Nils Lavik

Faktaboks

Nils Lavik

Nils Andresson Lavik

Født
8. januar 1884, Eksingedalen i Hosanger (no Vaksdal), Hordaland
Død
14. juli 1966, Vaksdal
Av /Stortingsarkivet.

Artikkelstart

Nils Lavik var ein norsk lekmannspredikant, den første stortingsrepresentanten for Kristeleg Folkeparti (1934) og formann i KrF i åra 1938–1951.

Bakgrunn

Nils A. Lavik var fødd i Eksingedalen i Vaksdal. Den formelle utdanninga i yngre år var knapp – Framnes Ungdomsskule og Voss Folkehøgskule. Men han saug til seg kunnskapar jamt og sterkt år for år.

Lavik var bedehuset sin mann, ein farande emissær og ein framståande kristenleiar på Vestlandet. Han var ein framifrå preikar, med stor evne til å fortelje og forkynne frå bedehus til bedehus. Og han var bureisar i åra 1904–1914.

Organisasjonsarbeid

Frå 1920 til 1955 var Lavik medlem av styret for Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI), frå 1933 til 1950 var han formann. Han verka som generalsekretær i forbundet i åra 1922–1927. Vidare var han medlem i styret for bibelskulen Bildøy (på Sotra) og vart lærar og sidan rektor der (1926–1933). Lavik redigerte vekeavisa Sambåndet i åra 1933–1941 og 1933–1941, og frå 1918 til 1954 var han formann i Vestlandske Broderring. Han var òg med i styret for Kristenfolkets Edruskapsråd i fleire år, for det meste som formann.

Politikk

Lavik viste tidleg interesse for politikk, og politisk sokna han til Venstre. Han vart føreslått som kandidat til stortingslista alt frå 1931, men på nominasjonsmøtet i Hordaland i 1933 var det spenningar. Eit mindretal gjekk sterkt inn for Lavik, men tapte. Det førte til at framståande bedehusfolk i Hordaland reiste spørsmålet om ei eiga liste. Etter kvart vart Lavik invitert til å stå øvst på den lista. Det vart den første lista for Kristeleg Folkeparti. Han vart vald på Stortinget frå Hordaland frå 1933 og sat til 1951.

Brytingstid

Lavik fekk mange veljarar i ei tid med sterke motsetningar i spørsmål om kristen moral og tru. Arnulf Øverlands utfall mot kristendomen, teaterstriden om Guds grøne enger av Marc Connelly og liberal teologi gjorde inntrykk. Og Johan Ludwig Mowinckel, den fremste leiaren for Venstre, stod utanfor statskyrkja. Dessutan var det økonomisk krise på trettitalet. Arbeidarpartiet mobiliserte. Det stod om nasjonale og kristelege verdiar, var det mange som meinte.

Interessefelt

Lavik talte mest om moralspørsmål, om fråhald, om abort, om skule og opplæring til tru. Men han var òg mykje oppteken av vilkåra på bygdene, der det helst var sparsame kår. I den økonomiske politikken orienterte han seg mest mot Venstre.

Krigsåra

Då det internasjonale klimaet kveste seg på trettitalet, var Lavik svært uroleg for kva som kunne skje mellom stormaktene. Han valde å orientere seg mot ei konsekvent linje av nøytralitet. Han var imot opprusting, men gjekk inn for å løyve meir midlar til «vaktvern» langs kysten.

andre verdskrigen kom i 1940 og det tyske okkupasjonsstyret etablerte seg, kravde rikskommissær Terboven at kongen skulle avsetjast og eit nytt styre skulle ta over statsstyringa. Lavik valde ei kvass linje i dette spørsmålet: Kongen skulle ikkje fellast! Men snart vart okkupasjonsstyret stadfest med makt. Dei politiske partia vart avskaffa. Lavik vende tilbake til Eksingedalen og byrja snart etterpå som predikant att.

Etterkrigstida

I 1945 kom Lavik tilbake – no i rikspolitikken, saman med åtte representantar frå Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Han støtta «Fellesprogrammet» saman med dei andre partia. Men elles var han mykje oppteken av sosiale spørsmål og orienterte seg seinare varsamt mot Arbeidarpartiet i sosiale spørsmål. Men for dei moralske spørsmåla stod han – som før – kvast imot Arbeidarpartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eide, Bernhard: Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjennom 50 år. Bergen 1948
  • Helland, Kristian: Pietist i kulturkamp : Nils Lavik og framveksten av Kristeleg folkeparti. Bergen 2003
  • Lomeland, Arne R.: Kristelig Folkeparti blir til. Oslo 1971
  • Nordby, Trond (red.): Storting og regjering 1945–1985 (artikkel om Nils Lavik på side 435). Oslo 1985
  • Odland, Paul: «Nils Lavik», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
  • Solhjell, Kåre Olav: Tru og makt. Kristelig Folkepartis historie 1933–2008. Oslo 2008
  • Sæter, Odd Jostein (red.): Kristelig Folkepartis historie 1933–83. Bergen 1983

Kommentarer (1)

skrev Kristian Helland

Jeg viser til min bok "Pietist i kulturkamp", og ønsker å kommentere en liten ting i den korte artikkelen:Nils lavik var en del av det lekmannsmiljøet som i mange år, for laviks del i alle fall fra 1927, jobbet med å stifte et nytt, kristelig parti.Han var noen år medlem av Venstre. men med bakgrunn i det jeg har skrevet ovenfor blir det ikke riktig når det i kortartikkelen heter "etter at Kristelig Folkeparti ble stiftet høsten 1933, meldte han seg inn der"...han VAR allerede en del av KrF-miljøet, men var tilfeldigvis påreise til Fredrikstad og Sverige da partiet ble stiftet.Mitt forslag: bytt ut ordene " meldte han seg inn der" og skriv heller "...høsten 1933 ble han KrFs toppkandidat, og..."Dette er kanskje pirk, men slik kortartikkelen er skrevet blir den ikke helt sakssvarende! derfor!mvhKristian HellandFørstelektorForfatter av "Pietist i kulturkamp"

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg