Norvald Tveit

Faktaboks

Norvald Tveit
Født
22. desember 1927, Leirvik i Hyllestad, Vestland

Artikkelstart

Norvald Tveit er forfattar og dramatikar. Han er særleg kjend for sine burleske folkekomediar.

Tveit er fødd i Leirvik i Hyllestad. Han tok utdanning ved lærarskulen i Bergen og arbeidde som lærar i heimkommunen fram til 1972. I 1960 debuterte han og gjorde braksuksess med En sjel og en skjorte, forteljinga om sambygdingen og bohemen Hans Gjerde sitt eventyrlege liv.

Han har nådd vidt ut som dramatikar, med elleve urpremierar på norske scener sidan 1977. Stykket Splint (1977) med omstreifarane som tema høyrer til dei mest spela i nyare norsk dramatikk. Av andre folkekomediar han har skrive, kan nemnast Ungkarsfesten (1998) og Uventa lykke for Anders Lone (2001). Tveit sine figurar har ein frisk replikk og eit til tider grovt språk som han har måtta tole kritikk for. Men innanfor dramasjangeren har Tveit også gripe tak i tyngre emne gjennom ei meir alvorleg vinkling, til dømes kvinnemishandling i kristne heimar (I satans vald, 1986).

Tveit har også skrive biografiar, matbøker og lokalhistorie, og han har skrive for fjernsyn, mellom anna fire episodar i den samtidshistoriske serien Vestavind frå 1994.

Han fekk Ibsenprisen i 1993, Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris i 2003 og kongeleg fortenestemedalje i 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg