Vera Henriksen

Faktaboks

Vera Henriksen
Født
22. mars 1927, Oslo
Død
23. mai 2016, Lom, Innlandet

Fotografert i New Jersey 1961

Vera Henriksen
Av /NTB Scanpix ※.
Vera Henriksen. Foto 1963.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Vera Henriksen var ein særs produktiv forfattar, som skreiv i mange sjangrar. Ho hadde ei sjeldan evne til å omdanne fagkunnskap til historiske romanar.

Bakgrunn

Vera Henriksen var fødd i Oslo og døydde i Lom i Oppland (no Innlandet). Ho budde i Oslo fram til 1940, så nokre år ved Tvedestrand, før ho flytta frå landet i 1944. Ho tok examen artiumreallinja ved det norske gymnaset i Uppsala i 1945. Frå 1946 studerte ho i USA, der ho budde fram til 1963. Henriksen studerte først to år arkitektur ved Yale University, sidan journalistikk og kunsthistorie ved Columbia University i 1948–1949. Henriksen budde i Lom frå slutten av 1970-åra og fram til ho døydde.

Forfattarskapen

Heilt frå starten stod kvinneperspektivet sentralt i forfattarskapen. Det kom mellom anna til uttrykk gjennom bruken av kvinnelege hovudpersonar og synsvinklar i romanane. Tilsvarande la ho stor vekt på kvinnerolla i dei faglitterære verka sine. Slik gav Henriksen kvinnene ein meir framståande plass i historiebøkene, samstundes som ho kasta nytt lys inn i historieskrivinga. Ho skildra dramatiske og viktige brytingstider i samfunnet, til dømes kristendomen sitt inntog mot slutten av vikingtida og reformasjonen i seinmellomalderen.

Henriksen debuterte i 1961 med Sølvhammeren. Så kom Jærtegn (1962) og Helgenkongen (1963). Desse tre bøkene utgjorde den første vikingtrilogien hennar, «Sigrid-trilogien». Romanserien vart svært populær. Gjennom Sigrid Toresdatter sine auge skildra ho Olav Haraldsson (Heilag-Olav) og den brutale framferda under kristendomen sitt inntog i landet. Debutserien blei fulgt av ein moderne ekteskapsroman, Glassberget (1966).

Trollsteinen (1970) var starten på ein serie på fem romanar om tida etter reformasjonen. Dei neste i denne serien var Pilegrimsferd (1971), Blåbreen (1973), Staupet (1975) og Skjærsild (1977). Handlinga er lagd til Lom, men forfattaren syner samstundes korleis djuptgåande endringar i Europa hadde innverknad på kvardagslivet i Bygde-Noreg. Seinare kom det fleire romanar med handling frå både norrøn tid og mellomalderen.

I dei historiske romanane Klangen av en lutt (bind 1, 2001) og Ildens sang (bind 2, 2002) om jesuitten og luttspelaren Jon Bentsson, flyttar handlinga seg fram og tilbake frå Noreg og ut i mange land i Europa i ei farleg og uroleg tid på 1600-talet.

I alt skreiv ho sju sogespel for framføring utandørs. Ho har òg skrive ei barnebok, Eventyrsagaen (1988) og ein tredelt serie for ungdom, Skipet uten drage (1990, 1991 og 1992), også desse baserte på historiske kjelder.

Henriksen delte av sin rike kunnskap om eldre tider gjennom ein rikhaldig sakprosaproduksjon. I Sagaens kvinner (1981) og Skjebneveven (1982) er det kvinnene si sentrale rolle i sagatida som står i sentrum. Verdenstreet (1984) handlar om norrøn mytologi. Ho har skrive eigne bøker om natur og lokalhistorie, i tillegg til bidrag i fleire historiske samleverk, både om norske kongar og den katolske kyrkja. Ho har òg skrive om andre tema, til dømes tobandsverket Luftforsvarets historie (1994 og 1996). Ho har òg skrive historisk om Luftforsvaret i romanform i Silhuetter mot hvitt lys (1990).

Utmerkingar

For debuten fekk Henriksen i 1961 Bokhandlarprisen. I 1978 fekk ho tildelt Mads Wiel Nygaards legat. Ho fekk Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 1988. I 1997 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Bibliografi

  • Dronningsagaen (Roman, Aschehoug, 2011)
  • Sigvat. (Lyrikk, Aschehoug, 2007)
  • Jarlefeiden. (Roman, Aschehoug, 2003)
  • Ildens sang. Beretningen og Jon Bentsson II. (Roman, Aschehoug, 2002)
  • Klangen av en lutt.Beretningen om Jon Bentsson I (Roman, Aschehoug, 2001)
  • Veodalen – en dal og dens folk. (Sakprosa, Cappelen, 2001)
  • Stavkjerringa. (Roman, Aschehoug, 1997)
  • Luftforsvarets historie: Bind 2: Fem år i utlegd. (Sakprosa, 1996)
  • Luftforsvarets historie. Bind 1: Fra opptakt til nederlag. (Sakprosa, 1994)
  • Skipet uten drage. Vest i havet. (Ungdomsbok, Aschehoug, 1992)
  • Selja og Stad. (Sakprosa, 1992)
  • Skipet uten drage. Månesteinen. (Ungdomsbok, Aschehoug, 1991)
  • Silhuetter mot hvitt lys. (Roman, Aschehoug, 1990)
  • Skipet uten drage. Olav ulvunge. (Ungdomsbok, Aschehoug, 1990)
  • Bodvars saga. Ravn og due. (Roman, Aschehoug, 1989)
  • Eventyrsagaen. (Barnebok, Aschehoug, 1988)
  • Mot en verdens ytterste grense. Vest for storhavet – Grønland og Vinland. (Sakprosa, Aschehoug, 1988)
  • Rekviem for et lite dampskip. (Roman, Aschehoug, 1988)
  • Under seil mot det ukjente. (Sakprosa, Aschehoug, 1987)
  • Runekorset. (Roman, Aschehoug, 1986)
  • Hellig Olav. (Sakprosa, Aschehoug, 1985)
  • Bodvars saga. Spydet. (Roman, Aschehoug, 1984)
  • Verdenstreet. Mennesker og makt i Odins tid. (Sakprosa, Aschehoug, 1984)
  • Bodvars saga. Odins ravner. (Roman, Aschehoug, 1983)
  • Skjebneveven. (Sakprosa, Grøndahl, 1982)
  • Med skip til lands og vanns. (Sakprosa, Grøndahl, 1981)
  • Sagaens kvinner. (Sakprosa, Aschehoug, 1981)
  • Kongespeil. (Roman, Aschehoug, 1980)
  • Dronningsagaen. (Roman, Aschehoug, 1979)
  • Riksseglet. (Dramatikk, 1978)
  • Skjærsild. (Roman, Aschehoug, 1977)
  • Staupet. (Roman, Aschehoug, 1975)
  • Sverdet. (Dramatikk, 1974)
  • Blåbreen. (Roman, Aschehoug, 1973)
  • Asbjørn Selsbane. (Dramatikk, 1972)
  • Pilgrimsferd. (Roman, 1971)
  • Trollsteinen. (Roman, Aschehoug, 1970)
  • Vargtid. Selshemnaren. (Dramatikk, Noregs Boklag, 1968)
  • Glassberget. (Roman, Aschehoug, 1966)
  • Helgekongen. (Roman, Aschehoug, 1963)
  • Jærtegn. (Roman, Aschehoug, 1962)
  • Sølvhammeren. (Roman, Aschehoug, 1961)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Iver Tore Svenning: «Vera Henriksen, et forfatterportrett», Oslo 1992.

Kommentarer (1)

skrev Dagfinn Koch

Hei, jeg mener det er viktig å få med at Vera Henriksen og hennes mann konverterte til katolisismen i 1964. Omtrent året etter avla hun løftet som legdominikaner. Sigrid Undset var også legdominikaner av tredje orden. Selv om de begge tilhørte samme orden, likte ikke Henriksen å bli sammenlignet med Undset. Hans Fredrik Dahl har skrevet en flott artikkel om Vera Henriksen med tittelen "Katolikk med suksess" i St. Olav Katolsk magasin for religion og kultur i tredje utgave 2021 som nylig kom ut. Hilsen Dagfinn Koch

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg