David Cameron

Faktaboks

David Cameron

David William Donald Cameron

Født
9. oktober 1966, London, Storbritannia
David Cameron var frå 2005 leiar av det konservative partiet og frå 2010 statsminister i Storbritannia, til han trakk seg både som partileiar og statsminister etter folkeavstemninga om EU i 2016.

Artikkelstart

David Cameron er tidlegare politikar og statsminister i Storbritannia. Han var leiar for Det konservative parti, populært kalla toryane, frå 2005 til 2016 og var statsminister frå 2010 til 2016.

Bakgrunn

David William Donald Cameron er fødd i London i Storbritannia og kjem frå ein velståande familie, med adelege og kongelege forfedrar. Han reknar seg både som walisar, skotte og engelskmann, og har dessutan tysk-jødiske anar. Cameron gjekk på private skular frå første stund. 13 år gamal byrja han på eliteskulen Eton College, der han utmerkte seg som ein dugande elev. Han studerte deretter filosofi, statsvitskap og økonomi ved Universitetet i Oxford, der han igjen fekk toppkarakterar.

Tidleg karriere

Cameron blei tilsett i Det konservative parti si utgreiingsavdeling i 1988. I 1991 fekk han jobb ved kontoret til statsminister John Major, der han hadde som hovudoppgåve å førebu statsministeren sine svar i spørjetimen i Parlamentet. Under valkampen i 1992 arbeidde han med å planleggje pressekonferansane til Major.

Etter valet i 1992 blei han rådgivar for finansminister Norman Lamont, og seinare for Michael Howard, som var innanriksminister og partileiar ei kort tid. På denne tida søkte han om å bli kandidat til ein plass i Parlamentet. Etter nokre år i det private næringslivet, som direktør i medieselskapet Carlton Communications, vart Cameron i 2001 vald inn i Underhuset frå Witney valkrins.

Partileiar

I 2004 blei Cameron medlem av skuggekabinettet til det konservative partiet, som då var i opposisjon. Først fekk han ansvar for koordinering av toryane sin politikk, seinare vart han skuggeminister for utdanning. Skuggeministrane er hovudtalspersonar for det partiet som ikkje har regjeringsmakta. Samstundes blei Cameron vald til nestleiar i partiet. I 2005 stilte han som kandidat til leiarvervet, etter at partiet tapte det tredje valet sidan 1997. Han sigra i avstemming i desember 2005 og blei dermed leiar for opposisjonen i Underhuset og partiet sin statsministerkandidat.

Statsminister og regjeringar

Ved valet i 2010 blei Det konservative parti det største partiet i Underhuset, men fekk ikkje stort nok fleirtal til å danne regjering. Det fekk heller ikkje partiet Labour. Valet gav for første gong sidan andre verdskrigen det som vert kalla eit «Hung Parliament». Statsminister Gordon Brown fann ut at han ikkje kunne halde fram etter dette, og gjekk av 11. mai. Han rådde dronning Elisabeth til å peike ut Cameron som ny statsminister, og saman med liberaldemokratane fekk Cameron si regjering eit relativt trygt fleirtal.

Cameron blei med dette den yngste statsministeren i Storbritannia, sidan jarlen av Liverpool 198 år tidlegare. Den første regjeringa han leidde, frå 11. mai 2010 til 2015, var ein koalisjon mellom dei konservative og det liberaldemokratiske partiet. Det var den første koalisjonen i britisk politikk sidan andre verdskrigen. Den liberale leiaren Nick Clegg var visestatsminister i regjeringa.

Ved valet i 2015 sigra dei konservative og fekk reint fleirtal i Underhuset. Resultatet var overraskande, sidan kommentatorar og meiningsmålingar hadde rekna med at Labour skulle vinne, eller at det igjen skulle bli eit «Hung Parliament». Cameron kunne dermed setje saman ei rein konservativ regjering. Valet i 2015 gav Det konservative parti fleirtal for første gong sidan 1992, og regjeringa blei den første konservative regjeringa på ein generasjon.

Cameron si periode som statsminister blei mellom anna prega av finanskrisa frå 2008, som førte til store underskot på betalingsbalansen med utlandet. Gjennom ein konsekvent innstrammingspolitikk reduserte regjeringa underskotet. Regjeringa gjennomførte elles ei rekkje velferdsreformer, immigrasjonsreformer, skule- og utdanningsreformer og helsereformer. Slik sett førte Cameron ein meir sentrumsorientert politikk enn til dømes Margaret Thatcher.

Politisk ståstad

Som statsminister var Cameron moderat konservativ med sosialliberale synspunkt. Han støtta mellom anna retten til homofilt ekteskap og har sagt at det for ein konservativ er viktigare å kjempe for betre tilhøve for folk flest enn for dei rike i finansverda. Han uttalte òg at han kjempa mot fattigdom og for større sosial og kulturell likskap. Like etter at han kom inn i Parlamentet, gav han uttrykk for sterk tilslutnad til NHS, det nasjonale helsesystemet i Storbritannia. Denne sentrumsprofilen gav han mange fiendar i eige parti, og han blei lenge omtalt som arvingen til tidlegare statsminister Tony Blair frå partiet Labour.

I utanrikspolitikken støtta han amerikanarane og gav tilslutnad til konseptet om «humanitær intervensjon». Politikken hans rundt flyktningar og migrantar var tvitydig. Han arbeidde for best mogleg integrering av innvandrarar i det britiske samfunnet, men sette klare grenser for talet på flyktningar som fekk kome inn i landet. Kritikarane la vekt på at regjeringa hans ikkje greidde å halde desse lovnadane. Han utnemnde òg den første muslimske statsråden i ei britisk regjering.

Cameron stod tydlegast fram som ein «compassionate conservative» («velferdsorientert konservativ») gjennom slagord og erklæringar. Men dei konkrete politiske vedtaka hadde eit tydeleg konservativt stempel og var nok meir til beste for mellomklassa og dei rike, enn for dei mindre velståande og fattige. Under Cameron si regjeringstid vaks talet på britar med låg inntekt.

Skandaler

Våren 2016 kom det fram av avdekkingane av Panama-dokumenta at Cameron og familien hans hadde delar av formuen sin gøymd i skatteparadis. Til liks med mange andre hadde dei truleg ikkje brote lova, men forklaringane hans var unnvikande og lite overtydande fram til det heile til slutt blei dokumentert. Cameron var i tillegg mellom dei politikarane som hadde ført opp krav om for mykje møtepengar for arbeidet sitt i Parlamentet. Det var ein stor skandale som blei avdekt av media i 2009.

Brexit

Cameron var overtydd tilhengar av britisk medlemskap i EU. Grunna stor indre splittinga i partiet om forholdet til EU, lova han å arrangere ei folkeavstemming om vidare medlemskap. Ved å gjennomføre folkeavstemminga håpte Cameron at partiet skulle unngå dei politiske problema, men striden gjorde kløyvinga i partiet djupare enn nokon gong.

Resultatet av folkeavstemminga frå 23. juni 2016 synte eit fleirtal til dei som ville ut av EU. Det var i strid med dei fleste spådomar. Cameron varsla at han ikkje kunne leie landet under forhandlingane om Brexit og ville gå av som statsminister. Etter ein kort politisk prosess blei Theresa May, som hadde hatt ministerpostar i regjeringa til Cameron, vald til statsminister. Boris Johnson, som var leiar for dei som ville ut av EU, blei utanriksminister. David Cameron gjekk òg ut av Parlamentet i september 2016 og har seinare engasjert seg i verksemder i sivilsamfunnet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Olav Lahlum og Øyvind Bratberg: Britiske statsministre 1900–2015, Oslo 2015

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg