Artikkelstart
Hans Skjervheim var ein norsk filosof og essayist. Han var særleg knytt til positivismestriden innanfor filosofi og samfunnsfag, og var oppteken av grensene for den (natur)vitskaplege tenkjemåten, og av farane ved å gjere menneskeleg subjektivitet til objekt.
Hans Skjervheim tok realartium i 1946 på Voss og avtente så verneplikta i Tysklandsbrigaden. Han studerte ved Universitetet i Oslo frå 1947 og tok magistergraden i filosofi i 1957 med avhandlinga Objectivism and the Study of Man, der han dreg opp grensene for å studere menneske som objekt.
Skjervheim var stipendiat i München og Oslo fram til 1969, då han vart knytt til Universitetet i Bergen, frå 1982 som professor. Der var han fram til han vart arbeidsufør i 1991 (hjerneslag), avbrote av eit år ved Roskilde Universitetscenter (1974–75).
I 1988 fekk Skjervheim den tyske forbundsrepublikkens fortenestemedalje av 1. klasse for innsatsen sin for å fremje kjennskap til tysk filosofi og kultur.
Frå 1996 blir det årlege Skjervheimseminaret haldt på Stalheim i Voss.
Kommentarer (6)
skrev Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
svarte Georg Kjøll
svarte Anne Marit Godal
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.