Olaus Høydal

Faktaboks

Olaus Høydal
Født
25. mars 1913, Seljord, Vestfold og Telemark
Død
14. mai 2003, Notodden, Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Olaus Høydal var lærar og forfattar. Han skreiv barne- og ungdomsbøker, vaksenromanar og sketsjar, og skreiv den første norske boka om buddhisme.

Bakgrunn

Olaus Høydal var fødd i Seljord i Telemark (no Vestfold og Telemark) og døydde på Notodden i Telemark (no Vestfold og Telemark). Han var bror til forfattaren Aslaug Høydal. Høydal var odelsgut, men drøymde om å få gå på skule og tok ymse arbeid for å tene pengar til skulegangen. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule i Kviteseid, lånte så pengar mot kausjon og tok examen artium på engelsklinja ved Voss landsgymnas i 1941. I 1948–1949 tok han eksamen i norsk og historie ved Noregs Lærarhøgskule i Trondheim og tok i 1953 lærareksamen ved lærarskulen på Hamar.

Høydal hadde vikararbeid i folkeskulen i Flesberg og i Bø i Telemark i 1941–1945, var lærar ved Tynset folkehøgskule i 1945–1951, Lesja framhaldsskule i 1953–1954 og styrar ved Jæren folkehøgskule i 1954–1960. Frå 1960 var han lærar ved Heddal framhaldsskule i Notodden.

Forfattarskapen

Skrivelyst hadde han frå han var ung gut. Han debuterte med barneboka Gutane i Ramnåsheia i 1942. Den siste boka hans, Tussane i Tårenut, kom i 1999. Til saman skreiv han rundt 30 bøker. Mellom barne- og ungdomsbøkene er Rypefangarane i Rustfjell (1946), Nord i Vårbuli (1947), Villstyring (1948), Sumaren på Bjånes (1957) og Erling rømer heim (1964). Dei fleste er bøker om gutar som utfaldar seg i leik og alvor i naturen. Frode på Færøy-ferd (1967) gir eit bilete av livet på øyane vest i havet.

Den første vaksenromanen hans var Guds skodespelarar (1965), ein bitande kritikk av ei vestlandsbygd, lett attkjenneleg på Jæren og omtalt i bygdeboka for Klepp. Emnet for romanen Kjellaug (1967) er ungdom i opposisjon til foreldre og samfunn, Steborn (1969) tek for seg situasjonen for dei som kjem til kort i ungdomsskulen, og Narresmokken (1974) handlar om eit ungt par som oppdagar at dei skal ha barn og giftar seg utan å vere budde på det livet som ventar. Berget opnar seg (1972) skildrar ungdomsliv og kulturelle motsetnader i ei fjellgrend i 1930-åra.

Siste akt (1971), Teater Mystica (1975) og Det store UH (1976) er symbolske eller allegoriske romanar. Dei to første er ein kritikk av kortsynt materialisme, den siste ein roman om mennesket i kosmos og dei gode og vonde kreftene i tilværet. Steinar for brød (1981) er ei bok om unge menneske på leiting etter åndeleg fotfeste.

Høydal skreiv òg sakprosabøkene Frå ungdomsliv til ekteskap (1955) og Buddhismen (1963). Boka om buddhismen var den første norske boka om dette emnet. Ho tek for seg theravada, den retninga i buddhismen som truleg står nærmast Buddha si eiga lære. Professor Georg Morgenstierne skreiv føreordet.

Boka Med sveitten i andletet (1985) fortel om oppveksten i Seljord, og Trollbu-brev (1993) er stutte, tenksame kvardagsobservasjonar skrivne i den vesle tømmerhytta han bygde seg i fjellbandet vest for Langlim. Huldredansvisa «På Finneburoet» vart tonesett av Kjell-Oskar Selman og er prenta i ei samling som Seljord viselag gav ut i 1976.

Andre verv og engasjement

Høydal var elles interessert i amatørteater og skreiv spelstykket Helteliv (1953) og fire sketsjar samla i boka Gap og gjøn (1954). I 1995 fekk han Heddal og Notodden Mållag sin målpris for god bruk av nynorsk. Høydal kjende seg heime i buddhistisk tenking. På gravstøtta i Seljord står Buddhas ord: «Ver ditt eige ljos».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966
  • Berger Lindanger og Hallvard Nordås: Klepp. Bygdesoge 1837–1987. [Klepp] 1987
  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966
  • Kjell-Oskar Selman ofl. (red.): – og bygdi syng. Viser frå Seljord. Oslo 1976
  • Erling Sølvberg ofl. (red.): Jæren folkehøgskule 1899–1974. [Klepp] 1974

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg