Kafferast på vidda (ukjent år). Av /Nasjonalbiblioteket. Falt i det fri (Public domain)

Ellisif Wessel

Faktaboks

Ellisif Wessel
Ellisif Rannveig Müller Wessel
Født
14. juli 1866, Østre Gausdal (no Gausdal), Innlandet
Død
28. november 1949, Kirkenes i Sør-Varanger, Troms og Finnmark
Ellisif Wessel. Sjølvportrett frå ca. 1940.
Av /Varanger museum.

Artikkelstart

Ellisif Wessel var ein norsk fotograf, forfattar og politisk aktivist. Ho var inspirert av kommunismen sin framgang i Russland og Tyskland og vart ein av pionerane i arbeidarrørsla i Finnmark på byrjinga av 1900-talet.

Bakgrunn

Ellisif Wessel var fødd i Gausdal i Gudbrandsdalen. Ho budde på Dovre og i Oslo, der ho gjekk mellomskulen, og flytta til Kirkenes i 1886. Ho var gift med Andreas Wessel. I 1890-åra etablerte ho seg som fotograf. Motiva var dagleglivet til nordmenn, samar og kvener, på både norsk og russisk side. Bileta vart brukte i vitskapelege tidsskrift, og mange kom med i Fra vor grændse mod Russland (1902), ei bok om levekår og skikkar i Sør-Varanger, av ektefellen Andreas Wessel. Ho etterlot seg viktig kulturhistorisk fotomateriale frå Sør-Varanger.

Aktivist og organisator

Fotografisk sjølvportrett. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Ellisif Wessel
Av /NTB Scanpix ※.

På reisene i Sør-Varanger vart Wessel kjend med folk, fattigdom og urett. Det skjerpte rettferdssansen hennar. Då fiskarar gjekk til åtak på kvalfangsstasjonen i Mehamn i 1903 fordi dei meinte at kvalfangsten øydela fisket, skreiv ho støtteerklæringar til fiskarane i avisene. I nødsåret 1904 organiserte ho innsamling av mat og klede til trengande. Engasjementet tok ei radikal vending med opprøret mot tsaren i St. Petersburg i 1905. Demonstrantar vart slått ned med hard hand, og mange av dei kom som politiske flyktningar til Kirkenes. Hos Wessel fekk dei husly, og dei fekk hjelp til å smugle propagandamateriale til Russland.

A/S Sydvaranger opna gruvedrift i 1906, talte ho arbeidarane si sak. Ho var med på å starte fagforeininga Nordens Klippe og vart vald til kasserar og sekretær. I 1907 arrangerte ho den første 1. mai-feiringa i Kirkenes, med hovudparolen «Ned med trona, alteret og pengeveldet». I 1909 drog ho i gang Kirkenes socialdemokratiske forening.

Forfattarskapen

Wessel skreiv hundrevis av debattinnlegg i Finnmarken og andre arbeidaraviser. For å skulere seg sjølv og andre i politisk tenking lærte ho seg russisk og tysk, og ho omsette kommunistiske kampskrift til norsk. I 1914–1915 gav ho ut sitt eige tidsskrift, Klasse mot klasse, der ho krinsa om sviket til dei tyske sosialdemokratane, som hadde gått med i verdskrigen. Ho sette sin lit til russiske revolusjonære, og til revolusjonen i 1917, men forventningane slokna i takt med at kommunismen vart erstatta av partidiktatur. Radikalismen og aktivismen hennar bleikna, men ho stod støtt på den politiske venstresida.

I 1903 og 1904 gav ho ut små diktsamlingar og i 1914 barneboka Den lille socialist. Siste gong ho publiserte noko, var i 1930, då kom diktsamlinga Det kalder. Også den skjønnlitterære skrivinga til Wessel har ein klar politisk tendens.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Randi Rønning Balsvik: Ellisif Wessel. Den revolusjonære overklassekvinnen fra Kirkenes. Gnist nr. 1/2013. Les hos marxisme.no
  • Cecilie Enger: Himmelstormeren. En roman om Ellisif Wessel. Oslo 2008
  • Linda May Myklebust: «Ellisif Wessel, Finnmarks store fotograf», Syn og Segn nr. 3/1997 og segn nr 3/1997. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hannele Pappila: «Ellisif Wessel – poetisk fotograf og dokumentarist», Arbeiderhistorie 2008. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Dag Skogheim: Kvinner i nordnorsk arbeiderbevegelse. Ellisif Wessel. Oslo 1977
  • Steinar Wikan: Ellisif Wessel. En biografi. Oslo 2008

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg