Yellowstone National Park

Yellowstone National Park i Wyoming. West Thumb Geysir, ein av dei tallause geysirane i nasjonalparken. I bakgrunnen ligg innsjøen Yellowstone.

Av /NTB Scanpix ※.
Serengeti
Serengeti nasjonalpark i Tanzania, Aust-Afrika.
Dovrefjell-Sunndalsøra nasjonalpark vart etablert i 2002.
Dovrefjell-Sunndalsøra nasjonalpark vart etablert i 2002.
Dovrefjell-Sunndalsøra nasjonalpark vart etablert i 2002.
Inngangen til Sarek nasjonalpark
Elg i Rapadalen, inngangen til Sarek nasjonalpark i Sverige, oppretta i 1909.
Inngangen til Sarek nasjonalpark
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen nasjonalpark er ein av dei mest kjende nasjonalparkane i Noreg. Midtmaradalen er ein vakker u-dal. Store Skagastølstind til høgre.
Jotunheimen nasjonalpark

Ein nasjonalpark er eit større naturområde, som regel i statleg eige, som er verna mot inngrep som i vesentleg grad kan endre naturforholda. Områda er valde ut fordi dei inneheld nærast urørt, eigenarta eller særleg vakker natur. Den første nasjonalparken i verda vart oppretta i Yellowstone i Wyoming, USA, i 1872. Noregs første var Rondane, som vart nasjonalpark i 1962.

Faktaboks

Uttale
nasjonˈalpark

Nasjonalparkar i utlandet

Etter at Yellowstone nasjonalpark vart oppretta i 1872, vart det oppretta nasjonalparkar i mellom anna Australia (1879) og Canada (1887). Europas første nasjonalparkar vart oppretta i Sverige i 1909. Dei største samla verna areala finst i Canada (229 000 km2), USA og Australia. Den største nasjonalparken i verda, Nordøstgrønland, har eit areal på cirka 700 000 km2.

Afrika er den verdsdelen der arbeidet med nasjonalparkar har kome lengst. Seks av dei ti største nasjonalparkane i verda ligg i Afrika, og av dei ti landa som har verna mest i forhold til landarealet, er sju afrikanske. Taloppgåver om nasjonalparkar i ulike land kan elles vera misvisande, mellom anna fordi definisjonar og heimlar varierer.

Medan dei nordiske landa legg vekt på at nasjonalparkane skal vera prega av urørt natur, er det eit typisk trekk at nasjonalparkar i meir industrialiserte og folkerike land har sterkare preg av kulturlandskap og parkar. I USA og i fleire europeiske land blir det ofte laga til bilvegar gjennom områda for å gjera det lettare for besøkjande å koma til. Dette må mellom anna sjåast i samanheng med at det i mange land ikkje eksisterer nokon rett til fri ferdsel i utmark som er i privat eige. I nasjonalparkar med rikt dyreliv, som i Afrika, kan også biltrafikk i mange tilfelle verke mindre forstyrrande enn ferdsel til fots.

Dei store afrikanske nasjonalparkane har truleg vore med på å redde mange afrikanske dyreartar frå utrydding, særleg dei store pattedyra. Europeisk bison (Polen) og alpesteinbukk (Italia) er døme på europeiske artar som truleg er redda ved at det vart oppretta nasjonalparkar.

USA har også ein annan kategori av større verneområde utanom nasjonalparkane, dei såkalla villmarksområda (wilderness areas). Det finst 756 villmarksområde i USA, med eit samla areal på vel 443 000 km2. I dei amerikanske nasjonalparkane kan det vera både busetnad (byar), veg, jernbane og annan infrastruktur, men i villmarksområda er det ingen eller nesten ingen tekniske inngrep. Det er lov å ferdast i villmarksområda, men det er ingen organiserte hjelpeapparat å søkje hjelp hos om behov for assistanse skulle oppstå.

Nasjonalparkar i Noreg

Noreg har totalt 48 nasjonalparkar, og 41 ligg på fastlandet og 7 på Svalbard. Totalt er omkring 10 prosent av fastlandet verna som nasjonalpark. Områda blir regulerte i samsvar med naturmangfaldslova. Noreg fekk sin første nasjonalpark så seint som i 1962 (Rondane), medan Sverige fekk sine første lenge før, i 1909. Dei første norske nasjonalparkane vart i hovudsak oppretta på statleg grunn, noko som vart vesentleg endra då Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta i 1981.

Eit skifte i tenkinga omkring nasjonalparkar i Noreg skjedde i 1986 med utgreiinga Ny landsplan for nasjonalparker (NOU 1986: 13). Utvalet som stod bak utgreiinga, påpeika at det var skeivskapar i kva naturtypar som så langt var fanga inn av nasjonalparkar. Det var hovudsakleg fjellnatur som var verna i dei eksisterande nasjonalparkane, og utvalet peika på at det også var behov for å verne større område av annan type natur. I dag er det nasjonalparkar også utanfor fjellet, som Færder nasjonalpark, Raet nasjonalpark, Ytre Hvaler nasjonalpark og Jomfruland nasjonalpark. Hardangervidda nasjonalpark er vår største nasjonalpark, med eit areal på 3422 km2, og er mellom anna levestad for den største villreinstammen i Europa.

Dei norske nasjonalparkane er ein viktig del av norsk friluftsliv. I dei fleste av dei er det eit omfattande nett av turstiar, og Den Norske Turistforening og andre aktørar har mange overnattingshytter langs stinettet. Nasjonalparkane er også viktige for det biologiske mangfaldet av plantar, fuglar og dyr, både i fjellet, langs kysten og i andre delar av landet. Mange av nasjonalparkane inneheld også kulturminne frå ein lang tidsperiode, frå steinalderen og framover.

Sjølv om delar av nasjonalparkane har vore brukte til støling og setring gjennom lange tider, fangar dei inn nokre av dei delane av norsk natur som er mest frie for tekniske inngrep. I ei tid prega av klimaendring og annan menneskeleg påverknad kan dei brukast som referanseområde for miljøendringar som går føre seg i verda i dag. Ved å studere endringar i kva utbreiing, tettleik og høgdegrenser plantar og dyr i nasjonalparkane har, kan vi til dømes få kunnskap om effektane av klimaendringar, langtransportert forureining, jakt og annan menneskeleg påverknad. Meir enn nokon gong har nasjonalparkane betydning som ein indikator på korleis det står til med kloden vår.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg