Q42 i Kristiansand
Kristiansand har dei siste åra hatt auke i folketalet og vekst i næringslivet. Dette påverkar dialekta, og ein del nye språkdrag vinn innpass hjå dei unge.
Q42 i Kristiansand

Kristiansand ligg på Agder-kysten og er den sjette største byen i Noreg. Tettstaden Kristiansand har cirka 65 000 innbyggjarar. Kristiansand bymål er eit vestleg kystmål på Agder (eit sørvestleg e-mål). Dette bymålet har utvikla seg nokså langt bort frå det gammalnorske språket og blir difor karakterisert som eit moderne talemål. Særleg kjem dei enkle særdraga fram i bøying av ord og orddanning (formverk).

Berre nokre få kilometer utanfor sentrum skil talemålet seg mykje frå det me finn i byen. Sterkare enn landområda kring byen har nok målet i Kristiansand blitt påverka av riksmålet (bokmål) som mange av dei rike i byen hadde som norm.

Frå måla lenger aust skil kristiansandsmålet seg ved at dette bymålet har høgtone i tonem 1-ord og den karakteristiske endinga -ane i bestemt form fleirtal i substantiv av alle kjønn. Kystmåla aust for Kristiansand har substantivendinga -ene i bestemt fleirtal.

Bymålet i Kristiansand har endinga -r i fleirtal av substantiva og i presens av svake verb. Måla vest for byen har bortfall av endinga -r i dei nemnde kategoriane. Kjem ein så langt vest som til Audnedal/Lindesnes møter ein e/a-målet, og endå lenger vest er det reint a-mål, medan kristiansandsmålet er e-mål. Sjå meir utførleg her nedanfor om dei nemnde språklege særtrekka i Kristansand bymål.

Lydverk (fonologi)

Kristiansand

Kartet viser kvadraturen i Kristiansand og Lundsida.

Av /KF-arkiv ※.
Domkyrkja i Kristiansand frå 1883

Tonelag og tonegang (intonasjon)

Dialektane på Agder, som det meste av norsk talemål, har to tonelag. Desse blir kalla tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). Vest på Agder har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet. Dette blir kalla høgtone. Kristiansandsmålet har denne høgtonevarianten. Aust på Agder, frå Lillesand og austover, har ein, som på Austlandet, låg tone først i desse orda, og tonen stig mot slutten av ordet. Dette blir kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone markerer eit markant dialektskilje mellom dei to byane Kristiansand og Lillesand.

Særtrekk ved vokalane og konsonantane

I bymålet har dei korte vokalane i, u og y blitt endra til e, o og ø. I det tradisjonelle bymålet heiter det å pelle for å pille, spelle for spille, sønge for synge. Vidare heiter det føll for fyll, støkke for stykke, løkt for lykt. Jamfør at det også heiter stonn for stund, bonn for bunn, ronn for rund, honn for hund, monn for mund, og det heiter monnstøkke. Det heiter lonnsiaom bydelen Lund (Lundsida, bydel).

Spesiell vokalkvantitet i utlyd av ord

I norsk er det slik at det må komma minst éin konsonant etter ein vokal for at ein skal kunna ha skilnad på kort og lang vokal. Forskjellen mellom orda tak (på hus) og takk (for maten) er i uttalen knytt til lengda på vokalen. Viss ein tek utgangspunkt i preposisjonen til, ser ein at denne preposisjonen i dei fleste dialektane blir uttalt med lang vokal (te:) som då er lik uttalen av drikken te. I Kristiansand og i området frå Grimstad til Lista er tilhøva annleis. Her kan ein ha både lang og kort vokal i utlyd av eit ord, til dømes ordet te, og då med ulik tyding. Anten «Vil du ha ein kopp te:?» (med lang vokal, = te) eller «Vil du ha ein kopp tĕ?» (med kort vokal, = til). At dette talemålet kan ha trykksterk kort vokal i utlyd av eit ord, som her i ordet til, er eit særtrekk me finn i dansk og i kystområdet på egdekysten med Kristiansand som intensitetsområde. I Kristiansand kan ein i tillegg høyra kort vokal i samansette ord, som i orda sjøvvann, brøkkniv, viddveis, skibbu.

Skarre-r

.

Kristiansand har som dei fleste egdemåla (vest for Risør) skarre-r. Dette er ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen. Lyden kan også bli laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakre delen av tungeryggen. Døme er: «ho skReiv på eit aRk», «bRusen vaR RaR på faRgen». Skarre-r-en har dei siste 70–80 åra spreidd seg mykje både i nordleg og austleg retning på Agder.

«Blaute» konsonantar

Kartet viser utbreiinga av leniserte (blaute) konsonantar i norsk.
Kartet viser utbreiinga av leniserte (blaute) konsonantar i norsk.
Kartet viser utbreiinga av leniserte (blaute) konsonantar i norsk.
Av .

Ein overgang frå dei ustemde konsonantane p, t, k til dei stemde b, d, g finn ein i Kristiansand bymål og elles på mykje av Agder. I faglitteraturen blir dette kalla for lenisering av p, t, k til b, d, g. Området på Sør- og Vestlandet som har denne leniseringa, heng målgeografisk saman med Danmark og delar av Sør-Sverige. Dette kan tyda på økonomisk og kulturelt samband over landegrensene frå eldre tider og framover. Særleg sterkt var sambandet mellom Danmark og Norskekysten på 1400- og 1500-talet. Leniseringa av p, t, k kan såleis sjåast på som eit spreiingsfenomen med utgangspunkt på dei danske øyane.

Overgangen til b, d, g blir ofte nemnt som overgang til «blaute» konsonantar. Der denne overgangen frå p, t, k til b, d, g finst, snakkar ein om den blaude kyststriba». Reint språkleg er det slik at overgangen til leniserte konsonantar skjer når kort (enkel) p, t, k står etter lang vokal i ordet. Døme frå Kristiansand: å løbe, å tabe, å gabe, å bide (bita), ei gade, ei kage. Opphavleg gjeld overgangen til b, d, g berre dei korte (enkle) konsonantane p, t, k. Men i kristiansandsmålet er det døme på tidleg overgang til b, d, g og så seinare forlenging av desse konsonantane. Me får i bymålet då døme som å sidde, et sjibb, kåbbår, pebbår, kjødd, nødd, rådden, spiggår og andre. Dei «blaude konsonantane» er i dag på retur i Kristiansands bymål, sjå nedafor om dialektendring.

G blir v

I det tradisjonelle bymålet i Kristiansand kunne ein høyra bruk av konsonanten v der ein i normalmålet har g. Døme er dialektformer som have (hage), gnave (gnage), sav (sag), krave (krage), mave (mage) og farve (farge). Den dag i dag høyrer ein v-uttale i farve, lave, sav og og mave. Uttalen med konsonanten v i slike ord er lik den uttalen ein finn i dansk språk.

Formverk

Substantiv

Substantiva har Kristansand bymål ei enkel bøying, sjå oppstillinga nedanfor.

en stol – stolen – flere stolår – alle stolane

ei jente – jenta – flere jentår – alle jentane

et hus – huse(t) – flere hus (år) – alle husane

et nøste – nøste(t) – flere nøstår – alle nøstane

Mot vest grensar Kristiansand til Søgne, som nå er ein del av Kristiansand kommune. I Søgne har ein ei substantivbøying der fleirtals-r-en er borte, sjå nedafor.

ein stol – stolen – fleire stole – alle stolane

ei jente – jenta – fleire jente – alle jentane

et hus – huse(t) – fleire hus (år) – alle husane

et nøste – nøste(t) – fleire nøste – alle nøstane

Som nemnt ovanfor er endinga -ane i bestemt form fleirtal eit særtrekk som skil kristiansandsmålet frå dialektane lenger aust på Ager. I kystmåla i aust for Kristiansand finn ein desse formene i fleirtal av substantiva: fleire stoler –alle stolene, fleire jenter – alle jentene, fleire hus – alle husene, fleire nøster – alle nøstene.

Svake verb

A-verba har i Kristiansand denne bøyinga: å kaste – kastår – kasta – har kasta, å slutte – sluttår – slutta – har slutta.

E-verba får i preteritum endinga -te eller -de: å bygge – byggår – bygde – har bygt, å lyse – lysår – lyste – har lyst. Nokre verb har ikkje dentalending i preteritum, jamfør døme som å jørr – jørr – jore – har jort, å legge – leggår – la – har lagt.

Sterke verb

Dei sterke verba av 2. klasse har i Kristiansand fått forma øy i preteritum: å fryse – frysår – frøys har frøse, å krybe – krybår – krøyb – har krøbe, å fyge – fygår – føyg – har føge. Ein del sterke verb har fått svake former i preteritum (former utan vokalveksling). Det heiter å bære – bærår – bærte – har bært, å sjære – sjærer – sjærte har sjært.

Pronomen

I kristiansandsmålet har ein spesielle eigedomsformer av dei personlege pronomena, det heiter hanses i hankjønn og hosses, hinnårs i hokjønn. I fleirtal er forma disses vanleg. Eigedomstilhøve kan også uttrykkast med sin/sitt/sine. I eintal blir det då: hos sin/sitt/sine og fleirtal: di sin/sitt/sine.

Dei personlege pronomena i 1. og 2. person fleirtal heiter i Kristiansand vi og dere, som i dømet «Vi vil møte dere i sentrum».

Dialektutvikling

Kristiansand som språkleg-kulturelt senter

Kristiansand har dei siste åra hatt auke i folketalet og vekst i næringslivet. Byen har på mange måtar styrkt stillinga si som handels- og servicesenter for store delar av Agder. Utbetring av vegnettet og satsing på gode tog-tilbod gjer at byen har blitt lett å nå for dei som bur i ulike delar av Agder. I mange år har det vore snakk om «Agder-byen» som eit nasjonalt urbanisert kraftområde, eit område fra og med Lillesand til og med Mandal, med Kristiansand i midten.

Kristiansand har utan tvil teke over fleire av dei byfunksjonane som Flekkefjord, Farsund, Mandal og Lillesand hadde for sine omlandsbygder for cirka 3040 år sidan. Frå Mandal og austover er sambandet med Kristiansand naturleg nok sterkare enn det er for bygdene vest for Lindesnes. Mange frå Mandal dagpendlar til Kristiansand på arbeid, og fleire tek del i kulturlivet i «Sørlands-hovudstaden» (kino, konsertar og så bortetter), i tillegg til dei vanlege ærenda dei har til denne byen. Slik er det også for dei som bur aust for byen, i Lillesand og Grimstad.

Nye særdrag

I Kristiansand bymål ser me at ein del nye språkdrag vinn innpass hjå dei unge. Me merkar òg at p, t, k kjem inn i ein del ord som tradisjonelt har hatt «blaute konsonantar». I byen kan ein såleis høyra dei unge snakka om å håpe noe, å bake kakår, å stupe fra et stupebrett, dei seier et utested og å gå ut i kveld, (godt) frammøte, kremfløte; dei seier ukedag, ikkje ugeda. Vidare heiter det nå bløtekake, ikkje blaudis, som er det gamle ordet for ei slik kake. Me har i dag truleg kome til eit punkt i språkutviklinga der dei unge i Kristiansand kan bruka ustemde plosivar i fleire ord utan å bli møtte med «sanksjonar» frå den sosiale gruppa dei tilhøyrer. I ei undersøking frå 2016 slår Kristina Grødem fast ar «de bløte konsonantne definitivt er på vei ut av kristiansandsdialekten».

I dagens kristiansandsmål høyrer ein at mange vokalar har endra kvalitet og fått ein uttale som svarar meir til den me finn i bokmål (eller i eit normal-talemål med utgangspunkt i bokmål). Som døme på dette kan ein nemna at ronn blir uttalt runn, honn (hund) blir hunn, monnstykke blir munnstykke, nase blir nese, hål (hol) blir hull, preke blir snakke, ede blir spise, just blir akkurat, åffår blir vorfor, åssen blir vordan, akkorat blir nettopp, der henne blir der borte, lonnsida (om bydelen Lund) blir lunnsida og så vidare.

Midt i alle endringar som skjer i dagens kristiansandsmål, kan ein konstatera at endinga -ane i fleirtal av substantiva held seg merkeleg. Det heiter i ungdomsspråket framleis alle guttane, alle jentane og alle husane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Christoffersen, Marit: Kristiansandsdialekten. Trykt i Jahr: Den store dialektboka. 1990, side 187–191.
  • Grødem, Kristina: «Det er både fint og harry». En sosiolingvistisk undersøkelse av ungdommens bruk av bløte konsonanter i Kristiansand. Utrykt masteroppgåve. Kristiansand: UIA, 2016.
  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Oslo: Novus forlag, 1990.
  • Johnsen, Arnulf: Kristiansands bymål. Oslo: Bymålslaget, 1942.
  • Kostøl, Sissel Elisabeth: Å i sava! En undersøkelse av utviklingen i enkelte trekk i kristiansandsdialekten. Utrykt hovudoppgåve, Kristiansand: UiA, 2002.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høyskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying: Oslo: Cappelen Damm, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Kristiansand: Portal forlag, 2010.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg