Brit Bildøen

Faktaboks

Brit Bildøen
Født
28. januar 1962, Ålesund, Møre og Romsdal

Foto: Tove K. Breistein

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Brit Bildøen er forfattar av romanar, barnebøker, essay og lyrikk. Ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar.

Bakgrunn

Brit Bildøen er fødd i Ålesund i Møre og Romsdal og er oppvaksen på Aukra i Møre og Romsdal. Ho er utdanna bibliotekar (1981–1984) og arbeidde ved Kvinnherad folkebibliotek fram til 1989. Ho har studert sosiologi og har vore student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1991). No er ho forfattar på heiltid. Ho har òg vore kritikar og omsetjar, konsulent i Det Norske Samlaget sidan 1999 og har vore med på å skipe tidsskriftet Utflukt. Bildøen var styremedlem i Allkunne AS 2014–2016 og i Nynorsk kultursentrum 2014–2018.

Forfattarskapen

Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Gjennombrotet kom med romanen Tvillingfeber (1998). Romanen Alt som er (2004) blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, noko som var uvanleg for ein kvinneleg forfattar som skreiv på nynorsk.

Bildøen er ein god forteljar. Ho er stilsikker og bruker språket medvite, ho eksperimenterer med språket og er tydeleg i metaforbruken. Ho har ei ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om i skjønnlitteraturen elles.

Romanar

Brit Bildøen. Alt som er. Samlaget.
Bokomslag

Bildøen eksperimenterer med språket og tek opp kjønnsrolleproblem på ein parodierande og ironisk måte i romanane sine. Hovudpersonane er kvinner. Dei to første romanane var Eit anna eple (1992) og Tur og orden (1995).

I Tvillingfeber (1998) møter vi Ida, som leiter etter tvillingen sin, og romanen handlar om åtskiljing, forsvinning, jakta på eigen identitet og generasjonsproblematikk. Tvillingfeber blei nominert til Brageprisen.

I Landfastlykke (2001) teiknar Bildøen eit portrett av den moderne kvinna. Hovudpersonen vil ha i både pose og sekk, samtidig som ho ikkje heilt veit kva ho vil i trekantdramaet som blir skildra. Romanen handlar om kjærleik, venskap og barnløyse, og bruene i romanen er metaforar for mellommenneskelege forhold, men også konkrete byggverk.

I Alt som er (2004) er kjærleik, fridom til å velje og barnløyse tema i tre forteljingar som er fletta inn i kvarandre. Lesaren møter ein familie i tre generasjonar og dei vala dei gjer i livet. Den store kjærleiken kolliderer med fornufta, og resultatet blir svik og val som blir skjebnesvangre. Romanen var både den første hovudboka av ein kvinneleg forfattar som skreiv på nynorsk, og den første boka frå Samlaget som blei innkjøpt til Bokklubben Nye Bøker.

Mitt milde vesen (2006) er eit familiedrama om kjærleik, undertrykt sinne, tagnad og utruskap. Språket er intenst og biletrikt, og atmosfæren spent. Hovudpersonen, Johanne, tek eit oppgjer med seg sjølv og prøver samtidig å forstå livet til foreldra, sidan mora nektar å snakke til henne.

Adam Hiorths veg (2011) er ein miljøroman med både humor og alvor. Vi følgjer den kjende miljøvernaren Jon Utskott på sin årlege sykkeltur frå aust til vest. Som ein syklande Don Quijote er reisa like mykje ei reise gjennom idealisme, ettertanke og dei store spørsmåla i livet. Romanen byggjer på dei kjende, litteraturhistoriske figurane Don Quijote og Sancho Panza, skapt av forfattaren Miguel de Cervantes, med klare referansar til både figurane og forteljarstruktur.

I romanen Sju dagar i august (2014) følgjer vi ekteparet Sofie og Otto gjennom ei veke i august. Hendinga er lagt fram i tid, og det er åtte år sidan terrorhandlinga 22. juli 2011, der Sofie mista dottera si. Romanen var ei av dei første skjønnlitterære bøkene som handlar om terrorhandlinga 22. juli 2011.

Essay

I essaysamlinga Litterær salong (2009) presenterer Bildøen ti kvinnelege forfattarar som har vore viktige det siste hundreåret, og som bør få meir merksemd fordi dei skriv bøker av høg kvalitet. Ho guidar lesaren rundt i forskattarskapen til mellom anna Gertrude Stein, Carol Shields, Halldis Moren Vesaas, Doris Lessing og Elfriede Jelinek. Bildøen meiner at kvinnelege forfattar er for usynlege i den offentlege debatten om kultur. Ho vil gi lesarane ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen i litteraturen.

Barnebøker

Brit Bildøen har gitt ut fleire barnebøker. Peder og plystrelyden kom i 1994 og Romhunden Odin i 2001. Romhunden Odin er ei biletbok om bulldoggen Odin som blir vald ut til å reise på eit viktig oppdrag i verdsrommet. Denne boka var hovudbok i Blåmann Barnebokklubb.

Spøkjelseshunden Goggen går att i Huset Goggenheim (2007). I huset, som ligg på ei klippe, bur to tvillingar saman med far sin. Goggen greidde ikkje å redde eigaren sin frå forlis, så han får ikkje fred og prøver å berge alle i huset.

Lyrikk

Brit Bildøen debuterte med diktsamlinga Bilde av menn (1991). Dikta dreiar om menn, kjærleik, natur og liv. Den andre diktsamlinga hennar, På visse tider av døgnet (1994), kan lesast som ei romantisk skumringsstemning, der ei vemodig, men glad kvinne gir seg til kjenne.

Gjendikting og omsetjing

Bildøen gav i 1996 ut diktsamlinga Det rosa er i oss, som er gjendiktingar frå utval av fem av samlingane til den amerikanske poeten Rita Dove. Ho står òg bak gjendiktingar av Adrienne Rich og Radmila Lazić.

Bildøen har omsett Barbro Lindgrens barnebøker Det vesle lokomotivet Rosa (1996) og Rosa flyttar til byen (1997) frå svensk.

Utmerkingar

Bildøen fekk Nynorsk litteraturpris i 1998 for Tvillingfeber, Osloprisen i 1998, Sunnmørsprisen i 2004 og Samlagsprisen i 2011. I 2001 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta. Bildøen fekk Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for romanen Landfastlykke (2001), P2-lyttarane sin romanpris 2014 for romanen Sju dagar i august, Nynorsk litteraturpris 2018 for romanen Tre vegar til havet og Amalie Skram-prisen 2020. Ho vart heidersmedlem i Samlaget i 2018.

Bibliografi

  • Over land og hav (Sakprosa, Kagge Forlag, 2020)
  • Tre vegar til havet. (Roman, Samlaget, 2018)
  • Sju dagar i august. (Roman, Samlaget, 2014)
  • Adam Hiorths veg. (Roman, Samlaget, 2011)
  • Litterær salong essaysamling (red.) (Essays, Samlaget, 2009)
  • Huset Goggenheim. (Barnebok, Samlaget, 2007)
  • Mitt milde vesen. (Roman, Samlaget, 2006)
  • Alt som er. (Roman, Samlaget, 2004)
  • Landfastlykke. (Roman, Samlaget, 2001)
  • Romhunden Odin. (Billedbok, Samlaget, 2001)
  • Tvillingfeber. (Roman, Samlaget, 1998)
  • Rota Dove: Det rosa er i oss. (Gjendiktning, 1996)
  • Tur og orden. (Roman, 1995)
  • Peder og plystrelyden. (Billedbok, 1994)
  • På visse tider av døgnet. (Lyrikk, 1994)
  • Eit anna eple.(Roman, 1992)
  • Bilde av menn. (Lyrikk, 1991)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brit Bildøen : forfattarhefte, 2002 (Forfattarportrett av Gro Byrkjeland)
  • Mathiassen, Jorid: I Brit Bildøens bilde, Bok og samfunn, 2006, nr 16, s. 4-6

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg