Íslendingabók, side 5/25
Av /Árni Magnússon-instituttet.

Íslendingabók – «Boka om islendingene» – er eit kort historieverk frå kring 1130. Det er skrive på norrønt av den islandske presten Ari Þorgilsson (Are Frode).

Íslendingabók tek for seg Islands historie frå landnåmet (ca. 870) til ca. 1120. Ari skriv om landnåmet og hovdingane i dei fire landsdelane, om skipinga av Alltinget og lovene, og om kristninga og biskopane i dei to bispedøma i landet.

I prologen til boka skriv Ari at han først også skreiv om islandske slekter og om kongar, og at han viste fram dette til biskopane Torlak og Kjetil. Det må han ha gjort i tida 1122–1133. I den overleverte versjonen, som truleg er skriven kring 1130, er ikkje slekts- og kongerekkjene med, men der er islandshistoria utvida.

Íslendingabók var sannsynlegvis ei av dei første tekstene som vart skriven med latinske bokstavar på morsmålet. Tidlegare islandske historieskrivarar, til dømes Sæmund Frode, skreiv på latin.

Det einaste kjente handskriftet frå mellomalderen av dette verket kom bort innan slutten av 1600-talet, men kring 1651 laga presten Jón Erlendsson to avskrifter som er bevart. Den siste av desse avskriftene var eit forsøk på å kopiere mellomalderhandskriftet så nøye som mogeleg, og difor veit ein omtrent korleis det tapte handskriftet kan ha sett ut.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holtsmark, Anne (utg.) 1951. Íslendingabók. (Nordisk filologi, A5.) Oslo m.fl.st.
  • Magerøy, Hallvard (oms.) 1963. Islendingboka, i Den norrøne litteraturen, 6. 49–62. Oslo: Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg