Bø er ein tettstad i Midt-Telemark kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,5 km², og har 3696 innbyggjarar (2023).
Bø er administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune.
Bø har sidan 1970-åra blitt eit viktig regionalt handels-, service- og skulesentrum. Staden har eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Høgskolen i Søraust-Noregs avdeling i Bø gir ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og dei om lag 2300 studentane på campus er med på å prege staden. Telemarkforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Instituttet har nasjonal spisskompetanse på fem fagområde: kulturforsking, natur- og kulturbasert nyskaping, kommuneøkonomi og kommunestruktur, regional utvikling og helse- og velferdsforsking. Bø har òg vidaregåande skule og leirskule. Lokalavisa er Bø Blad.
Bø er eit trafikknutepunkt med stasjon på Sørlandsbanen og samband vidare vestover. Riksveg 36 går gjennom Bø med samband sørover til Grenland og E18, og vidare vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.