Faktaboks

Signe Flatin Neset
Fødd
11. desember 1912
Død
30. juli 1975
Signe Flatin Neset
Av /Arne Bjørndals samling.
Lisens: CC BY 2.0
Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid fotografert i 1945.
/Arne Bjørndals samling.
Lisens: CC BY 2.0
/Arne Bjørndals samling.
Lisens: CC BY 2.0

Signe Flatin Neset var ein utøvar på hardingfele, og er rekna som ein av Noregs fremste. Ho debuterte som konsertspelar alt fjorten år, og var blant dei fyrste kvinner som livnærte seg som utøvande hardingfelespelar på 1900-talet.

Flatin Neset var også den fyrste kvinna i folkemusikkhistoria som vann den gjævaste klassa (klasse A) i hardingfele på landskappleiken, på Voss i 1960.

Oppvekst og læretid i spel

Signe Flatin kom frå plassen Ramberg, like ved kommunegrensa mellom Kviteseid og Seljord. Der voks ho opp saman bror sin Eivind, og foreldra Aslaug og Kjetil Flatin.

Far til Signe, Kjetil Flatin (1879-1960), var ein av dei få som livnærte seg som utøvande hardingfelespelar på tideleg 1900-talet. Han vann mellom anna fleire fyrstepremier på kappleikar, spelte inn grammofonplater, komponerte, og turnerte store delar av Noreg. Han turnerte også i Amerika i åra 1904-1906. Kjetil Flatin var òg ein solid felemakar, og bygde over to hundre hardingfeler. Han såg tideleg kva spelgåver dottera hans hadde. Frå ho var berre to-tre år seiest det at ho gret når faren spela, og han vart sidan hennar fremste læremeister.

I Flatin-ætta fanst det mange framifrå utøvarar i hardingfelefaget som til dømes Øystein Langedrag og Leiv Sandsdalen, og i bygda Seljord var det framleis ein svært levande og rik folkemusikktradisjon då Signe voks opp.

Kjetil Flatin var tydeleg open for at både kvinner og menn skulle kunna utøva hardingfele, og alt i 1928 då Signe var berre fjorten år, tok han ho med seg på si fyrste konsertspelferd. Dei reiste saman i mange år etter den tid. I Stavanger Aftenblad 1. juni 1929 skriv Einar Tufte mellom anna om Signe:

«Ketil Flatin har en datter, Signe, som har fått ættens og farens kunstnergivnad. (...) Hennes spill er kraftig og likevel kjenslefint og med en egen dåm.»

Signe Flatin Neset lærte gjennom far sin det som trongst for å vera utøvande hardingfelespelar, både når det kom til handtverk og slåttelære, men også korleis skaffe oppdrag og organisera seg som frilansutøvar. Ungdomslaga var mellom anna ein viktig oppdragsgjevar kring Noreg i fyrste halvdel av 1900-talet, kor dei sendte brev med tilbod om speling slik som dagens utøvarar også gjer.

Det utøvande livet og radio-speling

I 1936 reiste Flatin Neset på turné saman med hardingfelespelar og sambygding Torbjørg Aas Gravalid, (1916–2008). To kvinnelege hardingfeleutøvarar på spelferd var ein sensasjon i seg sjølv, og kvar enn dei kom vekte det åtgaum. Ingen kvinner hadde gjort dette føre dei, andre enn Kristiane Lund. Føre dette, var det i hovudsak danse- og bryllaupsspeling spelkvinner og spelemenn dreiv med kring bygde-Noreg frå 16- og 1700-talet.

Ferda til Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid gjekk mellom anna til Numedal, Telemark, Hallingdal, og dei vitja også Bergen og andre stader i Hordaland. Spelkvinna Ingeleiv Kjerland Kvammen (f. 1932) frå Granvin minnest svært godt då dei kom til heimbygda hennar i Hardanger i 1946. Det var eit særsyn, både for ho og andre, og gjorde nok sitt til at fleire kvinner ville læra å spela hardingfele. Likevel gjekk fleire tiår før kjønnsbalansen i faget kom seg.

Etter at Signe gifta seg med spelemannen Leiv Neset i 1952 reiste også dei mykje på spelferd.

I 1934–1935 spela Signe også på direktesendt radio saman med far sin, og i 1946 spelte ho også inn fire solo-slåttar på 78-plater. I 1953 og fram til 1961 var ho særleg aktiv med å spela inn slåttar for NRK. Ho gjorde totalt hundre innspelingar for dei, og Arne Bjørndals samling i Bergen.

Rolf Myklebust, programleiar for Folkemusikkhalvtimen sette spelet hennar særleg høgt, og skriv mellom anna: «Signe Flatin Neset var mellom våre beste spelemenn på hardingfele. Spelet hennar var myndig og rikt i ledig framføring».

Tevling på kappleik

Kappleikar var i vinden då Signe var ung. Året ho konsertdebuterte, var også året ho tevla for fyrste gong. Ho var mest aktiv i tida fram til andre verdskrig, og var ofte åleine, eller blant høgst få kvinner som deltok. Plasseringane hennar varierte, og dommarkommentarane ber preg av å vera noko atterhaldne. Kritikk for hennar «stive» bogehand slepp ho sjeldan unna, alle dei år ho deltek.

Den vedhengande kritikk ho røynde bar kanskje preg av at ho var kvinneleg utøvar i eit svært mannsdominert miljø der estetiske ideal og diskurs var lagt av spelemenn.

I 1960 spelte ho seg likevel til delt fyrste plass i klasse A hardingfele på landskappleiken på Voss, saman med Odd Bakkerud (1931–1990). Sigeren var historisk. Ei kvinne hadde aldri før vunne ein landskappleik i hardingfele. Det gjekk 45 år til neste kvinne vann den same klassa, og framleis i 2020, er det berre tre kvinner som har vunne, mot 107 menn.

Ei stor spelkvinne la fela frå seg

Trass i at hardingfela og folkemusikken hadde vore det som prega heile livet til Signe Flatin Neset, slutta ho å spela fleire år før ho døydde, og gav seg heilt med offentlege framføringar i 1961. Grunnane skal vera samansett. Ekteparet Signe og Leiv Neset budde mange år i tronge, små husvære, med grannar som ikkje likte å høyra felespel. Det gjorde det vanskeleg å dyrka faget i den grad dei ynskte. Det vart også generelt vanskelegare å livnæra seg som utøvande hardingfelespelar etter andre verdskrig, og utover 1950- og 60-talet. Etterspurnaden etter hardingfelespel og spelestader vart gradvis mindre.

Ho vart også råka av fleire barnesjukdomar i vaksen alder, og streva både med struma og hjarteproblem. Under eit lengre sjukehusopphald skal ho ha blitt utsett for religiøst press, og etter den tid overtydd om at spel var synd, og vegen til fortaping. Både ho sjølv og mannen Leiv selde då felene sine, og Signe fjerna seg meir frå sitt opphavlege miljø. Etter ho døydde i 1975, byrja mannen Leiv å spela att, og var aktiv fram til han sjølv gjekk bort i 2015.

Verk

  • Haustkveld, av Signe Flatin Neset. Slåtten finst diverre ikkje på noter eller innspelt.

Innspelingar

  • Signe Flatin Neset, Hardingfele, Talik Records, 2012
  • Slåttar frå Setesdal og Telemark, Talik Records, 2009
  • Floketjørn. EM89, Kring Skorve. Etnisk Musikklubb, 2011
  • Slåttar frå Setesdal og Telemark, Talik Records 2009
  • Gaute Navarsgard. TA 61CD
  • Folkemusikk frå Telemark, Grappa Musikkforlag / NRK, 1995
  • Signe Flatin, hardingfele, Columbia Graphophone, 1946

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hytta, Anne: Signe Flatin Neset (1913-1975) – fødd til å spela
  • Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk, Samlaget, Oslo, 1982
  • Vaa, Johan: «Felespelaren Signe Flatin Neset», artikkel i omslaget til CD-heftet til albumet Signe Flatin Neset, Hardingfele, Ta:lik, 2013

Kjelder

  • Kvammen, Ingeleiv Kjerland, munnleg kjelde til artikkelforfattar 2020

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg