Anders Hovden

Faktaboks

Anders Hovden
Født
6. april 1860, Ørsta
Død
26. november 1943, Aker (nå Oslo), urna nedsett på Ørsta kyrkjegard

Portrett. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Anders Hovden
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Anders Hovden var ein norsk prest, diktar og folketalar. Han er ein av dei fremste norske salmediktarane og bidrog med over 200 eigne og gjendikta salmer til Nynorsk salmebok (1925). Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han. Han hadde diktargasje frå 1931.

Bakgrunn

Anders Hovden var fødd i Hovdebygda i Ørsta og døydde i Oslo. Han var odelsgut til «den magre gard», småbruket der foreldra streva for levemåten. Faren var i tillegg fiskar ute på Sunnmørshavet, og havet, stormen og fiskaren vart viktige omgrep for Hovden, både i livet og i diktinga. Han skreiv i mange ulike sjangrar, og gav ut om lag førti bøker. Saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen stod han bak Nynorsk salmebok, som kom i 1925.

Han utdanna seg til prest i Kristiania, og var prest på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. I 1891 gifta han seg med Lina Marie Devold. Ho døydde fire år seinare, i 1895.

Anders Hovden døydde i heimen sin på Nordstrand i 1943. Han er gravlagd på Ørsta kyrkjegard, ved sida av far sin, slik han ønskte.

Tidlege år

Berre 15 år gamal kom Anders Hovden til lærarskulen i Volda. Deretter reiste han til hovudstaden som student. Der fekk han vanskar med pengeløyse og sjukdom, men ein sambygding berga han. Det var Ivar Aasen, som etter kvart kosta utdanninga hans fram til presteeksamen. Aasen vart som ein ny far for Hovden. I studietida engasjerte Hovden seg i samfunnsspørsmåla som var framme i 1880-åra: folkestyre, målsak og andre kulturspørsmål, noko han heldt fram med heile livet.

Norskdom 

Hovden var sterkt engasjert i norskdomsrørsla. Han var såleis med då Noregs Mållag vart skipa i Oslo første helga i februar 1906. I ein artikkel i Syn og Segn fortel Kjell Venås: «Det var nattmøte som ikkje var over då ljoset gjekk, og det vart mørkt i halla. ’Men me hev ljos innvertes!’ ropa Anders Hovden og sette i syngje ’Mellom bakkar og berg’.»

Nære dødsfall

Hovden fekk tidleg oppleve dødsfall som gjekk hardt innpå han: faren Karl, kona Lina Marie, dottera Arnhild og venen Per Sivle. Det sat lenge i Hovden at faren ikkje fekk gravtale og skikkeleg minnestein. Etter at han sjølv hadde vorte prest, ordna han i 1915 med minnestein og gravtale – det vakre diktet «Handi hans far min».

Folketalar og prest

Hovden vart folketalaren framfor nokon. Han engasjerte seg i den frilynde ungdomsrørsla. Det likaste han visste var å tale til ungdomen. I samarbeid med dei arbeidde han for at nynorske salmar og liturgi vart nytta i kyrkjer rundt om i landet. Nynorsken vart sungen inn i kyrkjene!

Motstand

Hovden fekk prestekall på Lista, i Krødsherad, i Melhus, Østre Toten og i Ålesund. I alle prestekalla vart det sett i gang aksjonar mot han. Riksmålsfolket ville ikkje ha denne fæle målmannen til prest. Hovden kom, vann og vart godt likt både som prest og menneske. Einaste unntaket var Ålesund, der sa han frå seg kallet og skreiv i Sunnmørsposten: «Eg var sokneprest i Ålesund i 14 dagar og tenkjer det var just høveleg lang tid.»

Hovden hadde sans for ironi og skjemt, også når det råka han sjølv. Nokre prestar var samla, og samtalen gjekk om kva for prestekall som var mest ettertrakta økonomisk. Då seier Hovden: «Det er underleg med Den Heilage Ande korleis ho driv oss til stendig feitare kall!»

Diktaren

I desember 1920 tok Det Norske Samlaget opp tanken om ei nynorsk salmebok og fekk Hognestad, Støylen og Hovden til å stå for arbeidet. Dette møtte sterk motstand mellom anna frå presteforeininga. Om drøftingane internt skriv Hovden: «Hognestad var klok og kald, Støylen var klok og varm, men eg var nok berre varm!» I slutten av 1920-åra vart han spurd om å omsetje salmar til nynorsk til Sangboken. No kom det fram kor sterke motsetningane var i kristenlivet i Noreg, og at namnet Anders Hovden ikkje var særleg omtykt i konservative krinsar. Sekretæren for nemnda, Lars Aanestad, fekk i oppdrag å spørje Hovden om namnet hans kunne utelatast i boka. Hovden sa ja til det. Vart arbeidet hans nytta, så var han nøgd, svara han. Dette syner kor raus Hovden var, også andsynes motmenn.

Utgivingar

Hovden lét etter seg ein stor produksjon bøker og artiklar. Han gav ut ei rekkje diktsamlingar frå debuten med Sunnmøringen (1894) til Kornmo (1941). Dikt som «Handi hans far min» og salmen «Fagert er landet du oss gav» høyrer til det kjæraste og mest kjende i den norske bokheimen; den siste er frå samlinga Solhòv (1907). Romanane Odd (1896) og Gate og grend (1905) gir sjølvopplevde inntrykk frå livet til ein bondestudent. Memoarboka Attersyn (1926 og 1943) gir verdifulle tidsbilete.

Han gav også ut forteljingar (mellom anna for born), skodespel og ikkje minst salmar, i alt om lag 40 bøker. Det er som salmediktar han når høgast, og etter Elias Blix er han den fremste nynorske salmediktaren. I Nynorsk salmebok (1925) stod Hovden bak 209 av salmane – 128 originale og 81 omsette.

Fedrelandet 

Hovden hadde mange vener og åndsfrendar, mellom anna Per Sivle, som han hadde ein nær venskap til. Hovden lét han få bu hos seg i prestegarden på Lista eit heilt år. Sivle var sterkt plaga av sjukdom og depresjon. Sivle og Arne Garborg inspirerte Hovden til dikting. Salmen «Fagert er landet» er den mest kjende og nytta av salmane hans. Salmen vart til ein vakker vinterkveld i 1907 i Krødsherad, då Hovden gjekk seg ein skitur langs Krøderen. Særmerkt for salmane hans er den enkle biletbruken knytt til heimen, bygda og ikkje minst arbeidslivet til fiskarane og bøndene.

Fedrelandstanken var sterk i diktinga hans. Men for han var ikkje fedrelandsomgrepet sjåvinisme. Han såg på fedrelandet som ei gåve frå Gud. Han var oppteken av at vi òg må vere opne for det positive utanfrå.

Verk

Salmesamlingar

  • Salme og Song, 1905
  • Vert ljos!, Bergen 1914
  • Salmar, Bergen 1920
  • Postludium, 1939
  • redigering av Nynorsk salmebok (saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen), 1925

Forteljingar (eit utval)

  • Laak Lagnad (under pseudonymet Karl Koll), Bergen 1893
  • Odd, 1896
  • Gate og Grend, 1905
  • Stormfugl (forteljing på vers), 1906
  • Liv og lagnad, 1908
  • Have der vest (forteljing på vers), 1912
  • Paa styrebrui, 1916
  • Rudningsmenn, 1919
  • Rotlaus, 1932
  • Full fart forover!, 1935

Diktsamlingar (eit utvalg)

  • Sunnmøringen, Bergen 1894
  • Tungalda, 1897 (ny utg. 1924)
  • Solhòv, 1907
  • Utpaa djupi og andre dikt, 1909
  • Paa fallreipe, 1917
  • Haust, 1930
  • Fagnafolk, 1938
  • Kornmo, 1941

Andre sjangrar (eit utval)

  • Heim og Hamn 1. Preikor, 1898
  • Heim og Hamn 2. Taler, salmar og songar. Ny samling, Voss 1902
  • Per Sivle. Ei livssogu, 1905
  • Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren. Ei minneskrift um livsverket hans, 1913
  • Ivar Aasen i kvardagslaget, Trondheim 1913
  • Helga den fagre. Sogespel i tri vendingar, 1915
  • Attersyn, 1926 (ny, auka utg. 1943)
  • Heim og hamn 3. Preikesamling, 1943

Etterlatne papir

  • Alle originalmanuskripta, Hovdens dagbøker og mange brev finst i Handskriftsamlinga, NBO

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Stud. 1881, 1906, 1931
  • R. Thesen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • P. E. Rynning: «Dei fire store i norsk salmedikting: Landstad – Blix – Støylen – Hovden», i NTT 1944, s. 1–22
  • Ø. Hovden: Anders Hovden Eit nærportrett, 1960
  • O. Midttun: Anders Hovden. Liv og dikting, 1960
  • Ø. Hovden: Anders Hovden i kvardagslaget, Trondheim 1972
  • I. Havåg: Guds opne faderfamn. Biletbruk og tematikk i Anders Hovdens salmar, hovedoppgave UiO, 1985
  • T. Urke: Anders Hovden, Volda 1987
  • D. Thorkildsen: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre, KULT skriftserie 70, 1996
  • T. Urke: «Anders Hovden. Ein fullriggar med foss om baugen», i H. Kjølås (red.): 100 år 100 navn. Personar som har preget hundreåret på Nordvestlandet, 2000, s. 126–128
  • J. K. Engeset: Anders Hovden, Diktarprest og folketalar. Oslo 2002

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg