Artikkelstart
Nils Sletta var skodespelar ved Det Norske Teatret og hardingfelespelemann. Han fekk mellom anna Kritikarprisen for rolla som Mattis i Fuglane i 1997.
Nils Sletta var skodespelar ved Det Norske Teatret og hardingfelespelemann. Han fekk mellom anna Kritikarprisen for rolla som Mattis i Fuglane i 1997.
Nils Sletta er fødd i Tuddal i Hjartdal, Telemark (no Vestfold og Telemark). Han er eldst i ein søskenflokk på ni og voks opp i eit kunstnarmiljø med kjende folkemusikarar. Etter framhaldsskulen gjekk Sletta i bygningslære nokre år før han byrja på Statens teaterhøgskole (no Teaterhøgskulen), der har gjekk ut i 1965. Nils Sletta var sambuar med skodespelaren Grethe Ryen og far til jazzmusikar Torbjørn Sletta Jacobsen, skodespelar Tov Sletta og designar Ragnhild Sletta.
Sletta hadde sin teaterdebut på Nationaltheatret i 1964, i ei mindre rolle i William Shakespeares Romeo og Julie. I 1965 debuterte Sletta på Riksteatret. Han var tilsett på Riksteatret frå 1965 til 1967, ved Trøndelag Teater i 1967–1969 og ved Det Norske Teatret frå 1969 til han gjekk av med pensjon.
Sletta viste seg tidleg som ein allsidig karakterkunstnar, ofte i viktige støtteroller, men også i sentrale roller. Han spelte tidleg store lyriske roller, blant anna den unge Peer i Henrik Ibsens Peer Gynt (Det Norske Teatret, 1971) og tittelrolla i Michel de Ghelderodes Barrabas. Han spelaIvar Aasen i Tusen Fjordar, tusen fjell og Trofimov i Kirsebærhagen. Sletta har òg vore med som skodespelar på Marispelet i Tinn frå 2004 til 2009. I 2010 hadde han rolla som målaren Peder Balke for Teater Innlandet.
Sletta hadde eit trettital roller i film og TV, med debut i Arne Skouens Musikanter i 1967. Han hadde hovudroller i Leif Erlsboes Ingen roser...takk (1979) og Hans Lindgrens Nedtur (1980).
På TV spelte han blant anna Bellest i serien Vestavind (1994–1995), Trille sin bestefar i Vaffelhjarte (2011, etter Maria Parr si barnebok) og herr Kiran i Kampen for tilværelsen (2014–2015). Hausten 2007 hadde NRK-serien Berlinerpoplene, etter Anne B. Ragde sin roman, 900 000 sjåarar. I serien spelte Sletta den einsame og inneslutta grisebonden Tor Neshov.
Sletta si siste rolle var i Anders T. Andersen si filmatisering av Vesaas sin roman Fuglane (2019).
I 1997 fekk Sletta Kritikarprisen for teater for rolla som Mattis i Tarjei Vesaas' Fuglane (Det Norske Teatret samme år). Sletta fekk den nynorske teaterprisen Aksel Waldemars minnepris to gonar, i 2001 og 2007. Han fekk òg Gullruten i 2008 for rolla som Tor i TV-serien Berlinerpoplene etter Anne B. Ragde sine romanar. Sletta blei òg nominert til Emmyprisen for same rolla.
Sletta vann Landskappleiken i hardingfele første gong i A-klassa saman med Kjetil Løndal i 1964. Han har elles vore med på mange kappleikar og vann mellom anna ein førstepremie på jubileumskappleiken i Bø i 1988.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.