Helga Flatland er ein norsk forfattar som har fått prisar for ungdomsromanane sine om unge norske soldatar i krig i Afghanistan.
Helga Flatland
Faktaboks
- Født
- 16. september 1984, Flatdal i Seljord, Vestfold og Telemark

Bakgrunn
Helga Flatland er fødd i Flatdal i Seljord i Telemark (no Vestfold og Telemark). Etter å ha fullført Skien videregående skole (2000–2003), tok ho bachelorgraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo (2003–2006). Frå 2006 til 2009 gjekk ho tekstforfattarlinja ved tidlegare Westerdals School of Communication (no Høyskolen Kristiania). Etter ferdig utdanning arbeidde Flatland som journalist og informasjonsrådgjevar i mellom anna Vest-Telemark Blad, i NRK Østafjells og i TV-produksjonsselskapet Monster (2009–2012) ved sidan av forfattaryrket. Sidan 2012 har ho vore fulltidsforfattar.
Forfattarskapen
I 2010 debuterte Flatland som forfattar med ungdomsromanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Det er den første boka i ein trilogi, der Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011) og Det finnes ingen helhet (2013) er dei to andre.
Flatland fekk mykje merksemd for Bli hvis du kan-trilogien. Her spør ho om kva rolle familie, vener og tilfeldige hendingar spelar for dei vala vi tek. Historiene om ungdomane som blir drepne i Afghanistan, er òg oppvekstromanar som handlar om å erkjenne kva som skal til for å overleve i ei krevjande ungdomstid. Kapitla og forteljarstemmene i trilogien vekslar mellom å vere på bokmål og nynorsk.
Flatland har òg gitt ut andre frittståande vaksenromanane og nokre barnebøker. I romanen Vingebelastning skriv Flatand om korleis krava våre til sjølvrealisering kan vere skadeleg for eit menneske og at lukkejaget øydelegg forholdet til dei vi er glade i. I En moderne familie skildrar ho korleis ein skilsmisse endrar relasjonane i ein familie.
Utmerkingar
For Bli hvis du kan. Reis hvis du må, fekk Helga Flatland i 2010 Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs Debutantstipend og Ungdommens kritikarpris. I 2015 fekk ho Amalie Skram-prisen. Flatland fekk i 2015 tildelt Mads Wiel Nygaards legat. For En moderne familie fekk ho Bokhandlerprisen i 2017.
Bibliografi
- Et liv forbi (Roman, Aschehoug, 2020)
- En moderne familie (Roman, Aschehoug, 2017)
- Eline overnatter (Barnebok, Aschehoug, 2016)
- Vingebelastning (Roman, Aschehoug, 2015)
- Eline får besøk (Barnebok, Aschehoug, 2015)
- Det finnes ingen helhet (Roman, Aschehoug, 2013)
- Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (Roman, Aschehoug, 2011)
- Bli hvis du kan. Reis hvis du må (Roman, Aschehoug, 2010)
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.