humaniora

Studiet av språk og tekstar står sentralt i humaniora. Biletet syner Magnus Lagabøtes landslov.

/Nasjonalbiblioteket. Falt i det fri. Public domain

Humaniora, studerer uttrykk for menneska sine evner til å forstå, utforske og forme dei åndelege og materielle vilkåra for sine liv.

Humaniora i det norske universitetssystemet omfattar fag som arkeologi, medievitskap, musikkvitskap, religionsvitskap, teatervitskap, historie, kunsthistorie, religionshistorie, idehistorie, digital kultur, konservering, filologi, språkvitskap, litteraturvitskap, og filosofi.

Ordet humaniora kjem frå latin som del av uttrykket studia humaniora – 'Studium av meir menneskelege ting', i motsetnad til studia divinitatis – 'studium av dei guddommelege tinga'. I denne arkaiske tydinga er humaniora avgrensa til studium av latinsk og gresk språk og skriftkultur.

I nyare norsk samanheng tyder humaniora det same som humanvitskapar, humanistiske vitskapar, humanistiske fag, menneskevitskapar eller åndsvitskapar. 

Grensene mellom humaniora og andre vitskapsgreiner er ikkje absolutte. Innanfor samfunnsvitskapane, jus, og helsefag finst sterke humanvitskaplege innslag, til dømes i antropologi, pedagogikk, sjukepleievitskap, rettsvitskap med fleire. På same måte nyttar humanistiske fag metodar frå andre vitskapsgreiner eller nyttar humanistiske metodar for å studere kunnskapsproduksjon der. I tverrfaglege forskings- og innovasjonsprosjekt der praktisk problemløysing står i fokus gjer samanstilling eller integrering av metodar skiljet mellom vitskapsgreiner mindre relevante. 

Humaniora vart på 1800-talet gjerne avgrensa mot naturvitskapane; seinare også samfunnsvitskapane. Wilhelm Dilthey skilde mellom åndsvitskapar (Geisteswissenschaften) og naturvitskapar (Naturwissenschaften), og dette skiljet legg ofte premissane for dagens debatt om humaniora. Åndsvitskapane studerer uttrykk for menneska sitt åndelege liv i form av tekstar, bilete, skulpturar, byggverk og andre menneskeskapte ting, medan naturvitskapane studerer naturlege system.

I praksis er det ofte vanskeleg å skilje klårt mellom natur og kultur – dei er innvovne i kvarandre. Det same gjeld humaniora og naturvitskapane. Naturen er til dømes sjeldan direkte tilgjengeleg for vitskapleg gransking. For å få kunnskap om naturen må vi omforma den til språklege og andre symbolske uttrykk, som så kan brukast til å forklare og kontrollere naturlege prosessar. I denne prosessen treng vi teoriar, hypotesar, måleinstrument, modellar, simuleringar, forsøksdyr og liknande for å «leggje naturen til rette» for gransking. Alle desse verktya, og måtane dei vert brukte på, er menneskeskapte, ikkje naturlege.

Dei humanistiske vitskapane nyttar eit mangfald av vitskaplege metodar, etter kva emnet krev. Det kan vere kvantitative metodar i form av statistisk dataanalyse, nettverksanalysar og laboratorieforsøk av ulike slag, eller kvalitative metodar som forskingsintervju, observasjon, og andre etnografiske og samfunnsvitskaplege metodar. Tekst- og bilettolking står ofte sentralt, saman med kjeldekritkk. Dessutan analysar av språklege og logiske strukturar i naturlege og kunstige språk. Eit særdrag ved humanistiske fag som etikk, politisk filosofi og estetiske fag er at dei utviklar kunnskap om normative spørsmål og normativ argumentasjon – verdidommar i moralsk eller estetisk forstand.

Finansiering av akademia, alle kjelder, 2015 Forstørr Forminsk

Landbruk, fiskeri og vet-med 0,5
Samfunnsvitskaplege fag 4,4
Medisin og helsefag 6,6
Teknologifag 2,1
Matematisk-naturvitskaplege fag 3,4
Humanistiske fag 1,6

Kilde: FOU-statistikkbasen

I 2015 var det totalt 3016 fast og midlertidig tilsette på humanistiske fag i universitets- og høgskulesektoren. Til samanlikning var det i fagområda samfunnsvitskap 7248 tilsette, matematikk og naturvitskap 3326 tilsette, og i medisin og helsefag 7920 tilsette, teknologi 2587 tilsette. (Statistikken som er henta frå NIFU, statistikkbasen, omfattar alt FOU-personale frå vitskapelige tilsette til toppleiarar.)

Finansieringa av dei ulike fagområda (alle kjelder) var i 2015 for humanistiske fag 1,6 milliardar, samfunnsvitskaplege fag 4,4 milliardar, matematisk-naturvitskaplege fag 3,4 milliardar, teknologi 2,1 milliardar, for medisin og helse 6,6 milliardar, Landbruks og fiskerifag og veterinærmedisin 0,5 milliard. (Kjelde: NIFU, Statistikkdatabasen. Desimalene er avrunda).

Internasjonalt pågår det ein debatt om humanioras rolle i samfunnet og i akademia. Somme plassar ligg mangel på ressursar til grunn for harde prioriteringar, og det har blitt viktig å synleggjere humaniorafaga sin relevans. I Noreg starta Regjeringa Solberg i 2016 arbeidet med ei melding til Stortinget om humanistisk forsking og utdanning. Ifølgje Kunnskapsdepartementet skal meldinga ha «kvalitet» som hovudfokus, og vert strukturert etter fire hovudtema: fagintern relevans (med vekt på originalitet og internasjonalt gjennomslag – «impact»), samfunnsrelevans, arbeidslivsrelevans, og relevans for skule og lærarutdanning. Fokuset gir meldinga eit klart siktemål, men koblinga mellom kvalitet og relevans vil truleg også vere kontroversielt i mange fagmiljø. Departementet ba om konkrete innspel om kva som framover skal prioriterast i humanistisk forsking og utdanning, og det kom inn ei rekke innspel frå universitet, høgskular og andre institusjonar. Meldinga skal vere ferdig i 2017.

  • David Budtz Pedersen, Simo Køppe og Frederik Stjernfelt (red.). Kampen om disciplinerne: Viden og videnskabelighed i humanistisk forskning. København: Hans Reizel forlag, 2015.
  • Rens Bod. A New History of the Humanities: The Search for Principles and Patterns from Antiquity to the Present. Oxford: Oxford University Press, 2013.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.