Liv Marie Austrem

Faktaboks

Liv Marie Austrem
Født
20. januar 1947, Vågå
Liv Marie Austrem
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Liv Marie Austrem er forfattar. Ho har to gonger fått Brageprisen for sine lågmælte og velskrivne barnebøker. Med oppvekst frå Gudbrandsdalen har ho formidla nordnorsk kystkultur med stor entusiasme, både som fagbokforfattar og som dramatikar.

Bakgrunn

Austrem er fødd og oppvaksen i Vågå. Ho gjekk på Vinstra landsgymnas og er utdanna cand.mag. med mellomfag i drama frå Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Austrem har sidan skrive ei rekkje bøker innanfor ulike sjangrar. Ho har arbeidd som lærar og teaterinstruktør.

Bøker og tema

Saman med kunstnaren Akin Duzakin har ho laga fleire biletbøker som er blitt særleg godt mottekne. Tvillingbror (1995) og Tvillingsøster (1997) fekk begge Brageprisen. Av dei andre bøkene for born og ungdom er romanen Runar vart 17 år den viktigaste. Denne boka fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for i 1988. Austrem har òg skrive romanar for vaksne, fleire skodespel for scene og radio og fagbøker.

Både i fagbøkene og i skodespela er kystkulturen i Nord-Noreg og emne frå psykiatrien viktige.

Prisar

Austrem fekk Noregs Mållags pris for beste barne- og ungdomsbok i 1988, Vestvågøy kommunes kulturpris i 1989, Brageprisen i 1995 og 1997 og Yttriprisen i 1997.

Utgivingar

  • Førmødrenes stemmer – kvinneliv rundt stemmeretten (Pax, 2013)
  • ABAFAZI – møte med sørafrikanske kvinner (Orkana forlag, 2010)
  • Hund på kroken (Barnebok, Samlaget, 2008)
  • Skavanken (Biletbok, Samlaget, 2004)
  • Diamanten (Biletbok, Samlaget, 2002)
  • Møte med psykiatrien (Sakprosa, Samlaget, 1999)
  • Tonen som vart borte. (Barnebok, Samlaget, 1998)
  • Rikkes reise. (Roman, Samlaget, 1997)
  • Tvillingsøster. (Biletbok, Samlaget, 1997)
  • Tvillingbror. (Biletbok, Samlaget, 1996)
  • Gyda. (Roman, Samlaget, 1995)
  • Kvinner, krig og kjærlighet. (Dramatikk, 1994)
  • Vi står han ikkje alltid av. Mange stemmer. Mange liv (medf). (Sakprosa, 1994)
  • Monas historie. (Ungdomsbok, 1993)
  • Feskarbonden og andre kvinnfolk (medf). (Sakprosa, 1992)
  • Tenn en gnist i bankende sinn. (Dramatikk, 1991)
  • Sofie Månestråle og nissane. (Barnebok, 1991)
  • Runar vart 17 år. (Ungdomsbok, 1988)
  • Der er ikkje di skyld, Hanne. (Barnebok, 1987)
  • Kvinnfolk i Lofoten (medf). (Sakprosa, 1987)
  • Ingebjørg. (Barnebok, 1986)
  • Vikagjengen. (Barnebok, 1985)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg