Allkunne

Logo
Av .
Framsida i 2021
Av .

Artikkelstart

Allkunne var eit redigert nettleksikonnynorsk, eigd og drive av stiftinga Nynorsk kultursentrum. Leksikonet blei skipa i 2008, og nettstaden allkunne.no opna i 2009. Leksikonet blei finansiert gjennom årlege øyremerka tilskot frå Kulturdepartementet og med prosjektstøtte frå ulike stiftingar og organisasjonar.

Frå 2021 overtok Store norske leksikon delar av innhaldet, og Allkunne blei avvikla.

Redaktør og dagleg leiar i 2020 var Stina Aasen Lødemel, og ansvarleg redaktør var Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Innhald og språk: «levande leksikon»

Allkunne sitt føremål var å styrkje nynorsk språk og kulturhistorie. Oppslagsverkets hovudoppgåver var å dokumentere og formidle den nynorske kulturhistoria og å gjere kunnskap om alle emna i verda tilgjengeleg på nynorsk.

Sentralt i Allkunne var det dei kalla det nynorske blikket og det allmenne språkblikket, både i utval og vektlegging av innhald. Dei første åra publiserte Allkunne i hovudsak artiklar om nynorsk kulturhistorie, og frå 2011 blei Allkunne gradvis eit allment leksikon. Blant områda som var best dekte i Allkunne, var nynorsk litteraturhistorie, norsk samtidslitteratur, norsk historie, språk i verda og aktuelle biografiar og emne frå samfunn og politikk.

Å byggje eit leksikon frå botnen av tek tid. Primærinnhaldet i Allkunne var dei eigenproduserte artiklane skrivne av eksterne medarbeidarar etter redaksjonelle prioriteringar. For å kunne dekkje fleire fagområde raskt kjøpte Allkunne i 2009 rettane til å publisere mesteparten av stoffet i eittbandsleksikonet Caplex. Tekstane derifrå blei vurderte og oppdaterte av Alkunnes fagkonsulentar, omsette frå bokmål til nynorsk, språkvaska og redigerte for digitalt format før dei blei publiserte. Dertil publiserte Allkunne lokalhistoriske tekstar frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som Allkunne tok over i 2015 då NRK slutta å drive tenesta, i tillegg til tekstar frå einskilde leksikalske bokverk som blei omsette og kvalitetssikra.

I 2019 var Allkunne nominert til Språkprisen, Språkrådet sin pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Då Allkunne blei avvikla ved utgangen av 2020, hadde leksikonet meir enn 26 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om ulike emne.

Slagordet til Allkunne var «levande leksikon». I dette låg det ein tanke om at kunnskap og språk ikkje er statisk, men utviklar seg over tid.

Historie, eigarskap og organisering

Framsida i 2009
Av .

Ideen om eit digitalt leksikon på nynorsk tok form alt på 1990-talet. I 1999 la Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum fram det første notatet om eit allment digitalt leksikon på nynorsk for Det Norske Samlaget, etter samtalar med forlagsdirektør Audun Heskestad og sjefsredaktør Sverre Tusvik. På oppdrag frå Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget la Oddmund L. Hoel i 2002 fram forprosjektrapporten «Nasjonal nynorsk kunnskapsbase». Eit slik prosjekt ville vere avhengig av statlege pengar. Tre år seinare, i 2005, vedtok Stortinget den første løyvinga til eit nynorsk digitalt leksikon. Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget la i 2007 fram prosjektplanen «1001 tekstar», som danna grunnlaget for skipinga av Allkunne i 2008. Ein pilotversjon blei opna 26. mai 2009, medan den offisielle lanseringa var 20. oktober same året.

Allkunne var frå starten organisert som eit AS, eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, frå 2012 berre av sistnemnde.

Frå 2010 heldt administrasjonen til i Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta, med to fast tilsette: redaktør / dagleg leiar og redaksjonssekretær. I tillegg var ei rekkje eksterne medarbeidarar tilknytte Allkunne: forfattarar, fagkonsulentar, omsetjarar og språkvaskar. Ein viktig del av Allkunne sin redaksjonsmodell var den eksternt tilknytte tverrfaglege redaksjonen, oppnemnde av styret. Redaksjonen deltok i arbeidet med prioritering av artiklar og emne og andre redaksjonelle spørsmål og vurderte alle nyskrivne artiklar. Modellen sikra kvalitet, men bidrog ikkje til høgt leksikalt produksjonstempo.

I 2016 blei Allkunne omorganisert frå aksjeselskap til ei avdeling i Nynorsk kultursentrum. Etter omorganiseringa blei Nynorsk kultursentrum utgivar og direktøren ansvarleg redaktør – samstundes med at det daglege redaktørmyndet blei delegert til dagleg leiar og redaktør i Allkunne.

I 2020 vedtok styra i Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon ein overtakingsavtale og ein samarbeidsavtale. Bakgrunnen var at Nynorsk kultursentrum meinte dei ikkje kunne nå ønskte målsetjingar om artikkel-, oppdatering- og lesartal innanfor rammene som gjaldt. I 2020 hadde dei 26 000 artiklane 877 047 lesarar. Stiftinga meinte vidare at kunnskapsformidling på nynorsk ville nå ut til fleire gjennom nettstaden til Store norske leksikon og med det styrkje det norske fagspråket.

Store norske leksikon på si side hadde i ti år opna for å publisere artiklar på nynorsk, men det tok tid å få opp nynorskdelen. Med overtakinga fekk Store norske leksikon tilgang til eit stort antal kvalitetssikra artiklar på nynorsk. Også i det nye samarbeidet vil det kome nytt leksikoninnhald frå Nynorsk kultursentrum, og stiftinga vil bidra økonomisk og fagleg til å auke antalet artiklar på nynorsk på snl.no. Samstundes vil Store norske leksikon bruke meir tid og ressursar på nynorsk kunnskapsformidling og halde fram arbeidet med å dokumentere nynorsk kulturhistorie. Nynorsk kultursentrum er frå 2020 medlem i Store norske leksikon.

I samband med vedtaket om avvikling av Allkunne inngjekk Nynorsk kultursentrum og Vestland fylkeskommune i 2020 ein avtale om overtaking av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Tilsette

Redaktør og dagleg leiar

  • Randulf Rønningen (2008–2009)
  • Eirik Helleve (2009–2010)
  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, også ansvarleg redaktør (2010–2016)
  • Linda Halse Digernes (konstituert 2010–2011)
  • Stina Aasen Lødemel (konstituert 2016–2017)
  • Per Magnus Finnanger Sandsmark (2017–2018)
  • Stina Aasen Lødemel (2018–2020)

Ansvarleg redaktør:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (2010–2016)
  • Ottar Grepstad (2016–2018)
  • Per Magnus Finnanger Sandsmark (2018–2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg