ungdomsår på Røros.

Tidleg forfattarskap

Johan og Anna Falkberget. Foto ca. 1910.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Falkberget fekk publisert forteljinga Mod lys og grav i Fjell-Ljom i 1901. Debuttboka Naar livskvelden kjem kom i 1902. Falkberget fekk det litterære gjennombrotet sitt i 1907 med romanen Svarte fjelde, der han tek opp det stoffet han sidan skulle løfte til kunstnariske høgder, nemleg gruvearbeidaranes og livet til fjellfolket.

Sidan gav han ut novellesamlingar, lyrikk, artiklar og romanar. Han skreiv samfunnskritisk litteratur og historisk litteratur. Den forteljande prosaen, og først og fremst dei historiske romanane frå Røros, har gjort Falkberget særleg kjend. Det er særleg Den fjerde nattevakt (1923), trilogien Christianus Sextus (1927-1935) og firebandsverket Nattens brød (1940-1959) som lyftar fram Falkberget som ein av dei viktigaste forfattarane i Noreg i det 20. hundreåret.

Den fjerde nattevakt

I 1923 kom Den fjerde nattevakt, som er eit hovudverk i Falkbergets dikting. Handlinga går føre seg på Røros på 1800-talet, og der presten som er i konflikt med sin eigen moral og kjempar mellom tru og tvil. Romanen er ei djuptgåande psykologisk skildring med motiv frå Røros på byrjinga av 1800-talet. Boka vart dramatisert av Carl Fredrik Engelstad.

Christianus Sextus

Bokomslag fra Aschehoug forlag, med maleri fra Røros av Harald Sohlberg.

Falkberget, Johan
Av /※.

Etter grundige studiar av Røros Kobberverks historie byrja Falkberget i 1927 på den mektige trilogien sin Christianus Sextus. Namnet kjem frå ei gruve med same namn, der far til Falkberget arbeidde. Christianus Sextus er rå og brutal i skildringa av dei svenske soldatane som fann vegen til Røros på 1700-talet, men likevel gir trilogien ei von om at kjærleiken vinn fram sjølv i eit ugjestmildt gruvemiljø. Trilogien gir ei gripande og fargerik skildring av kåret til gruvearbeidarane på byrjinga av 1700-talet og er prega av ein inderleg og innlevande kjærleik til dei utpinte gruvearbeidarar og fjellbønder.

Det første bindet til trilogien, De første gesellar (1927), vart følgde av I teiknet til hammaren (1931) og Tårnvekteren (1935). Verket utgjer eit av høgdepunkta i den norske romandiktinga til 1900-talet. Ei noko forkorta folkeutgåve kom i 1938.

Nattens brød

Andre romanserien til Falkberget, Brødet i natt (1940-1959), går endå eit hundreår djupare ned i Rørosverket si historie. Første bind, An-Magritt, kom i 1940, Plogjernet i 1946, Johannes i 1952 og Kjærlighets veg i 1959. Den breitt oppbygde skildringa i serien har ein betakande fargestyrke og fylde. Verket blir som i alle Falkbergets seinare verk bore av ei inderleg religiøs grunnkjensle. Første bind er dramatisert fleire gonger, og vart filmatisert av Arne Skouen med Liv Ullmann i tittelrolla i 1969.

Utmerkingar

Johan Falkberget. Foto 1963.
Av /Rørosmuseet.
Lisens: CC PDM

Falkberget fekk kunstnarløn frå 1930 og offentleg æresløn (25 000 kroner per år) frå 1963. I 1960 blei han kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. På sin 85-årsdag i 1964 vart han tildelt Borgerdådsmedaljen i gull. Falkberget vart æresdoktor ved Stockholms Högskola i 1950. Heimstaden til Falkberget, Ratvolden, er i dag museum.

Verk

Verk Årstall
Mod lys og grav 1901
Naar livskvelden kjem 1902
Bjarne. Et billede fra en fjeldbygd 1903
Vaarsus 1905
Hauk Uglevatn. Fortælling fra Dovrefjeld 1906
Svarte fjelde 1907
Ved den evige sne 1908
Urtidsnat 1909
Fimbulvinter 1911
En finnejentes kjærlighetshistorie 1912
Eli Sjursdotter 1913
Av jarleætt 1914
Lisbet paa Jarnfjeld 1915
Brændoffer 1917
Sol. En historie fra 1600-tallet 1918
Bjørne-Skytten 1919
Bør Børson jr. 1920
Byd lykken haanden, eller da Johannes Mo løste rebusen 1920
Den fjerde nattevakt 1923
Den nye Bør Børson 1927

Christianus Sextus

  1. De første geseller (1927)
  2. I hammerens tegn (1931)
  3. Tårnvekteren (1935)
1927 – 1935
Solfrid i Bjønstu og de syv svende 1928
I forbifarten 1929
Der stenene taler 1933
I vakttårnet 1936

Nattens brød

  1. An-Magritt (1940)
  2. Plogjernet (1946)
  3. Johannes (1952)
  4. Kjærlighets veier (1959)
1940 – 1959
Runer på fjellveggen 1944
I lyset fra min bergmannslampe 1948
Jeg så dem 1963

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie. 2001
  • Berg, Arngeir & Rune Ottosen: Johan Falkberget som pressemann og politiker, 1989
  • Døhl, Einar: Johan Falkberget : Bergstadens dikter, 3. utg., 1963
  • Evenstad, Ragnar (red.): Vendt mot lyset. Johan Falkberget i liv og diktning. 2009
  • Falkberget, Aasta: Far og mor i unge år, 1971
  • Falkberget, Aasta: I Trondalen og på Ratvolden, 1974
  • Fjell-folk: årbok for rørostraktene fra Røros museums- og historielag(spesialnr. m. tittel «Johan Falkberget», utg. i anledning av 100-årsjubileet for hans fødsel, 30. sept. 1979)
  • Kojen, Jon: Dikteren fra gruvene, 1949
  • Kojen, Sturle: Johan Falkberget : forteller og stridsmann, 2007
  • Kommandantvold, Kristian Magnus: Johan Falkbergets bergmannsverden, 1971, 2 b.
  • Norsk biografisk leksikon 2. utg.
  • Pettersen, Turid Barth, red.: Falkberget nå: artikler ved hundreårsjubileet, 1980
  • Svenne, Hans: Johan Falkberget i Norge : en bibliografi, 1993
  • Thesen, Rolv: Johan Falkberget og hans rike, 1959

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg